onsdag 19. november 2014

Overgrep mot armenarane

Avisa "The Independent" skreiv nyleg om den islamistiske gruppa Jabhat al-Nusras åtak på ei armensk kyrkje i Deir el-Zour i det nordlege Syria. Kyrkja vart sprengd, det armenske arkivet med dokumentasjon om folkemordet vart brend, knoklane til martyrane som var gravlagd i kyrkja kasta ut på gata. Kanskje ikkje så ille samanlikna med dei mange massakrane på kristne i Syria og Irak, men  for det armenske folket var dette å få reve opp gamle sår på ein svært brutal måte.
Til neste år er det hundre år sidan tyrkarane sitt folkemord på den armenske minoriteten der  om lag ein og ein halv million menn, kvinner og born vart foredrevne frå heimane sine og møtte døden ute i ørkenen. Mange flykta til Syria og inntil nyleg var det ein stor armensk minoritet i Aleppo. Kyrkja i Deir el-Zour vart bygd på midten av 1800 talet, og vart etter folkemordet dedikert spesielt til minne om martyrane. Her låg restane etter mange martyrar og her vart det bygd opp eit arkiv som dokumenterte folkemordet. Kvart år den 25. april har armenarane samlast her for å minnast sine døde, til neste år ville det bli ei spesiell markering i og med at det var hundre år sidan ugjerninga.
Den armenske presten hadde fått lovnadar frå islamistane om at kyrkja skulle sparast, men det hjelpte lite. Kanskje ikkje så rart, islamistar har vel ikkje akkurat vist seg å kunna stolast på.

Tyrkia har aldri vedgått å ha skuld i folkemordet på armenarane, og mange armenarar meiner at det korrupte regimet i Tyrkia har ei hand med i spelet og i løynd har støtta Jabhat al-Nusra. Då kurdarane kjempa fortvila mot IS i Nord-Irak stod tyrkiske styrkar eit par hundre meter unna og såg på. Mange stiller spørsmål om Tyrkias rolle i denne konflikten. For armenarane er folkemordet i 1915 like aktuelt som om det skulle ha føregått i går. Ingen brydde seg om armenarane i 1915 og knapt noko ser ut til å gjera det i dag heller !

Kyrkja i Deir el-Zour etter islamistane sitt åtak

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar