mandag 3. november 2014

Pave Frans om "Big bang" og evolusjonsteorien

Pave Frans uttalte seg nyleg om "big bang" og evolusjonsteorien i samband med avdukinga av ei byste av pave Benedict i Det pavelege Vitskapsakademiet. Media oppfatta det i etterkant som om Kyrkja hadde snudd og fått eit nytt syn på desse grunnleggjande teoriane.
Br.Guy Consolmagno, jesuitt og astronom korrigerte denne misoppfatninga. Paven sa ikkje noko læremessig  nytt, eller noko som bryt med katolsk tradisjon.
"Big bang" som ein i dag antek er opphavet til universet står ikkje i motsetnad til ei guddommlege skaparhandling, men er  snarare naudsynt for denne.
Evolusjonen i nauren står heller ikkje i kontrast til til tanken om ei skaping, då evolusjonen forutset skapinga av dei artar som utviklar seg.
Br. Consolmagno peika på at pave Frans sine ord ikkje står i motsetning til det tidlegare pavar har sagt om dette temaet. Pave Johannes Paul tok det opp fleire gonger mellom anna i talen "Sanning motseiar ikkje sanning" i Det pavelege Vitskapsakademiet. Pave Pius XII var inne på det same i 1952 i ein tale til Den internasjonale astronomforeininga.
Det har alltid vore ein tradisjon for naturvitskapeleg interesse i Kyrkja. Consolmagno peika på munken Gregor Mendel som la grunnlagte for genetikken, og presten Georges Lemaitre som tidleg vare inne på teorien om "big bang." Men Kyrkje tek ikkje lenger standpunkt i vitskapeleg kontroversar.
Vitskapen er fri til å beskriva og forklara verda, men har ikkje det sist ordet og er basert på oppfatninga av eit rasjonelt univers som eksisterar som ein følge av Guds skapande handling.

Forvirring oppstod og omkring pavens utsagn om at Gud ikkje må oppfattast som ein magikar eller demiurg. Enkelte oppfatta dett som om paven hadde sagt at Gud ikkje er guddommeleg.
Br. Consolmagno korrigerar igjen, det paven uttrykte er at den kristne Gud ikkje er lik ein heidensk naturgud eller gnostikaranes demiurg, men ein skapargud som gjev eksistens til alle ting.
Katolikkar går god for tanken om naturlover som forklaring på korleis naturen oppfører seg, fordi dei ikkje blandar desse lovene saman med Guds handlingar.

Gud er årsak til at universet eksisterar, inkludert tid, rom og naturlover. Vitskapen søkjer å finna ut korleis desse lovene fungerar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar