Vi er på veg til Andriivskyi Uzviz 13 i Kiev der den ukrainske/russiske forfattaren og legen Mikail Bulgakov budde mellom 1906 - 1919. Huset er sidan 1991 eit museum til minne om denne store forfattaren som er blitt mykje meir verdsett etter sin død enn då han levde. Utanfor huset finn vi ein skulptur av forfattaren, innvendig føl vi ein guida tur gjennom han opphaldsrom, legekontor, soverom, arbeidsrom. Døra inn til det siste romet går gjennom eit skap med nr. 50 på, ein hentydning til ein scene i hans mest kjende verk "Mesteren og Margarita". Her er samla mange store og småting som tilhøyrte forfattare. Fascinerande !
Mikhail Bulgakov vart fødd i Kiev i 1891 som den eldste av seks søsken. Faren var professor ved Kiev teologiske akademi, men døydde då Mikhail var i tenåra av ein arveleg nyresjukdom som seinare også skulle ta livet av sonen. Mikhail fullførte medisin studiet ved universitetet i Kiev i 1916, men praktiserte medisin bare fram til 1920 i motsetning til broren Nikolai som gjorde karriere som kardiolog i Paris. Mikhails vidare karriereveg som journalist og forfattar skulle visa seg å vera langt meir usikker. Han skreiv i ei rekkje aviser og tidsskrift noveller og korte innlegg, men arbeidde og på romanar med science fiction preg som "Hundehjerte" og "Fatale egg", desse vart første gjeve ut lenge etter hans død.
Sensuren under bolsjevikregimet ramma han hardt, og gjorde at han etterkvart ikkje fekk publisert noko som helst. I si fortviling skreiv han direkte til Stalin og bad om å få emigrera. Stalin må ha sett med velvilje på han og tilbaud han jobb ved Moskva kunster teater, der han arbeidde fram til han døydde i 1940 berre 49 år gammal av same sjukdom som faren. Så langt ville han bare ha vore ein av mange mindre kjente skribentar på 1900 talet, men Bulgakov hadde noko til gode. Frå 1928 -38 arbeidde han på sitt mesterverk "Mesteren og Margarita" som første vart gjeve ut i fullstendig utgåve i 1973 og etterkvart omsette til mange språk. I dag blir denne romanen vurdert som ein av dei viktigaste i 1900 talets europeiske litteratur.
Eg las "Mesteren og Margarita" for mange år sidan. Det er ei bok det ikkje går an å gje eit resyme av, boka foregår på så mange plan og har så mange referansar til den politiske situasjonen i Sovjet, til historie, religion og filosofi at ein må vera godt skolert for å få med seg alt. Utan tvil er boka ein satire over og eit åtak på eit umenneskeleg politisk system og vart nok og oppfatta som det av systemet !
Ei anna bok som gjorde sterkt inntrykk er ei samling med noveller inspirert av tida han praktiserte som lege på landsbygda i Russland. Her skildrar han korleis det er å stå åleine som ung, uerfaren doktor langt frå andre kollegaer. Få er det nok som i dag får oppleva dette i så ekstrem grad som hovudpersonen i Bulgakovs noveller, men mange kjenner seg nok igjen i angsten og usikkerheten stilt overfor eit stort ansvar. Dette blir understreka av at historiane stort sett foregår om natta, i mørke, det er vinter, kulde og snøstorm.
Han skildrar og den mørke baksida i "Morfin", rusmisbruk og sjølvmord hos ein som ikkje maktar presset . Til ettertanke!
Boka er oversett til engelsk med tittelen " A country doctor`s notebook".
Skulptur av forfattaren . Mykola Rapai 2007
Opphaldsrom
Mange detaljar frå huset er skildra i romanen "The white guard"
Bulgakovs legekontor
Inngang til neste rommet gjennom klesskapet
Bulgakovs arbeidsrom
Ved inngongen til museet
søndag 30. september 2018
lørdag 29. september 2018
Mikkelsmess
I dag 29. september feirar vi Mikkelsmess, minnedagen for erkeengelen Mikael. Dagen er blitt feira frå 300 talet og var også etter reformasjonen heilagdag i Norge, det tok først slutt med reformen i 1770. Dagen har vore levande blant folk på bygdene like til for eit par generasjonar sidan, men kanskje meir som ein markering eller takkefest for årets innhausting enn som ein religiøs fest.
" Mikkelsmyss" sa bestemora mi (f. 1894) i Kvinnherad like naturleg som jul og påske. I dag er det nok lite igjen av dette sjølv om den norske kyrkja har teke dagen inn i sin liturgi igjen, men mest som ein hausttakkefest. I Den katolske kyrkja blir dagen markert som ein minnedag for dei tre erkeenglane Mikael, Gabriel og Rafael frå 1969. Dei ortodokse feirar erkeenglane 8. november.
St Mikael er skytshelgen for Kiev, hovudstaden i Ukraina. Midt i byen, ikke langt frå Majdan plassen og Sofia katedralen finn vi St. Mikaels klosteret. Det vart grunnlagt på byrjinga av 1100 talet og var ein levande sentrum for det religiøse livet i byen inntil revolusjonen i 1917. Bolsjevikane ansåg ikkje klostret for å vera verd å ta vare på, og i 1934-36 vart det reve ned. Etter frigjeringa i 1991 vart det vedteke å byggja klosteret opp igjen og i 1999 vart det på ny innvia. I dag er det eit levande kloster med fleire munkar og dagleg ein jamn straum av truande som ber og tenne lys framfor ikonane.
Over det heile tronar ein gullforgylt St Mikael som vernehelgen for klosteret og byen !

mandag 24. september 2018
Holodomor
Holodomor er Ukrainas versjon av Holocaust. Tragedien frå svoltåra 1932-33 blir årleg minna siste laurdag i november, Eit stort minnesmerke blei reist like utanfor Kiev sentrum i 2008 Det er forma som eit lys som strekker seg oppover mot himmelen, på den nederste delen er det fuglar som gradvis klarer å frigjera seg frå gitteret dei er fanga bak. Like framfor finn vi eit sterkt symbolsk uttrykk for kornet som vaks og vart mogna, men som folk ikkje fekk hausta. Sterk inntrykk gjer også statua av ei mager bondejente som står ved inngongen til minnesmerket. Blikket er tomt og bedande !
Under minnesmerket er det eit museum med bilet, film og ikkje minst protokollar med navnet til identifiserte offer frå svoltkatastrofen.
Holodomor var ingen naturkatastrofe, men ein nøye planlagt drap på ei heil befolkningsgruppe, dei ukrainske bøndene. Det var politikken til det kommunistiske totalitære systemet leia av Josef Stalin.
Kor mange som omkom av svolt er usikkert, det er snakk om opp mot sju millionar. Særleg hardt gjekk det ut over barn og unge, av årskullet fødd i 1933 omkom sytti prosent! Ukraina vil ha dette godkjent som folkemord - genocide, frå russisk side blir det hevda at dette var noko som ramma fleire folkegrupper, ikkje berre ukrainarar.
Holodomor er nok dessverre lite kjent i vestlege land sjølv om politikarar blir tekne med til minnesmerket når dei er på offisiell vitjing i Ukraina. På same måte som Holocaust er det eit uttrykk for eit totalitært regime sin ideologi der enkelt menneske har null verdi og der ein med rasjonelt overlegg tek livet av millionar av uskuldige. Vi må aldri gløyma, difor er minnesmerka så viktige, Holodomor minnesmerket og dei mange Holocaust minnesmerka.

Den sveltande bondejenta
Holodomor minnesmerket
Det gyldne kornet under gitter
Fuglane som gradvis løftar seg mot fridom
Inngongen til museet under minnesmerket
onsdag 19. september 2018
Poetica:Orda dine
Orda dine
Kan orda tapa si kraft ? eller berre gå inn i ein dvaletilstand for så å dukka opp igjen i ein annan dimensjon med fornya styrke ? kanskje lever dei sitt liv under overflata ein stad smyg seg fram i tusmørkret og talar berre med kvarandre korte meldingar, neppe lange monologar kjærleikserklæringar ? kanhende mest det siste for orda lever ikkje berre av luft dei må pleiast med kjærleik sjølv om tapet kjennest tyngre då men avskjedsstunda blir likevel lettare.
søndag 16. september 2018
Marias smerter
15. september er minnedagen for Jomfru Marias sju smerter som har sin bakgrunn frå Tyskland i Mellomalderen og som paven frå 1727 gjorde til ein offisiell dag i kyrkja. Fokus denne dagen er Marias oppleving av Sonens liding.
1. Simons profeti i tempelet då Jesus vart framboren for omskjeringa,
2. Flukta frå kong Herodes til Egypt.
3. Leitinga etter en 12 årige Jesus i tempelet.
4. Marias møte med Jesus på Golgata
5. Krossfestinga. Maria under krossen.
6. Nedtakinga av Jesus lekam frå krossen.
7. Jesu gravferd.
I kunsten vert dette ofte framstilt med sju sverd gjennom Marias hjerte, i musikken gjennom mellomalder hymnen Stabat Mater. Teksten av fransiskanarmunken Jacopone da Todi på 1200 talet.
Musikk av uttalige komponistar fram til moderne tid. Pergolesis versjon er vel den meste kjende ,
min favoritt er Agostino Steffanis Stabat Mater:
https://www.youtube.com/watch?reload=9&v=PBze8HkrQ70

|
tirsdag 11. september 2018
Pater Olav
Pater Olav (f. Dagfinn) Muller er nok i dag den eldste katolske presten i Norge, Fødd i april 1924 har han no passert 94 år. Mange kjenner han og set stor pris på han som skriftefar, sogneprest, forfattar og pedagog for både konvertittar og barn og unge som han hadde eit særskilt godt lag med Han har gjeve mykje til så mange. Han er skrøpeleg no,og kan nok hovudsakleg gje sitt bidrag i form av forbøn for dei mange han hugsar på, ikkje minst ordenssøstrene.
Då eg vitja han på ein sjukeheim i Trondheim for ei veke sidan var han fysisk skrøpeleg, men tanken og minnet var klart og han hadde glimt i auga og fortalde humoristiske historiar ! Det vart ein god og nåderik time i vissa om at han ikkje berre ber for oss no, men og på den andre sida av døden, noko han var klar for.
Pater Olav er fødd i Trondheim, han var i dei norske styrkane i Sverige under krigen og konverterte i 1944 hos dominikanerpater Vanneufville op som hadde flykta frå Oslo til Stockholm.
Etter krigen gjekk han inn i picpusordene (ss,cc) og vart prestevigd i Trondheim i 1954. Han var prest i Tyskland ein periode, men kom i 1957 til Trondheim og vart sogneprest der, seinare både i Ålesund, Kristiansund og Drammen. Etter at han vart pensjonist i 1998 var han også ein periode i Kristiansand saman med sine ordensbrødre der. Det er difor mange han har kontakt med gjennom åra og mange som minnest han med takksemd og glede.
Pater Olav har vore svært aktiv med foredrag og artiklar som er samla i to bøker, " Pateren kvesser pennen" og "Pateren dypper pennen." Her er mykje visdom og innsikt i dei store spørsmål, men og humoristiske anekdotar frå eit langt liv. Nevnast må også hans vesle hefte " Et streiftog gjennom Den katolske kirkes historie i Norge" som er ei kort innføring i kyrkjas historie frå kristninga i vikingtida til våre dagar.
Om Kristi venskap
"Jesus nøyer seg ikke med å elske oss som sine venenr, han tørster etter at også vi gjengjelder hans vennskap. Han lengter etter at vi omgås med ham, snakker med ham, prater med ham, med den samme åpenhet som vi gjør med våre beste venner. Ja, vår fortrolghet med Kristus går faktisk dypere enn noe annet vennskap. For våre jordiske venner når oss bare utenfra, de er ikke i stand til å trenge inn i oss. Annerledes er det Kristus. Han nøyer seg ikke med å møte oss bare i det ytre, han trer inn i det dypeste laf av vår sjel. Slik blir han den eneste som med rette kan kalles vår sjelevenn."
Alter for Olav den heilage og Jomfru Maria i nye St. Olav domkyrkje i Trondheim

Karmel Totus Tuus
Retrett i Tromsø hos søstrene i karmelklosteret Totus Tuus. Fem dager og tid til å falla til ro.Tidebøner frå Laudes kl 06 til lesningsgudsteneste kl 21. Stille bøn og fine felles måltider. Vakker messe med ikledning av skapularet og løfteavlegging. Gode samtalar og turar i solfylte haustdagar.
Fokus på Therese av Lisieux og hennar foreldre i og med at deira relikviar kjem til Norden, også til Tromsø i oktober. Søstrene førebur det og ser fram til det med stor glede. Vesle Therese let oss sjå kjernen i evangeliet og let det regna roser over jorda som ho lova før sin død.
Vi ser fram til det og ny tur til Tromsø om eit år !

Abonner på:
Innlegg (Atom)