søndag 2. november 2014

Allesjelersdag

Dagen etter Allehelgensdag som er ein minnedag for dei heilage, feirar vi allesjelesdag som er ein minn - og forbønsdag for alle avdøde. Dagens messe blir feira som Requiem messe - Missa pro defunctis. Gjennom musikk- historien er mange kjent med innleiingsorda til denne messa: Requiem æternam dona eis Domine, et lux perpetua luceat eis (Herre, gje dei den evige kvila, og la det evige lys skina or dei).
Det er haldepunkt for at alt i det første hundreåret vart det feira minnedagar for dei døde. Mellom anna inskripsjonar i katakombene tyder på dette. Feiringa vart etter kvart lagt til november i den vestlege kyrkja, og frå 1582 var datoen 2. november. Allesjelersdag er ein minnedag for alle døde, men vel så viktig er det at det er ein forbønsdag for våre avdøde. Dagens lesningar understrekar dette, 2.Makkabearbok 12 der det står om forbøn for dei døde, og dessutan teksten i Johannes  kapittel 11. der det står om Jesu oppvekking av Lasarus.
Etter katolsk tru kan vi hjelpa sjelene i purgatoriet ( skjærselden ) ved å be for dei. Mange negative assosiasjonar har vorte knytta til omgrepet skjærseld. Då er det fint igjen å kunna gripa til Wilfrid Stinissens utlegging i preika for denne dagen. Han ser på himmelen som ein stor katedral, og skjærselden som våpenhuset eller forhallen før inngongen. Der må ein legga av alle sine våpen, dvs. alt det som ein i løpet av livet har brukt som motstand mot Guds kjærleik. Eit fint og forståeleg bilete.

 
Livet etter døden har alltid oppteke menneska, neppe mindre i dag enn tidlegare tider. Forskjellen er kanskje at vi ikkje har våre forfedres verdsbilete der livet etter døden var noko heilt sjølvsagt. Både populærlitteraturen og vitskapen grip til erfaringar i grenselandet mellom liv og død, dvs. " Nær-døden opplevingar" eller uttrykt meir medisinsk " Awareness during resucitation." Den amerikanske filmen "Heaven is for real" som nyleg gjekk på norske kinoar hadde dette som tema. Den amerikanske hjernekirurgen Eben Alexander kom for to år sidan med ei bok der han fortel om eigne opplevingar i grenselandet til døden då han låg mange dagar i koma med livstrugande hjernehinneinfeksjon. Før det var han agnostiker, etter denne opplevinga framstod han som overtydd om at det er noko etter døden. Universitet i Southampton har nyleg studert dette vitskapeleg ved å intervjua 130 pasientar som ovelevde hjertestans (AWARE study), fire av 10 fortalde om ein form for medvit etter at hjertet hadde slutta å slå. Frå skeptikarane har det blitt hevda at dette ikkje provar noko som helst, desse personane vende tilbake til livet og var sånn sett ikkje døde. Det dei opplevde kan forklarast utfrå prosessar i hjernen under stress og surstoffmangel. Dei har absolutt eit poeng her, desse erfaringane i grenselandet mellom liv og død har stor innverknad på dei som har opplevd dei, men kan ikkje takast for prov om eit liv etter døden for alle oss andre. Vi må inntil så lenge stola på trua og det Kyrkja lærer om dette.
 
 
 
 
Kvinnherad kyrkje frå 1200 talet der mange av mine forfedre er gravlagt.
 
Den engelske komponisten John Rutters ( f. 1945) Requiem frå 1985:
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar