Smilet og min danske bestefar som eg aldri møtte.
Eit djupt og
melankolsk alvor ligg over alle andleta som ser mot oss frå attenhundretalets
portrettfotografi. Det gjeld ikkje berre familien som er samla rundt kista til
det døde barnet, men også dei unge nygifte eller dei to beste- veninnene kledd opp i nye kjolar og fjærpryda hattar.
Alvoret er der heile tida, ikkje antydning til eit lite smil. Men livet var då
ikkje alltid slik den gongen heller ?
Det var ikkje bare sorg og tidleg død ? Stemninga under bryllaupsfesten når dei store høgder,
og dei to veninnene går knisande arm i arm heimover. Men berre ikkje i den
magiske augenblinken der tida stoppar
opp og blir gjeve vidare til oss meir enn hundre år seinare.
Når flytta
smilet inn i biletet ? Den svenske
idehistorikaren Karin Johannisson skriv at det skjer samstundes som gråten blir
borte frå det offentlege rom . Tårene
blir forvist til lønnkammeret men smilet dukkar brått opp. Først hos kvinnene,
for lenge gjaldt smilet som portrettkonvensjon ikkje mennene. Mennenes ansikt
speglar enno dei store og alvorsame oppgåvene, krig og forretningar der
kjenslene er fråværande , sjølvkontrollen opphøgd.
Seks unge
menn er høgtideleg stilt opp til
fotografering, alle kledd i sin finaste stas slik tidas skikk tilsa. Dress med
vest og sløyfe, klokka i brystlomma og kjedet skrått over brystet. Årstalet
manglar men det må ha vore ein gong på midten av 1890 åra. Alle ber alvorets
maske, alle utanom ein !
Du står
ytterst til venstre, den venstre handa kviler mot vestlomma, blikket vendt
utover og framover. Men rundt munnen din leikar det eit umiskjenneleg smil,
venene eller kanskje arbeidskameratane alvorlege på grensa til det sorgfulle.
Ser du noko dei ikkje ser , skjønar du kanskje alt den nye tida, dei nye
konvensjonane ? Eller det heile berre tilfeldig ?
Er biletet
frå Tyskland, eit Tyskland før dei store katastrofane, der du har reist for å
tileigna deg ferdigheitar som skal bli nyttige i arbeidslivet som ligg like
framom deg ?
Snart vender
hundreåret til ei ny tid, modernitetens og dødens hundreår. Du skal få med deg
nesten halvdelen av den nye tida, den meste blodige som skal snu opp ned på det
meste. Ikkje smilets men gråtens og sorgas hundreår, også ditt eige der døden
grip barn og hustru utan hensyn. Sånn sett ikkje noko å smila til denne dagen i
fotoatelieret, men korleis kan du fornemma det, korleis kan du ana det ? Det kan du ikkje for akkurat no er du
tilfreds, utdanninga er ferdig ? Det er fest med kameratar ? Døden så langt
borte, livet undrande nært.