onsdag 15. desember 2010

New York

Advent i New York. Amerikansk juleførebuing på Manhatten.
Etter eit par dagar med medisinske foredrag av vanleg høg amerikansk standar var det fint å kunna gå ned 5th Avenue forbi alle luksusbutikkar til St. Patricks Cathedral. Katedralen som er den største i USA ligg inneklemt mellom høghus midt på Manhatten ikkje langt frå Central Park og Times Square. Bygd på slutten av 1800 hundretalet etter modell av europeiske gotiske katedralar. Inne er det tettpakka med folk av i alle aldrar til søndagsmessa med erkebiskop av New York Timothy Dolan.
Tett regnbyger set ingen dempar på stemninga denne tredje søndagen i Advent.
Det blir ei fin oppleving på alle måtar. Eg kjenner meg straks heime, dette er ikkje ein ukjent plass i ein fjern storby i USA , der et det same katolske felleskapet som ein kan oppleva heime i Norge eller kvar som helst ellers på kloden. Eukaristien er alltid den same. Det er noko av det store med å tilhøyra ei verdsvid kyrkje.
Ekebiskop Dolan tek utgangspunkt i den fint forseggjorte julekrybba framme til venstre for koret. " Something is  missing" , Jesusbarnet er enno ikkje på plass i julekrybba, det skjer først julafta. Dette "something is missing" overfører han så til det moderne  mennesket og det tomromet det ber inne i seg og som berre kan fyllast av Gud.
Så kan ein til slutt tenna lys framfor Our Lady of Goudaloupe som blir feira denne dagen spesielt av den store latin amerikanske folkegruppa i USA.


                                                                                  www.saintpatrickscathedral.org/homepage

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar