søndag 9. april 2017

Palmesøndag 2017

Vi feirar Palmesøndag i St. Ansgar med prosesjon, opplesing av  heile Kristi lidingssoge og messe.
Innleiinga er Salme 24.




Ein salme av David. (Salme 24)
        
          Jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til,
          verda og dei som bur der, er hans.
          
   
  2 For han har grunnlagt jorda på havet,
          grunnfest henne på strøymande vatn.
          
   
  3 «Kven kan gå opp på Herrens fjell,
          kven får stå på hans heilage stad?»
          
   
  4 «Den som har skuldfrie hender og eit reint hjarte,
          som ikkje lengtar etter løgn og ikkje gjer falsk eid.
          
   
  5 Han blir velsigna av Herren
          og får rettferd frå Gud, sin frelsar.»
          
   
  6 «Dette er ei slekt som spør etter han,
          som søkjer ditt andlet, Jakobs Gud.» 
          
   
  7 «Lyft dykkar hovud, de portar,
          ja, lyft dykk, de eldgamle dører,
          så kongen, den herlege, kan koma inn!»
          
   
  8 «Kven er då kongen, den herlege?»
          « Herren, sterk og mektig,
           Herren, mektig i strid.»
          
   
  9 «Lyft dykkar hovud, de portar,
          ja, lyft dykk, de eldgamle dører,
          så kongen, den herlege, kan koma inn!»
          
   
 10 «Kven er han då, kongen, den herlege?»
          « Herren Sebaot, han er kongen, den herlege.»


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar