mandag 18. juli 2016

Elie Wiesel in memoriam

Det er etter kvart ikkje mange igjen som opplevde holocaust, overlevde mot alle odds og var istand til å fortelja om det etterpå. Samuel Steinmann den siste av dei 32 norske jødane som overlevde dødsleirane,døydde i fjor. 2.juli i år døydde så han som vel internasjonalt var den mest kjende overlevande frå holocaust, nemleg Elie Wiesel. I heile etterkrigstida har han vore ein markert forkjempar for fred, forsoning og menneskeverd. Tilgje, ja, men aldri gløyma det forferdelege som skjedde for over sytti år sidan. For det motsatte av kjærleik er ikkje hat men likesæle!

Elie Wiesel var rumensk jøde, fødd i byen  Sighet i Transilvania i 1928. Lik så mange europeiske jødar vart han og hans familie deportert til nazistanes dødsleirar, Elie var berre 16 år då han opplevde at mor og søsken  vart sendt rett i gasskammeret. Elie og faren vart plassert i arbeidsleir, der han på mirakuløst vis overlevde, men faren døydde like før frigjeringa. Etter krigen kom han til Frankrike der han studerte litteratur og filosofi ved Sorbonne. I utgangspunktet var han innstilt på å teia om sine erfaringar frå dødsleirane, men forfattaren Francois Mauriac overtydde han om at hans kall var å skriva, og etterkvart kom romantrilogien "Natten", "Daggry" og "Dagen" men tema frå holocaust. Seinare har det kome ei rad bøker og artiklar frå Elie Wiesels hand. Etterkvart markerte han seg som ein uredd forkjempar for menneskeverd og forsoning, og han  var ein mann statsleiarar lytta til. Så seint som i 2009 var han i Buchenwald saman med Barack Obama og Angela Merkel. Han  fekk ei rad prisar og æresbevis, viktigast kanskje Nobelsfredspris i 1986. Elie Wiesel var aktiv i ei rekkje humanitære organisasjonar, og stifta sjølv "Elie Wiesel Foundation for Humanity".
Ein raud tråd i livet  hans var  å tilgje men aldri gløyma, og når han no er borte frå ei verd som er meir prega av hat og vald  enn på lenge, er det viktig at denne raude tråden ikkje vert broten. Vi må aldri gløyma Elie Wiesel og det han stod for!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar