søndag 5. november 2017

Fakkeltog for dei forfølgde

 I ei rekkje norske byar blir det arrangert fakkeltog for forfølgde kristne. Bileta er frå årets fakkeltog i Kristiansand 2.november som gjekk frå Frikirken til torget i sentrum der det vart halde ein kort apell. I år var det spesielt fokus på forfølgde i India, på landsbygda i India representerar det store vanskar å ha ei tru som avvik frå det hinduistiske  fleirtalet.  India er kanskje ikkje det landet ein første og fremst assosierar med forfølgingar av annleis truande, men situasjonen har nok utvikla seg i klar negativ retning også her, både kristne og muslimar vert diskriminerte og dels direkte forfølgde. Ellers er det som tidlegare år Nord-Korea, Saudi-Arabia, Somalia, Irak og Afganistan land der det er mest vanskeleg eller så godt som umogleg å stå fram med eit minoritetslivssyn .  Eit anna område som det vert fokusert på er dei Sentral-Asiatiske landa som vart sjølvstendige etter Sovjet-Unionens fall men som aldri har fått til eit fungerande demokrati. Også her omlever minoritetar aukande diskriminering.

Det er "Åpne dører" og "Stefanusalliansen" som arrangerar dei årlege fakkeltoga som er viktige markeringar mot hat og undertrykking. Det er fokus på forfølgde kristne, men ikkje bare det, Kampen for trusfridom og menneskerettar er universell. Kristne blir diskriminerte i Egypt og Irak, muslimar i Myanmar, Bahai-truande i Iran, Ahmadiya muslimar i Pakistan og alle religionar i Nord-Korea for å ta eit par døme. Eit fakkeltog ein gong i året verkar kanskje litt stussleg stilt opp mot alt dette hatet ?
Ja, men det er meir enn ingenting. Det er eit teikn på at nokon bryr seg, at nokon engasjerar seg, at nokon ber for alle dei som ikkje har dei rettane vi opplever som sjølvsagte.






onsdag 1. november 2017

Allehelgensdag

I dag første november høgtidar vi Allehelgensdag med messe og lystenning på gravene.
Vi som enno er undervegs gledar oss over dei som alt er kome i mål og er heime.
Som katolske kristen trur vi på dei heilages samfunn, som er eit levande fellesskap som når utover døden. Saman med alle dei heilage lovprisar vi Gud, vi let oss inspirera av deira liv og død, og vi kan be om deira hjelp i forbøn.
Mange heilage har fått sine særskilde minnedagar, men på Allehelgensdag minnest vi alle både kjent og ukjente ( som er langt dei fleste). Dei heilage er levande vitnesbyrd om Guds omskapande nåde.


"Alle gud heilage menn og kvinner. Be for oss
Vær oss nådig. Skån oss Herre
Vær oss nådig. Bønnhør oss, Herre
Fra alt ondt . Frels oss ,Herre
Fra all synd. Frels oss, Herre
Fra din vrede. Frels oss, Herre.
Fra en brå og uventet død. Frels oss ,Herre
Fra djevelens snarer. Frels oss, Herre
Fra vrede, hat og ond vilje. Frels oss .Herre
Fra ukyskhetens ånd. Frels oss .Herre
Fra lyn og uvær. Frels oss .Herre
Fra ras og jordskjelv. Frels oss. Herre
Fra pest, hungersnød og krig. Frels oss ,Herre
Fra den evige død. Frels oss. Herre "

(utdrag frå Allehelgens litaniet)

søndag 22. oktober 2017

Mysteriet i trua

Eskil Skjeldals samtalebok med forfattaren Jon Foss "Mysteriet i trua" kom i 2015. Det er eit djupt personleg bok der Jon Fosse utleverar det inste i seg sjølv. Han fortel om sin angst og sine alkoholproblem så vel som dei to mystiske opplevingane som har vore med på å forma livet hans.
Den raude tråden i boka er hans veg til tru, ein veg som førte til at han valde å bli teken opp i Den katolske kyrkja for eit par år sidan.
Utdrag frå boka er blitt dramastisert og vart framført i Kristiansand domkirke i kveld av Mette Langfeldt og Hallgjerd Byrkjeland. Tekstane vart innramma av orgelmusikk framført av Andrew Wilder og Elsebeth Lutcherath. Jon Fosse seier og ein stad at: " Eg trur at Bach for mange er ein betre veg til Gud enn all slags preiking."
Det vart ei vakker kveldsstund rundt dei store spørsmåla i tilveret. Fosse tek utgongspunkt i filosofien Aquinas, Heidegger, Wittgenstein. "Kvifor er noko til og ikkje ingen ting, ingenting ?" Kva er dette mystiske som kan synast, ikkje seiast ?  Vi er kasta inn i dette tilveret, " inn i fridomen til døden."
Gud er  den som er,  han er rein eksistens, rein "vere", ikkje noko som finst. I Japan vil ein  kalla denne vere for tomleik, men Gud forlet denne  tomleik og vart menneske og språk i Jesus Kristus, Den krossfesta Gud er ein avmektig Gud, men ein Gud som vert allmektig i si avmakt.


Jon Fosses vakre nattsalme tonesatt av Andreas Utnem vart og ein del av framføringa.

Det finst ei jord som opnar opp
sitt djup av svarte natt
og løyner både sjel og kropp
til ingenting er att

Det finst ei natt som møter deg
og tek deg mjukt imot
og let deg kvila æveleg,
di hand, di sjel, din fot

Det finst frå Gud i alt som er,
i jord og nattevrimmel,
di sjel er hans, du er hans verd,
du lyser fram hans himmel


tirsdag 17. oktober 2017

Poetica:Den åttande gleda

Den åttande gleda

Vi klatrar med rolege grep
på den taggete fjellkjeda
såre fingertuppar mot glatt stein
og gamle boksider
bunde i raud fløyel
og dei sju gleder
- los set gotxs -
i lyset av faklar og små bål
hand som grip etter hand
i runddansen gjennom natta
vakande under Marias smil
den åttande gleda.





Los set gotxs frå Llibre Vermell de Montserrat, "Den raude boka " frå slutten av 1300 talet er ein song på katalansk og latin som handlar om Jomfru Marias sju gleder. Men det finst og ei åttande glede: Marias smil!






søndag 15. oktober 2017

Pilegrimsmålet Medjugorje

Medjugorje, denne vesle byen i Bosnia men nokre tusen innbyggjarar har på kort tid vorte det tredje viktigaste pilegrimsmålet i Europa etter Lourdes i Frankrike og Fatima i Portugal. Ein kan nå Medjugorje med fly eller buss frå Split, Dubrovnik eller Sarajevo eller ein kan køyra sjølv og parkera på den store parkeringsplassen like ved St.Jakobs kyrkja sentralt i byen og ein naturleg første stopp. St.Jakob er skytshelgen for pilegrimar og sånn sett eit naturleg valg, men det var det nok ingen som tenkte på då den første kyrkja vart bygd her på slutten av 1800 talet. Den noverande St. Jakobs kyrkja vart innvigd i 1969, og var svært romslig for ein slik liten by, i dag er kyrkja overfylt mange gonger i løpet av dagen. Messa vert feira fortløpande på ulike språk. Framom St Jakobs kyrkja er det ein større plass med ei Maria statue(like den på staden for openberringane), på den eine sida ei lang rekkje skriftestolar og bak kyrkje eit større utandørs alter med plass til fem tusen. Denne vakre september dagen er her ikkje så svært mange men kyrkja er overfylt kvar gong vi går inn der.
Så kan ein følgja vegen gjennom vinmarkene til åsen der Maria viste seg første gong  for dei seks ungdomane, 24. juni 1981. (sjå forige blogginnlegg ) eller ein kan gå enno lengre til Krizevac - Kross fjellet der det vart reist ein stor kross i 1933 (proklamert som eit heilagt år av pave Pius XI til minne om at det var 1900 år sidan krossfestinga)

Dei seks visjonære ungdomane er no godt vaksne, alle er gift og har familie. Dei var heilt vanlege ungdomar og er i dag heilt vanlege familiefolk. Men dei tek framleis i mot bodskap frå Maria.  Det sentrale i bodskapen er ikkje orginalt, det er det sentrale i kristendomen: Omvend dykk og  be ! Igjen og igjen oppfordrar Maria oss til å be !








Bodskapet frå Medjugorje eit par dagar før vi var der:


Budskapet fra 25.september 2017 "Kjære barn! Jeg kaller dere til å være generøs i forsakelse, faste og bønn for alle dem som er i fristelse, og som er deres brødre og søstre. På en spesiell måte bønnfaller jeg dere om å be for prester og for alle konsekrerte (vigslede) at de må elske Jesus enda mer entusiastisk; at Den Hellige Ånd må fylle deres hjerter med glede og at de må vitne om Himmelen og Himmelske mysterier. Mange sjeler er i synd fordi det ikke er noen som ofrer seg selv og ber for deres omvendelse. Jeg er med dere og ber om at hjertene deres må bli fylt av glede. Takk for at dere har svart på mitt kall." 09/25/2017

Minnedagen for Teresa frå Avila

I dag 15. oktober feirar vi minnedagen for Teresa frå Avila (1515-1582), klostergrunnleggar, mystikar, forfattar, kyrkjelærar og helgen. Utan tvil var ho ei av dei kvinnene som har hatt størst innverknad gjennom Kyrkjas totusen årige historie. Ho kombinerte eit rikt indre liv, briljant formuleringsevne og store praktiske og organisatoriske evner,


Frå "Boken om mitt liv" der ho skildrar korleis ho vart inspirert til klostergrunnleggingar.

" En gang jeg var sammen med en viss person, skjedde det at hun spurte meg og noen andre hvorfor vi ikke kunne bli slike nonner som barfotnonnene, og til og med grunnlegge et kloster. Og da jeg hadde de samme ønsker, begynte jeg å tale om det med denne enken, min nære veninne, som jeg alt har nevnt, for hun ønsket det samme. Hun satte straks i gang med å finne en utvei til å skaffe klosteret inntekter . Nu ser jeg at dette ikke ville ha ført oss særlig langt, men fordi vi ønsket det så sterkt, trodde vi det skulle være mulig. Jeg for min del var litt tilbakeholden, da jeg trivdes svært godt der jeg var; mitt kloster var helt etter min smak og min celle passet meg aldeles utmerket. Men dette til tross ble vi enige om innstendig å anbefale saken til Gud."

Det  vart mogleg, totalt sytten kloster vart grunnlagt av Teresa. Vi fekk dermed ei ny grein av karmelittordenen:Det teresianske Karmel (Dei uskodde Karmelitter OCD)
Det første klosterret var i Avila i 1562, det siste i Burgos i 1582, dødsåret hennar.

lørdag 14. oktober 2017

Llibre Vermell de Montserrat

Llibre Vermell de Montserrat (Den raude bok frå Montserrat) er ei samling religiøse skrifter frå slutten av 1300 talet . Orginalen blir teke vare på  i klosteret i Montserrat, navnet på boka skriv seg frå 1800 talet då ho fekk eit omslag i raud fløyel. Llibre Vermell innheld tekstar i ulike sjangrar, teologisk skrifter, interne dokument for klosteret, og ikkje minst historiar om mirakel som har skjedd på Den svarte Madonnas forbøn. Men det er utan tvil dei ti songane med tekst og tilhøyrande notar som har gjort  Llibre Vermell kjent og gjer at dette er ein levande tradisjon. Songane er dels på katalansk, dels på oksitansk og latin. Dei vart skreve for pilegrimar som vakte natta igjennom utanfor klosteret i Montserrat, sannsynlegvis vart dei framført som felles song  og  dansa til.  I moderne tider er musikken frå Montserrat spelt inn av ulike utøvarar, den meste kjente er naturlegvis Jordi Savall med ensemblet Hisperion XX. Eg kjøpte ein CD med middelaldergruppa  " Alla Francesca" for mange år sidan (sjå linken under) og det var naturleg å ta denne fram igjen etter  turen til Montserrat i haust. Musikken er prega av fleire stilartar og av enkelte sett på som ein antologi over 1300 talets musikk i Katalonia og Oksitania. Preget av lokal folkemusikk er naturlegvis dominerande.
Ein kan lytta til hymnar og balladar til Maria, bli tidlaust ein av dei mange som på slutten av 1300 talet i lyset frå små bål og faklar song og dansa natta igjennom på plassen framom klosteret med Den svarte Madonna. Over og under stupbratte fjellsider, mange hadde slete seg opp her med sine sjukdomar og skvankar i von om at dei skulle bli mirakuløst lækte. Dei fleste drog heim som dei kom, men kanskje med større von og sterkare tru!

 Los set goytex

Los set goytex recomptarem et devotament xantant
humilment saludarem la dolce verge Maria
Ave Maria gracia plena dominus tecum virgo serena
.....
Verge, stant dolorosa per la mort del fill molt car
romangues tota ioyosa can lo vis resuscitar
a vos mare piadosa primer se volch demonstrar
......

Tots donques nos esforcem en aquesta present vida
que peccats foragitem de nostr` anima mesquina
e vos dolce verge pia vuyllats nos ho empetrar.

(Eg skal fromt fortelja og synga om dei sju gleder,
audmjukt skal eg æra den milde Jomfru Maria,
Ver helsa Maria, full av nåde, Herren er med deg reine Jomfru
......
Jomfru, i sorga over døden til din elska Son,
fann du igjen glede over å sjå han stå opp igjen
for det var til deg fromme Jomfru at han først viste seg

........

La kvar og ein av oss halda fram i denne verda
og fri oss frå syndene i våre elendige sjeler.
Og du heilage Jomfru Maria, hjelp oss med dette)








Linker til musikken fra Llibre Vermell:

https://www.youtube.com/watch?v=X8pBMiSOZHc