søndag 1. september 2024

Om tru og tvil

 Den spanske filosofen og forfattaren Miguel de Unamuno ( 1864 - 1936) står i den eksistensialistiske tradisjonen etter Pascal og Kierkegaard. Men ulik Kierkegaard som med alle sine verk fell inn i den same kjede av premiss, er det motsatt med Unamuno. Han var ein produktiv forfattar med ei rekkje verk innan ulik sjangrar som spriker i ulike retningar. Men det er tre verk som vi kan sjå i samanheng og som illustrerar den same eksistensialistiske tematikk, det er dei filosofiske verka « Om den tragiske livsfølelse» og « Kristendommens agoni» dessutan den vesle romanen « Martyren, den gode San Manuel». Det tragiske oppstår i motsetnaden mellom tru og fornuft, mellom hjernen som seier nei og hjertet som seier ja. Vi ber i oss ein grunnleggjande lengt etter å vera udøyelege, men fornufta får oss til å tvila. Kanskje er der ingenting og denne angsten for La Nada er det som plager Unamuno. Tru og fornuft blir for han fiendar på grunn av motsatte interesser, dei kan ikkje forsonast og trekkjer i to retningar mot væren og inkje. Men kanskje kan fornufta nytta sin skeptisisme på seg sjølv og dermed bli kasta ned i den avgrunnen der kjenslenes fortviling møter fornufta som har strekt seg utover sanninga. Det er Kierkegaards « det objektive uvisse» der ein har kasta seg ut «paa de 70.000 Favne Vand og dog tror.»

Eg les omigjen « Martyren, den gode San Manuel» som eg las for mange år sidan. Kort fortalt handlar den vesle romanen om landsbypresten Don Manuel, ein tilsynelatande from og oppofrande mann som landsbyens innbyggjar ser på som ein helgen i levande live. Boka er ført med stemma til Angela Carballino som er hans andelege datter, og som kjenner til det tragiske livskjensla presten ber på. Han har tapt trua og kan ikkje lenger forestilla seg eit liv utover døden. Redsla for inkje - La Nada er det einaste han har att. Likevel held han  fram med å preika evangeliet, feira messe og høyra skriftemål med slik styrke og innleving at han vert sett på som ein heilag mann. Don Manuel kan ikkje ta livsgleda frå desse enkle menneska , for dei vil ikkje tola å høyra sanninga! Men kva innebær det eigentleg å ikkje tru, tviler ikkje vi alle meir eller mindre? Ein annan stad skriv Unamuno:« Nåvel, la oss leve dette forgjengelige liv, for det finnes ikke noe annet, mumler tausheten i denne kroken til ham:«Hvem vet?» Den døyande presten taler til Angela:«Du Angela, du skal alltid fortsette å be, be for oss syndere, at vi helt inn i døden skal drømme om kjødets oppstandelse og det evige liv….»

Miguel  de Unamuno vaks opp i ein from katolsk familie, og hadde tenkt på  ein livsveg som prest, men han valgte sin store kjærleik Conca som han gifte seg med i 1891. Seinare kom han på kant på Kyrkja,  og  det vart advart mot romanen, men den vart ikkje satt på index slik hans filosofiske verk. Etter å ha lest boka pånytt kan eg på ingen måte sjå at ho kan truga trua, kanskje tvert om . Eg vel å gå vidare til Pascal  som og var hans inspirator og Forfattaren og nobelprisvinnaren Francois Mauriac som skriv om si gjeld til Pascal. ( forts)



onsdag 21. august 2024

Å leve i Guds nærvær

 « Den helligste, vanligste og nødvendigste øvelsen i det åndelige liv er å leve i Guds nærvær - å venne seg til og glede seg over Hans guddommelige selskap. Man må samtale ydmykt og kjærlig med Ham til enhver tid, i ethvert øyeblikk, uten regler og begrensning, spesielt i fristelsens stund, i lidelse, i tørke og i motvilje og til og med i utroskap og synd.»

Slik skriv den audmjuke franske karmelittmunken broder Lorens av Oppstoda. For han var sjølve kjernen i det andeleg liv å leva i Guds nærver. Han hadde nok forlengst vore gløymt lik dei fleste som levde på 1600- talet, men nroder Lorens etterlet seg skrifter som har gjort han til ein andeleg vegleiar. St.Olav forlag gjev i år ut ei fullstendig utgåve av hans tekstar og brev i norsk omsetjing. Han er ikkje ukjent i Skandinavia frå før, også i protestantisk samanheng, både Frelsesarmeen, Misjonskyrkja og metodistane har oppdaga kva for andeleg skatt vi her har å gjera med!

Kven var denne fromme og audmjuke munken, ukjent i si levetid? Han vart føddi 1614 som Nicolas Herman i Lorraine i det nordøstre Frankrike. Foreldrene var djupt truande og oppdrog han i tråd med det. På denne tida herja Tredveårskrigen og den unge Nicolas vart soldat. Han lei under såvel tyskarar som svenskar og vart såra slik at han etter kvart måtte ta avskil med soldatlivet, sannsynlegvis var det i 1635. Han følte no på eit religiøst kall og søkte råd hos ein slektning som var karmelittmunk. Ei stund levde han som eremitt, men kom etter kvart til karmelittklosteret på Rue de Vaugirard i Paris. Han var då 36 år, to år seinare avla han dei ævige løftene. Så skjer det ikkje så mykje meir i livet til Nicolas, no broder Lorens. Han lever eit stille liv i klosteret, arbeider dels på klosterets kjøkken, dels på skomakerverkstaden inntil han døyr i klosteret i 1691.Men  det er ikkje slutt med det, Abbé Joseph de Beaufort som var ein trufast ven av broder Lorens gjev kort tid etter hans død ut skriftene hans med ein eigen lovtale som innleiing. Etter kvart vart skriftene oversatt og utbreidd i heile Europa, og som sagt også blant protestantar. Slik sett får han også økumenisk innverknad på ettertida.

Kva er det som har gjort han så populær? Han er enkel og liketil, men samstundes djuptpløyande. Han legg som sagt sterk vekt på kva det innebær å leva i Guds nærver og korleis ein kan oppnå det. Dersom Gud er den levande som har skap alt, då er vi som menneske også kalt til fellesskap med Han. Dette knyter han opptil såvel skapinga som inkarnasjonen og oppstoda, og ikkje minst dei teologale dyder. Likesom Johannes av Korset vektlegg han å leva i tru, von og kjærleik! Dette er heller ikkje så vanskeleg, det viktige er bare å ta imot Gud og lata seg elska av han. Det handlar om å først leva i passiv og så i aktiv form -  å først levast og villast av Gud før vi aktivt lever saman med han og vil det som han vil.Dette gjeld ikkje minst i dei små daglegdags ting som utgjer storparten av liva våre.

« Under vårt arbeid og våre andre gjøremål, selv når vi leser eller skriver om det som er om åndelige ting, ja selv i våre ytre andaktsøvelser og muntlige bønner skal vi stoppe opp noen øyeblikk, så ofte som mulig, for å tilbe Gud i vårt hjertes innerste og smake Ham om enn bare i det forbigående, og som om vi stjal oss til det.»




lørdag 10. august 2024

Bo Bergman

 Den aldrande svenske poeten Bo Bergman ( 1869- 1967) sit på balkongen og ser utover Stockholm der han har budd det meste av livet. Det er utanom turistsesongen og Djurgårdsfärjan går mot ein folketom kai. Bo Bergman ser det symbolske i dette: « Charon, du gamla färjman, ro hit ett tag.Mitt namn är Bo Bergman.Nu kommer jag.» Ikkje lenge etter blir han bønhøyrt, og går inn i det store ukjente etter 98 år på jorda.

Kom när jag sover

men väck mig inte.

Lägg din iskalla hand

på min panna,

så går febern över,

den gamla envisa febern

som kallas livet.

Bo Bergman levde eit svært langt og produktivt liv som forfattar, journalist, kritikar, mange årig medlem av Svenska Akademien, men kanskje ikkje eit lukkeleg liv. « Varför ska ödet hårdast slå dem som älska mest?» Han fekk aldri Maria Almqvist som han møtte som heilt ung og vart forelska i. « Hon var den rätta, den enda, den nödvändiga.» Dei vart aldri eit par, men heldt kontakt og brevveksla heile livet. Han skildrar det i det vakre diktet «Stjärnöga» som eg tidlegare har sitert.

Bo Bergman skreiv romanar, noveller og memoarfragment, men han var framfor alt lyrikar, ein av dei mest leste i si samtid sjølv om han nok kom noko i skuggen av venen Hjalmar Söderberg. Han skreiv i tradisjonell form og hadde liten sans for modernismen, melankolsk og melodisk og mykje av det han skreiv er blitt tonesatt. Tematisk er han også tradisjonell, han skriv om kjærleik og lengting, om døden og tida som går, om møte og avskjed.

Nu är flamman

slocknad, bara

tidens långa flöde

glider jämt

förbi.

Vara samman,

skiljas, fara,

det är så vart öde

är bestämt

att bli.

( frå Avskedet)

Eg les på ny « Vårfrost» som er ei samling med både lyrikk og noveller. Per Wästberg som kjente Bo Bergman godt har skreve eit innsiktsfullt portrett av forfattaren og hans samtid. Han er nok lite kjent i Norge, men vel verdt å bli kjent med for alle som set pris på fin poesi!





Teresa Benedikta av Korset

 9.august er minnedagen for Den heilage Teresa Benedicta av Korset ( Edith Stein 1891 - 1942). Filosof, karmelittnonne, martyr og helgen. Alt skytshelgen for Europa og sannsynlegvis snart  kyrkjelærar!

Eg har nyleg skreve om henne , men her kjem eit lite poetisk bidrag om ein person eg ser grenselaust opp til!

Teresa  Benedikta av Korset

Ikkje trua til fedrene,

men tanken din

som lodda nærare og djupare

i alt det som finst.

Ei svevnlaus natt med

soga om Teresas veg i Karmel,

morgonsola kjem med Sanninga.

Den gamle pakta i den nye,

vatnet som frelsar og heilaggjer,

trua så vel som tanken

næra av Thomas skarpe logikk.

Porten til Karmel har opna seg,

Korset  ventande på dine ord

og din lagnad.

Martyriet i aust,

eit såra Europa ber sin skytshelgen

om enno større nåde.



 

søndag 4. august 2024

Frå nihilisme til tru

 I det siste har det vore fleire intervju i media med yngre menn som er på veg til eller har funne sin plass i Den katolske eller ortodokse kyrkja. Sjølv om det ikkje er noko eksakt tall på dette, blir det av enkelte oppfatta som ein trend. Simen Andreas på 31 år er ein av desse, han fortel om ein bakgrunn  frå protestantisk kristendom, men han oppfatta seg som agnostikar frå konfirmasjonsalder. Han kunne ikkje slå seg til ro med dette og søkte vidare både i protestantiske retningar og buddhisme, han gjekk på bibelskule og studerte religion. Det fungerte dårleg og han kom ut av det  som ateist. Lik mange unge menn lytta han til Jordan Peterson på YouTube, det førte han vidare til ortodokse Jonathan Pageau som vart ein døropnar mot ortodoksien der han etterkvart fann sin plass. Tilsvarande historiar finn vi i truskursa til Den katolske kyrkja, med fleire års erfaring som undervisar er mitt inntrykk at det no er flest søkjande unge menn som kjem til oss. Naturlegvis kvinner og litt eldre og, dessutan barnefamiliar, men absolutt eit poeng i at vi her ser ein trend, om enn langt frå å vera ei stor rørsle! Mange har vore innom andre retningar både kristne, austlege religionar og filosofiske system. Enkelte har slite med depresjonar som kan vera vel så mykje eksistensielle som psykologiske. Interessant er her også den aukande skilnaden ideologisk og politisk mellom unge kvinner og unge menn som er observert i det siste. Kvinner er meir liberale og går mot venstre, menn meir konservative og orienterar seg mot høgre. Det er neppe heile forklaringa, men med ei konservativ haldning søkjer ein kanskje lettare mot det stabile og varige ? Både katolisismen og ortodoksien har sin røter i oldkyrkja , og er kanskje meir medvitne om det enn dei fleste protestantiske retningar! 

Men det som utan tvil er karakteristisk for vår tid er ei oppløysing av tradisjonar, normer og etikk i mykje større grad enn det vi har sett tidlegare i historia. Der ein tidlegare gjekk inn i ein kulturell og religiøs tradisjon lagt der av tidlegare generasjonar, er det no opp til deg sjølv å finna ut av dette merkelege tilveret og finn den vegen som dine indre kjensler peiker på! Det er ikkje så rart at mange havnar i eit nihilistisk mørke som i neste omgang kan utvikla seg til ein depressiv tilstand. Vi må ikkje gløyma at dødsårsak nummer ein for unge menn er suicid! 

Kva har vi i såfall å tilby desse søkjande unge menn og kvinner? Noko konkret og varig, noko som har stått i totusen år og i langt mindre grad enn verda rundt har forandra seg. Noko som ikkje er avhengig av kva den enkelte kjenner på til ei kvar tid, noko som legg større vekt på det store fellesskapet av levande og døde og ikkje deg og Jesus åleine. Noko som er synleg gjennom dei sakramentale nådemiddel som føl oss frå spebarnsalder til død! Definitivt eit godt alternativ til nihilisme og mørkre.





tirsdag 30. juli 2024

National Eucharistic Congress

 Messa med eukaristifeiring er sjølve kjernen i katolsk praksis. Nylig var det ekstra fokus på Eukaristien i USA der den Nasjonal Eukaristiske  kongressen vart markert i Indianapolis, Indiana 17-21 juli i sommar. Meir enn 50.000 truande frå heile USA møttest i Indianapolis i det som dei amerikanske biskopane lanserte som inngangen til ei «National Eucharistic Revival». Målet med dette er å « renew the Church by enkindling a living relationship with the Lord Jesus Christ in the holy Eucharist.» Mange kom som ekte pilegrimar over fire ruter lagt opp frå ulike delar av landet. I tillegg til legfolk deltok meir enn 1600 prestar, biskopar og kardinalar, dessutan over 1000 ordensfolk. På programmet stod foredrag, messe, skriftemål, Eukaristisk prosesjon gjennom byen og framfor alt Eukaristisk tilbeding ( Adoration).Dette var den første Eukaristiske kongressen i USA sidan krigen. Opninga og avslutninga fann stad på Lucas Oil Stadium, der også ei stor forsamling deltok i tilbeding - Adoration. Svært mange opplevde dette som eit stort andeleg løft og ei positiv vitamininnsprøyting i sitt trusliv. Moder Adela Galindo, nonne og ordensgrunnleggjar frå Nicaragua sa det slik i eit foredrag:« Here is what  we need to proclaim.That no darkness is greater than the light of the Eucharist.That no sin is greater than the merciful heart of the Eucharist.Basically,brothers and sisters,that love is greater than death!»

Biskop Andrew Cozzens oppsummerte kongressen slik:« It has been my experience and I hope yours that we’ve lived an experience of heaven. Of course the Eucharist is a foretaste of heaven.»

I alle negative og bisarre nyhende frå USA er det viktig å få fram alt det positive som skjer, dette er definitivt noko av det mest oppløftande som har funne stad i sommar!




tirsdag 2. juli 2024

Kvardagsmystikk

Biskop og kardinal Anders Arborelius har ved sida av sine geistlege plikter også vore aktiv som forfattar og foredragshaldar. Han har gjeve ut  samlingar med preiker og artiklar, biografiar mellom anna om Edith Stein, teologiske verk med vekt på karmelittisk spiritualitet. « Hverdagsmystikk. Kunsten å leve i Guds nærver» er nyleg gjeve ut av St.Olav forlag, omsett av Eivor Oftestad. Det er ei meditativ bok, ei vegleiing for dei som søkjer Guds nærver  i kvardagen. Biskop Anders skriv at det er eigentleg ikkje ei bok som skal lesast, men « snarere en slags bruksanvisning som skal lede fram til erfaringen av Guds nærver.» Han kjem  innleiingsvis også med ei åtvaring, dei som ikkje har til hensikt å øva seg i Guds nærver vil ikkje ha nytte av boka, og dette er heller ikkje eit slags hurtigkurs i kvardagsmystikk. Å gå mystikkens veg er aldri ein prestasjon eller konsum, det er alltid Guds ufortente nåde. Kvardagsmystikken  kan bera frukter i vanlege menneskers daglegliv, men det det kjem ikkje utan hinder. Biskop Anders skriv at det største hinderet ofte er på det moralske planet, kvardagsmysikk heng alltid saman med kvardagsetikk. Ein kan ikkje forventa å oppleva Guds nærver i kvardagslivet « dersom man ikke tar sitt kors opp i hverdagen, følger Kristus og bærer det åk som HANS bud - alle! - krever.»

Bok er bygd opp med ti korte kapittel, kvart kapittel vert avslutta med ei praktisk øving og ei bøn frå Kyrkjas rike tradisjon. Boka er naturleg nok inspirert av broder Lorens av Oppstoda, ein karmelittmunk som levde på 1600 talet, hans skrifter « Å leve i Guds nærver» kom ut parallelt med biskop Anders bok, og med føreord av han.

Alt i kvardagslivet kan bli ein inngangsport til ei djupare Guds- relasjon. Forutsetninga er tosidig, Skapinga og Inkarnasjonen.« Inkarnasjonen er det nødvendige hengselet mellom skapelse og frelse.» 

« Nåden fullbyrder det som har sin begynnelse i naturen.Alt til DITT navns ære. Frelsen må hvile trygt på skapelsens grunn. Hvis ikke risikerer den å bli hengende i løse luften.»

Vi er skadeskotne vesen, innsnevra i egoismen, men Skaparens nærver i skaperverket gjev oss likevel del i « et positivt grunnsyn.»

« Erkjennelsen av å være skapt og i ethvert øyeblikk gjenstand for Guds kjærlighet og forsyn, virker dypt helbredende.» Vi kan dermed få ein sunn forankring i røyndomen.

Kvart kapittel har ei overskrift av to små ord, « Du og nå», « Her og der», « Se og be»…….til sist « Sove og love». Det hjelper til å fokusera på den personlege Gud som eit DU som er nær oss i kvardagen her og no, ikkje der og då. Alle dei grå kvardagane som ikkje er så grå likevel når vi evnar å sjå bak det ytre og få eit glimt over det mysterium som dette livet verkeleg er!

Det er naturleg å avlutta med svevnen og lovprisninga. « Natt etter natt brer søvnens barmhjertige kappe seg over meg. Det hellige vekselspillet mellom dagens strev og nattens hvile hjelper meg til å bli værende i Guds nærver.» Når vi legg oss og sovnar gjev vi oss over i Guds omsorg, svevnen blir då bøn og lovprisning. Å gje seg over i Guds omsorg kvar kveld blir ei førebuing til den dagen vi for siste gong gjev oss over. Biskop Anders avsluttar difor denne vesle juvelen av ei bok slik : « Hver eneste innsovning er en øvelse i kunsten å dø.Er det ikke rart at jeg aldri helt kan beskrive hvordan jeg sovner? Og når det skjer ? Det bare skjer.DU tar over. Jeg slipper tøylene. Slik er det også med døden. » 

Eg las boka i eit strekk for å få oversikt, men dette er ei bok som må lesast langsamt eit lite stykke om gongen som ein så kan la synka ned. Det blir då ein form for lectio divina.