Kreftsjuke Brittany Maynard døydde i Oregon 01. november i år 29 år gammal. Oregon er ein fire statar i USA som tillet legeassistert sjølvmord, dei tre andre er Washington, Montana og Vermont. Brittany hadde saman med mannen flytta frå heimstaten California for at ho skulle kunna nytta seg av denne lovfesta retten i Oregon. Brittany Maynard fekk diagnosen hjernesvulst i januar i år, ho hadde den mest alvorlege forma (glioblastom), og i april fekk ho og familien beskjed om at det ikkje var meir å gjera medisinsk, og at ho hadde om lag seks månadar igjen å leva. Brittany annonsert at ho ville nytta seg av retten til legeassistert sjølvmord og "die with dignity." Dette skapte stor debatt i USA der organisasjonen "Compassion and Choices" lenge har arbeidd for liberalisering av lovverket når det gjeld retten til sjølv å avgjera når livet ikkje lenger er verdt å leva. I Oregon har over 750 nytta seg av denne retten sidan lova vart endra i 1997, sånn sett var ikkje Brittanys historie eineståande på nokon måte. Forskjellen var at ho var svært ung, vakker og nygift og sånn sett gjorde nok hennar historie eit mykje sterkare inntrykk enn mange andre, og "Compassion and Choices" nytta seg medvite av dette. Karakteristisk nok var det denne organisasjonen og ikkje familien hennar som annonserte at ho døydde 1.november av ein overdose medikament skreve ut av lege. I eit CNN intervju like før seier ho:" Jeg håper at alle mine amerikanske medborgere, som jeg aldri vil få møte, skal ha samme mulighet som jeg har."
Debatten om retten til å døy når livet oppleves uuthaldeleg pågår i dag i dei fleste vestlege land, og som eg tidlegare har skreve om er det Be-Ne-Lux landa som har kome lengst i denne prosessen i det dei har lovfesta retten til eutanasi. Sveits og dei før nemnde amerikanske delstatane gjev rett til legeassistert sjøvmord. I Norge ligg vi framleis litt etter i denne utviklinga, men også hos oss er opinionen på gli i dette spørsmålet. " Dødshjelp vil bli akseptert som abort er i dag" seier professor i filosofi Lars Johan Materstvedt som lenge har engasjert seg i medisinsk-etiske spørsmål. Hans grunngjeving er at vi blir meir og meir individualistar, og dermed til ei var tid vil ha full kontroll på kor mykje liding vi skal halda ut og når nok er nok. Men dette er ein farleg veg: "Hvis eutanasi blir normalisert, vil det ligge en forventning om at man ber om det. Særlig hvis du ligger på lindrende avdeling og føler at du bare er til bry, koster mange penger og er til plage for familien din." seier ha vidare.
Humanetiker og overlege Morten Horn som og har engasjert seg sterkt i desse spørsmåla kommenterar Brittany Maynard saka før ho døydde. Han oppfattar henne ikkje som ein håplaust lidande person, det dreier seg meir om retten til å kontrollera dødstidspunktet sitt. Han meiner at dette ikkje alltid handlar om å lindra uhaldbar liding, men om å hjelpa menneske til å skapa den perfekte død. Altså igjen vårt ekstremt individualistiske samfunn der vi skal ha full kontroll over fødsel, liv og død. Men dette er ein illusjon, vi vil aldri nokon gong få full kontroll. Vi er grunnleggjande einsame i tilveret, og dette kravet om full kontroll gjer oss bare meir einsame. Mest alvorleg er det likevel at dette er ein del av den "dødens kultur" som pave Johannes Paul så sterkt åtvara mot. Dessverre er den ingen grunn til ikkje å rekna med at om eit par ti år vil alle vestlege land inkludert Norge ha tilsvarande lovgjeving som i Be-Ne-Lux landa.
Den katolske bloggaren Leila Miller har i eit innlegg om denne saka og ho avsluttar slik:
"And one last thing: Miracles, even on a massive scale, do still occur."
Brittany Maynard før sjukdomen ramma henne.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar