søndag 26. november 2023
Jødedeportasjonen 26.nov.1942
lørdag 25. november 2023
Pave Frans gratulerer med nobelprisen
søndag 19. november 2023
Heilage kvinner
Det har vore tradisjon at paven heilt frå 1500 - talet har halde audiensar for folke flest. Det har gjerne hatt preg av katekese så og for pave Benedikt 16. Han tok for seg sentrale personar Kyrkjas historie, apostlar, kyrkjefedre, ordensgrunnleggjarar og heilage kvinner. Dei har blitt samla og gjeve ut som bøker, no og i norsk omsetjing på St.Olav forlag.
Kyrkja har tradisjonelt vorte oppfatta som mannsdominert, men kvinnene har heile tida vore der, og på grunnplanet i dei lokale kyrkjelydane er det nok kvinnene som har gjort den største innsatsen like frå dei første skildringane i Apostegjerningane med driftige kvinner som Lydia, og fram til våre tid!
Det har gjerne Kyrkjas historie heller ikkje vore mangel på heilage kvinner, både fomelt heilagkåra og dei som levde sine fromme liv i det ukjente. Pave Benedikt tek for seg seksten av desse kvinnene som levde frå 1100 til 1500- talet, nokon av dei svært kjente, andre meir ukjente men som likevel sette sterke spor etter seg. Av dei meste kjente kan nemnast universalgeniet Hildegard av Bingen som levde på 1100 - talet Teresa frå Avila og Katarina frå Siena som begge vart utnemd til kyrkjelærarar i 1970. Den einaste frå Skandinavia er Birgitta frå Vadstena som saman med Katarina frå Siena var markerte personlegdomar i Kyrkja på 1300 -talet. Mindre kjent og desto meir interessant er to andre katarinarar, Katarina frå Bologna og Katarina frå Genova. Julian frå Norwich er vel ikkje formelt ein helgen, men mange er det som har hatt utbytte av å lesa det mystiske skriftet “ Revelations of Divine Love in Sixteen Showings” som skildrar hennar ekstatiske visjonar av Guds kjærleik som ho og karakteriserar Guds kjærleik som morskjærleik!
Belgiske Juliana av Mont Cornillon som levde på 1100 - talet er det nok få som kjenner til, underteikna hadde ikkje høyrt om henne før. Ho var augustinarnonne, mystiker og fekk sine første visjonar som tenåring.Ho har fått stor innverknad på ettertida avdi ho var ein sentral pådrivar for innstiftinga av Corpus Christ - Kristi lekamsfest som vi feirar kvart år etter pinse. Jeanne d’Arc er vel den meste kjente av desse kvinnene, Frankrikes skytshelgen og med ein livshistorie som teke ut av ei anna verd. Romanar og filmar har gjort henne til ein del av kulturen langt utover Kyrkjas grenser!
Desse kvinnene er ulike men har det viktigaste felles. Dei var sterke og markerte kvinner i ei tid der kvinnas stilling var underordna, men ikkje i den grad som var tilfellet i hundreåra etter Mellomalderen. Dei var framfor alt fromme kvinner med eit rikt indre bøneliv som dei henta sin styrke frå. Dei fleste av dei var visjonære mystikarar, og hadde dermed ein sterkare Gudsrelasjon enn dei fleste i dag. Vi kan ha dei som føredøme og ideal, og vi kan læra av dei å stola på Guds nåde gjennom livets medgong og motgong, og vi kan ikkje minst bli inspirert til eit regelmessig og djupt bøneliv!
søndag 12. november 2023
For a girl becoming
« For a girl becoming» er ei vakker lita illustrert bok av den amerikanske poeten og musikaren Joy Harjo. Ho er « native anerican»og høyrer til Mvskoke Nation. Mykje av det ho skaper er inspirert av hennar etniske bakgrunn. «For a girl becoming» er dedikert til forfattarens barnebarn og forma som vegleiing for ei ung jente på veg inn i livet! Eg kjøpte boka til dattera mi for mange år sidan.
You will fall and you will get back up again, because you are one of us.
And as you travel with us, remember all this: Give a drink of water to all who ask, Whether they be plant, creature, human or helpful spirit. May you always have clean, fresh water.
Grieve with the grieving, share joy with the joyful. Mat you build a strong path with beautiful and truthful language.
Clean your room. May you always have a home: a refuge from storm, a gathering-place for safety, for comfort.
Burt what needs to be buried.Laugh easily at yourself; may you always travel lightly and well.
Your mother labored there, so young in earthly years. And we who love you gather here. Pollen blows throughout this desert house to bless. And horses run the land, hundreds of them, for you. And you are here to bless.
tirsdag 7. november 2023
Poesiar etter Henrik Wergeland
Då Jon Fosse flytta inn i Grotten i 2011 byrja han og å lesa meir av Grottens første eigar, vår store diktar Henrik Wergeland. Inspirert av Wergelands lyrikk kom han i 2016 med diktsamlinga Poesiar etter Henrik Wergeland, lyrikk inspirert direkte eller indirekte av Wergelands ikkje alltid like tilgjengelege verk.
Det Iisdryps Rislen i min barm….?
og disse Stik af Ild?
Lad Døden kalde det sin Seir!
Det er min Himmels Foraarsveir,
dens Vaarfrembrud - snart kold snart varm
min Saligheds April.
………..
O Følelse som af et Bad!
Jeg Alt tilgivet har.
En Finger paa mit Øje kom.
En Engels; det min Moders var.
Nu er min Sjel en toet Blom,
saanyfødt, barneglad.
( frå Paa Sygelejet)
HOS JON FOSSE ER DET OGSÅ ENGLAR:
Den blinde nøysemd
og den blinde tilfredsstilling
men no flyg dei attende til himmelen
for å henta draumar
til svevnen vår
( To englar møtte oss i døra)
OG SJEL:
senkt ned
kverv bort
er sorga vår song
vår sorg er song
( Når sjel i sjel)
OG HIMMEL MED STJERNER:
og kvar har sin eigen himmel med stjerner
i si eiga panne
og i verda er Guds språk
til seg sjølv
( Fridom er hjarta i ånda)
OG VIND:
for din milde mynde
lyfter graset
som når om våren ein fugl
for fyrste gong
helsar ei bølgje
(Blåse du vind)
søndag 5. november 2023
fredag 3. november 2023
Allehelgensdag
ALLEHELGENSDAG OG ALLESJELERSDAG
Ved inngangen til november med høstmørke og regn feirer vi to viktige dager i Kirkeåret, 1. november er det Allehelgensdag og dagen etter, 2. november Allesjelersdag.
Skikken med å ære våre hellige skriver seg fra de første kristne som samlet seg på gravene til martyrene. Helgenene fikk sine festdager der de skulle æres særskilt, ofte var det dødsdagen eller dagen da relikviene ble overført. Men de hellige ble etter hvert mange, og Allehelgensdag er en dag der vi kan ære alle helgener både kjente og ukjente som ikke harsin egen festdag. Opprinnelig ble dagen lagt til våren, men ble etter hvert flyttet til høsten da det etter innhøstningen var rikelig med mat til alle pilegrimene!
Allehelgensdag heter på engelsk All Saints eller All Hallows, og noen av skikkene i forbindelse med allehelgensaften 31. oktober, «hallowe'en» overlever i folkelige tradisjoner, men på grunn av deres tilknytning til ånder og spøkelser blir de av mange i dag feilaktig assosiert med Allesjelersdag 2. november.
På Allesjelersdag minnes vi alle våre avdøde. Vi kan markere det ved å oppsøke gravstedet og tenne lys, og Kirken oppfordrer oss også til å be for de avdøde og be om deres forbønn. Mange har også sin favoritthelgen som de har navn etter, eller føler en sterk forbindelse til og som det kan være nyttig å markere særskilt disse to dagene.
Allehelgensdag og Allesjelersdag er fremfor alt sterke vitnesbyrd om at døden ikke er endelig, de døde lever i kraft av Kristi oppstandelse 1. påskedag!