lørdag 24. februar 2024

Ein angrande Rudolf Höss ?

 Eg skreiv nyleg om filmen The Zone of Interest som skildrar kommandanten i Auschwitz Rudolf Höss og hans familie. På slutten stiller eg spørsmål om det likevel var noko att av hans katolske oppvekst? Overraskande nok får eg eit svar i ein artikkel i Catholic Herald av Angus Milne, ein engelsk religionslærar.

Han tek opp tråden i det filmen ikkje viser. Rudolf Höss lever lenge i dekning, men blir oppspora og arrestert i 1946. Året etter 16.april blir han avretta på same stad der han tidlegare var kommandant! Angus Milne peiker på at det skjedde noko med Höss i tida før avrettinga, han skreiv ned ein slags sjøvbiografi og han gav uttrykk for anger. Like før avrettinga skal han ha avlagt skriftemål, gjeve ei truserklæring og teke imot kommunion! Han hadde bede om ein spesiell prest som han tidlegare hadde sett opp til pga. hans mot i konsentrasjonsleiren og difor latt gå fri. Höss vaks opp i ein katolsk familie, han var ministrant som ung og faren hadde tenkt ein geistlig karriere for sonen. Han skal ha teke avstand frå katolisismen som 22 åring, muligens etter at ein prest han gjekk til skriftemål hos hadde brote teieplikta og røpa noko til Rudolf Höss sin far. Å bryta teieplikta i eit skriftemål er noko av den alvorlegaste synd ein prest kan gjera.Uansett om det er sant eller ikkje valgte Rudolf Höss etter kvar Hitler som sin frelsar og nazismen som sin religion. Men før han fekk renneløkka rundt halsen skal han ha gjeve følgjande erklæring:

« Mitt samvit tvingar meg til å gje følgjande erklæring. Åleine på fengselscella mi har eg kome til den bitre innsikta at eg har synda grovt mot menneskeheita. Som kommandant i Auschwitz var eg ansvarleg for å utføra ein del av « Det tredje rikets» grusomme planar for menneskeleg tilintesgjering . Ved å utføra det har eg påført menneskeheita fryktelege sår.»

Angus Milnes studentar er fascinert over skriftemålet og spør ofte om alle synder kan bli tilgjevne? Ja, Kyrkja lærer det under visse forutsetningar. Å avvisa at Rudolf Höss kan bli frelst er ikkje å stilla spørsmål  ved størrelsen på hans brotsverk, men å tvila på styrken i Kristi frelsande kjærleik.

Katekismen oppsummerar desse forutsetningar :« Den skriftendes handlinger er: omhyggelig samvittighetsransakelse; anger som er fullkommen når den springer ut av kjærlighet til Gud, og ufullkommen når den skyldes andre motiver - og som inneholder forsettet om ikke mer å synde; bekjennelse som består i å skrifte syndene for presten; godtgjørelse eller boten som skriftefaren ilegger skriftebarnet, som skal gjøre godt igjen den skade synden har forårsaket.»





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar