fredag 14. april 2017

Fotvaskinga Skjærtorsdag

   12 Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, tok han plass ved bordet att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? 13 De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. 14 Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre.15 Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera. 16 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han. 17 No veit de dette. Og sæle er de så sant de gjer etter det. 

Teksten for Skjærtorsdag er frå Johannes evangeliet 13.kap  der Jesus vaskar føtene til læresveinane. Fotvaskinga inngår også som ein del av liturgien under messefeiringa denne kvelden. Presten vaskar føtene til tolv menn i menigheten.
Pave Benedikt skriv utfyllande om dette i sin trilogi "Jesus fra Nasaret".
Ordet rein går igjen i denne teksten. Reinheitsforskrifter spelar ei sentral rolle i alle religionar, det gir menneska ei forestilling om at Gud er heilag, for å tre fram for han må ein vera "rein". I jødedomen på Jesu tid var reinheit oppnådd gjennom rituelle handlingar heilt sentralt. Jesus snur opp ned på dette: " Rituelle handlinger renser ikke. Renhet og urenhet oppstår i menneskenes hjerter og er er avhengig av hjertets tilstand."  I talen om "Det sanne vintreet" uttrykkjest det:" Det er alt reine på grunn av det ordet  eg har tala til dykk." (Joh 15.3)
Dette bryt også fundamentalt med den greske platonske tekninga.Vi blir ikkje reine ved å stiga opp over materien, men " I kristentroen er det derimot nettopp den Gud som ble menneske som gjør oss virkelig rene og som trekker skapningen inn i enhet med Gud."

Korleis kan vi så forstå fotvaskinga ? To tolkingar har blitt framheva. Dels kan ein forstå dette reint forbilledleg, altså moralsk, på den andre sida har fotvaskinga blitt tolka  som ei symbolmetta handling som peikar fram mot Jesu død. Pave Bendikt meiner desse tolkningane blir for snevre, styrt av vestleg logikks tenkemåte. For Johannes høyrer Jesu gåve og den vidare verknad i disiplane saman. Pave Benedikt framhevar så to kategoriar som kan illustrera dette nemleg sacramentum og exemplum, som og har gjensidige berøringspunkt. Med sacramentum meiner ein ikkje eit særskilt sakrament, men heile Kristi mysterium, hans liv og død i det han kjem til oss i våre liv og omdannar oss.
"Oppfordringa om å gjøre som Jesus gjorde, er ikke et moralistisk vedheng til mysteriet eller en motsetning til det, den følger av gavens indre dynamikk, med hvilken Herren gjør oss til nye mennesker, tar oss opp i sitt eget." Og vidare skriv han:"Jesu gjerning blir vår gjerning , fordi han selv handler i oss."


" Gaven - sacramentum - blir til exemplum, til forbilde, og forblir allikevel gave. Å være kristen er først og fremst gave, men den utfolder seg i dynamikken som er å leve og handle med Ham som er gaven."




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar