Roseskipet.
Novembernatt i juli
mørkare enn det vi nokon gong
hadde kunna førestilla oss
tettare enn dei regntunge skyene
som utan hensyn løyner for lyset
og sommardagen
vassflata piska av regnbyger og meiningsløyse
vi kunne stått der ved vassbredda
stirrande og angstslegne
vi kunne bøygd oss i sanden
lamma og hatefulle
men nokon reiste seg
reiste seg og strekte kjølen til eit fartøy
eit solskip som ber over angstbølgjene
eit skip som kan kryssa vonløysesjøen
eit roseskip
med segl av tårer og kjærlege ord
med ror av hender som grip mot hender.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar