lørdag 1. november 2014

Wilfrid Stinissen: som en skatt...

1.november, vi feirar Alle Helgens dag - Festum omnium sanctorum. Ein festdag for alle helgenar både store og små, kanskje mest for dei siste. Dei store har jo ofte sine eigne festdagar i løpet av det liturgiske året. I Allehelgenslitaniet blir dei alle anropt.
Eg les preika for dagen i dag i Wilfrid Stinissens bok "Som en skatt..." Dette er ei samling med preiker som først vart utgjeven i 1998, men som no er gjev ut på nytt i en utvida versjon på Artos forlag. Det er snart eit år sidan broder Wilfrid døydde, men han etterlot seg bøker og artiklar vi kan leva på i lang tid. Skrifter som gjev andeleg vegleiing og innsikt både for nybyrjarar og dei som er kome lengre på den indre bønas veg. Desse preikene er som alt det andre han har skreve prega av djupt innsikt i det som er den kristne truas kjerne, ein innsikt han og evnar å formidla til oss også etter at han har gått inn til det evige livet. Det vil vera naturleg å lesa desse preikene for den festdagen eller vanlege søndagn dei er skreve for.  Preika for "Alle helgons dag" har undertittelen  "Inte leva med døda utan med levande." Med døde kan vi ikkje ha fellesskap, men det kan vi med dei heilage.Om vi ser på våre avlidne vener som døde er vi einsame att. Men om vi ser på dei som heilage, lever vi i deira nærver meir enn då dei var med oss på jorda. Å gå inn i Gud er å gå inn i eit hav av lys og kjærleik og så sjølv bli ein levande eld av kjærleik. Det er alle dei "små" heilage, dei anonyme som lever i det stille og kanskje ikkje gjer så mykje av seg, men som har levd i livslang bøn for andre.
Alle helgens dag er ein festdag spesielt for alle desse "små" helgenar, dei store "får hålla sig lite i bakgrunden før at ge plats åt den enorme skaran av oanseliga, anonyma, små helgon."
Å feira dei heilage er å få del i eit fellesskap.Vi får gleda oss over andres skattar, for dei er og våre skriv broder Wilfrid. Hadde det ikkje vore rart å stå  einsame, som individualistar framfor Gud, når Gud sjølv , Faderen, Sonen og Anden, er fellesskap ? Brura er heile Kyrkja . Alle er med !Vi er utrusta med heilage. Så stor ein rikdom ! Om for ein dårskap å ikkje nytta seg av den! avsluttar  broder Wilfrid.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar