I oktober - november i år kjem relikviane til Therese av Lisieux og hennar foreldre Zelie og Louise Martin på rundreise til ulike byar i heile Norden. Tidlegare har Thereses relikviar vore innom over seksti land, nytt er at også foreldrene som vart helgenkåra i fjor, er med.
Vørdnad for relikviar er for dei fleste noko ein forbind med tidlegare tiders ovetru og tildels misbruk. Dette gjeld for alle protestantar, men for mange katolikkar er nok reliviar noko ein ikkje har eit nært forhold til.
Vørdnad for og dyrking av relikviar er noko som skriv seg frå den tidlegaste kristne tradisjonen, det hadde sin bakgrunn i martyrtida då dei kristen samlast på martyrgraver og feira eukaristien der. Seinare vart det vanleg at relikviar frå den helgenen ei kyrkja vart vigd til vart lagt inn i alteret. Ei kyrkja kunne og bli bygd over helgengrava, eller skrinet med helgenrelikviane kunne bli plassert på høgalteret slik tilfellet var med Olav den heilage i Nidarosdomen.
Den katolske kyrkjas vørdnad for helgenrelikviar grunnar seg dels på bibelske henvisningar, dels på den sentrale stillinga som "Ordets inkarnasjon har " - " Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss." (Joh 1.14).
Dei bibelske henvisningane er dels frå Det gamle testamentet som 2.Kongebok 13.20-21, historien om Elisha, men det tydelegaste vitnesbyrdet om relikviar finn vi i Apostelgjerningane 19.11-12:
"Gud gjorde uvanlege under gjennom Paulus. Det hende til og med at folk tok lommeplagg og arbeidsklede som han hadde brukt, og la på dei sjuke. Då sleppte sjukdomen taket , og dei vonde åndene for ut."
Men som biskop og kardinal Anders Arborelius påpeikar har ikkje relikviar noko funksjon dersom dei ikkje perikar mot Kristus.
" Vår vördnad för helgonens reliker år vidare grundad på det faktum att Gud blev människa i Jesus Kristus. Genom det fyllde han hela universum med sin helighets härlighet."
"Den teologiske mäningen er klar:kristna är kallad at representera Kristi liv, död och uppståndelse i sina liv. Helgonen, särskilt martyrerna, har gjort detta genom ett vältaligt vitnesbörd om Kristus och hans evangelium. Uppenbarelsen innhåller även löftet om att hans heliga ser fram mot den dag då deras dödeliga kroppar ska uppstå från de döda och få del av Kristi uppståndelses härlighet."
Relivieskrinet med Thereses foreldre Louise og Zelie Martin.
onsdag 29. august 2018
lørdag 25. august 2018
I skyggen av en krig
Det er snart hundre år sidan Den første verdskrigen, eller "The Great War" som engelskmennene seier, tok slutt. Det var ein katastrofe for Europa som la grunnlag for krigar og konfliktar utover heile 1900 talet. Enkelte hevdar at Den første og andre verdskrigen eigentleg var ein lag krig med tjue års våpenkvile imellom !
Men det var skapt kunst også under krigen, trass i krigen men og inpirert av krigen. Wilfred Owen fall like før krigsslutt men rakk å gjera seg udødeleg med sin krigspoesi, Paul Nash og Otto Dix malte bilete som i all sin realistiske gru viste krigens sanne andlet. Mange komponistar var og aktive på denne tida, som var ei brytningstid med framvekst av mange nye kunstnarlege retningar. Årets kammermusikkfestival i Rosendal under leiing av Leif Ove Andsnes markerte dette under tittelen: "I skyggen av en krig 1914-18". Spennande og tildels ukjent musikk vart framført for eit fullsatt publikum. Musikk av mellom anna komponistar som Debussy, Ravel, Stravisnky, Berg, Bartok, Scriabin, Janacek, Nielsen, Sibelius og Busoni stod på programmet.
I innleiings- foredrag under festivalen vart det lest frå Peter Englunds bok " Krigens skjønnhet og sorg". Peter Englund er ein svensk historikar som mellom anna har vore formann i Svenska Akademien. Han har den geniale evna til å popularisera historie faget både det vesle perspektivet som når han skriv om tannbørstens historie, eller når han skildrar dei store historiske linjene i krig og fred. I boka "Krigens skjønnhet og sorg" nyttar han seg av ei orginal tilnærming til Den første verdskrigen i det vi gjennom 213 korte kapittel føl nitten konkrete personar gjennom krigsåra, både sivile og militære, På den måten evnar han å gje oss innblikk i korleis krigen vart opplevd av den enkelte deltakar på begge sider av fronten. Vi les om slag med 100.000 drepte og såra, her møter vi ein dei , som Angus Buchanan 27 år - infanterist i den britiske hæren, eller Pal Klemen 20 år - kavalerist i den østerikske-ungarnske hæren
Kva er krig ? Peter Englund er kanskje ikkje så langt frå sanninga når han ved innleiinga til kapittelet om 1916 siterar frå dagboka til ein av sine personar: " Dette er krigen. Ikke faren for å dø, ikke granatenes røde fyrverkeri, som blender når den slår ned med hvinende lyd, men følelsen av å være en marionett i hendene på en ukjent dukkemester, og den følelsen får det iblant til å isne i hjertet som om døden selv har grepet tak i det."
Otto Dix triptykon "Krigen frå 1929 -32

onsdag 22. august 2018
Striden om bileta
I Verdidebatt i avisa Vårt Land har det nyleg vore ein debatt omkring biletas funksjon i protestanisk og katolsk tradisjon. Er dei religiøse bileta bare pedagogiske hjelpemiddel eller har dei ein djupare kultisk funksjon ? Dette er ingen ny debatt, på 700-800 talet var dette kjelde til ein tragisk og splittande konflikt, den såkalla " ikonoklastiske striden." I klassisk jødedom,og også seinare i islam, har det vore forbod mot religiøse bilete, i kristendomen har bileta hatt ein sentral funksjon heilt fra dei første tider. Dette er grunngjeve med inkarnasjonen, " Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss " (Joh 1.14). Den store teologen Johannes Damaskenos( 675 -749) uttrykkjer det slik:
" I tidligere tider kunne Gud, som er ulegemlig og uten figur, på ingen måte bli avbildet. Men nå som Gud er sett i kjødet, idet Han samtaler med menneskene, maler jeg et bilde av Gud, den synlige.
.
For jeg har sett Guds menneskelige form og min sjel har blitt frelst."
Striden om bileta, ikonane, braut ut i år 730 då keiser Leo III sendte ut eit edikt mot bruken av ikonar.
Det er ulike teoriar om bakgrunnen for dette. Påverknad frå islam og jødedom ? Tendens til andeliggjering av kristendomen og dermed rensa kyrkja for sanselege innslag ? Bilete som uttrykk for avgudsdyrking ? Uansett vart dette ein langvarig og bitter strid mellom ikonoklastane som villle fjerna alle bileta, og dei som forsvara det tradisjonelle synet og ville æra dei heilage bileta slik dei alltid hadde gjort. Striden enda med den sjuande økumeniske konsilet i Nikea i 787 som slo fast den orrtodokse læra om kva plass bileta skal ha i det religiøse livet. Avdi Gud er blitt menneske i Jesus Kristus er det også legitimt og verdfullt å æra bilete av Han, å forkasta biletleg framstilling av Sonen er å fornekta at Han er sant menneske. Konsilet slår og fast at ein kan æra bilete av Maria og helgenar og gjenstandar som er knytte til dei, såkalla relikviar. Her skil konsilet nøye mellom tilbeding - latreia - som berre tilkjem Gud og høgakting eller venerasjon - proskynesis - som tilkjem Maria, helgenar og englar. Latreia overfor andre enn Gud er avgudsdyrking. Dette er den læra som både Den ortodokse og Den katolske kyrkja har halde fast ved. Dei ortodokse feirar dette første søndag i fasten som "Ortodoksiens triumf". Bileta, ikonar er heilt sentrale i ortodoks gudsdyrking, dei forkynner trussanningar på same måte som orda gjer det. Ved å æra ikonet ærar vi og det som er ikonet sitt "urbilete" og den som er avbilda blir nærverande på ein konkret måte.
Reformasjonen medførte eit nytt syn på bileta, frå å vera ein sentral del i den kristne kultus blir dei i større eller mindre grad pedagogiske verkemedel, illustrasjonar til prestens utlegning av ordet som er det sentrale i protestantisk gudsteneste i motsetning til eukaristien i katolsk og ortodoks tradisjon.
Dei refomerte gjekk enno lenger og fjerna bileta heilt frå kyrkjeromet, medan lutheranarne inntok eit mellomstandpunkt der bileta vart bevart men fekk ein ny funksjon. Dei vart på mange måtar avsakralisert og ikkje lenger objektive uttrykk for ein guddomeleg røyndom. I tråd med dette vart også Messeofferet og tilbeding av det innvia natteverdsbrødet avskaffa, og ein stod igjen med ein abstrakt og subjektiv versjon av kristendomen. Ein del protestantiske teologar gjer forsøk på å ta tilbake noko av det som gjekk tapt, men som professor Bernt Oftestad påpeikar er det vanskelig å bryta ut av ein tradisjon der det er den subjektive erfaringa som konstituerar det religiøst gyldige.
Ikon av Den heilage Johannes Damaskenos( av Damaskus)

onsdag 8. august 2018
Poesi og venskap
30.mai 1960 døyr den russiske forfattaren Boris Pasternak( 1890 -1960). Han døyr om våren midt i fruktbløminga,ikkje om hausten når naturen går til kvile slik han hadde tenkt seg. Ved sida av sjukesenga heng jakken hans, i innerlomma på venstre side, nærast hjerte, er det ein konvolutt med påskrifta "Det kjæraste", inni den to brevark som nesten er smuldra opp, det eine frå Rainer Maria Rilke, det andre frå Marina Tsvetajeva. Tre av 1900 talets store poetar som knapt møttest men som via brev utvikla eit djupt og inderleg venskap. Breva er samla og gjeve ut. Alle tre fekk meir eller mindre ulukkelege lagnadar, dels pga. dei store historiske hendingane, dels pga. dei val dei sjølve gjorde.
Rainer Maria Rilke (1875 -1926) var den eldste av dei tre, den i ettertida mest kjente, og den dei to andre såg opp til som den store poeten i Europa. Marina møtte han aldri, Boris møtte han som tiåring då han saman med foreldrene var på veg til sommarferie i Odessa. Om bord på toget steig ein mann, Boris far kjenner han med ein gong igjen, det er Rainer Maria Rilke saman med Lou Andreas Salome på veg for å vitja Tolstoj på Jasnaja Poljana. Dei stig av toget, og den unge Boris får eit kort bilete han ber med seg seinare, Rainer Maria gjennom bjørkeskogen på veg til Russlands store diktar.
Opphaldet hos Tolstoj blir så mislukka som det kan, men for Rainer Maria er ikkje Russlands reisa utan utbytte, han reiser heim sterkt inspirert av russisk kultur og religiøsitet. Resten av livet er Rilke ein europeisk nomade, kvilelaust fartande frå plass til plass på leiting etter indre ro og kunstnerisk inspirasjon. Han får aldri ein eigen heim og lever på gåver frå rike vener. Han er fødd utan vern mot livet og tilværets kompliserte og trugande sider, følsom og bare istand til å skriva på inspirasjon. På slutten av livet finn han seg tilrette på Chateau de Muzot i Rhonedalen som vener let han leiga, her fullfører han sine store verk "Duino elegiar" og "Sonetter til Orfeus", og her døyr han av leukemi i 1926 meir forsona med døden enn med livet. Rainer Maria Rilke var ein ivrig brevskrivar og brevvekslinga med Marina og Boris er ein lite kjent del av denne omfattande korrespodansen med kjente og ukjente rundt om i Europa. Breva er kjenslelada, men prega av gjensidig respekt og beundring for kvarandres kunst.
I ein elegi til Marina skriv Rilke:
"Bølger, Marina, vi hav ! Dyp, Marina, vi himmel.
Jord, Marina, vi jord, vi tusenganger vår, lerker
som de bryter ut i sang, som fra det usynlige."
Marina Tsvetajeva (1892-1941) er vel den minst kjente av dei tre. Ho vart ikkje akseptert i si samtid, men blir i dag rekna som ein av dei store i 1900 talets russisk poesi. Ho vaks opp i ein velståande og kunstnerisk familie i Moskva, faren var professor i kunsthistorie. Lik Boris Pasternak var det musikken som vart hennar første kunstneriske uttrykksform, men ho byrja tidleg i ungdomen å skriva dikt. Revolusjonen, borgarkrigen og sovjetstyret var nådelaust mot henne og familien. Ho forlet til slutt heimlandet og levde lenge i eksil i Praha og Paris. Mannen og dottera fekk etter kvart sympati for den raude ideologien, og reiste tilbake til det sovjetstyrte Russland. Marina følgde etter og opplevde at mannen var henretta og dottera sendt til Sibir mistenkt for spionasje. Ho sat igjen svikta av alle, kanskje med unntak av Boris Pasternak, og vel døden for eiga hand i slutten av august 1941. Ingen kjem i gravferda hennar.
Boris Pasternak ( 1890 - 1960) assosierar vel dei fleste med romanen " Dr. Zhivago" som og vart filmatisert og ein stor suksess både som roman og film.. Kommuniststyret såg ikkje med blide auge på denne skildringa av 1900 talets Russland. Boka kom ut i 1957 i Italia og vart på kort tid oversatt til over tjue språk. I heimlandet var han utstøtt, ein ikkje-person, men han vart ikkje arrestert i motsetning til til elskerinna Olga. Han blir tildelt nobelprisen, men etter press frå regimet fraseier han seg denne. Det var likevel ikkje ein karriere som romanforfattar han i utgongspunktet hadde tenkt seg, han gjekk frå musikken til filosofien og vidare til lyrikken. I Russland er det som lyrikar han blir hugsa, og det er gjennom lyrikken han møter Marina Tsvetajeva og Rainer Maria Rilke. Det er mange store lyrikarar i mellomkrigstidas Russland, men ein etter ein vert dei tause. Kanskje er det som forfattaren Osip Mandelstam skriv: " Det er bare i Russland poesien blir virkelig respektert. Å skrive poesi fører til døden. Hvor ellers er poesi et vanlig motiv for mord ?"
Dei levde ikke lukkelege liv desse tre store, men dei eigde skaperevnas trolldomskunst og er ikkje gløymde!
"Farvel, motgangens år.
La oss ta avskjed, du som utfordret
fornedrelsens avgrunn!
Jeg er din slagmark,
Farvel, vide vingeslag,
fluktens frie tross,
og verdens billed, i ordet åpenbaret,
og skaperevnens trolldomskunst."
(Frå Boris Pasternak dikt "August")
Chateau de Muzot der Rainer Maria Rilke budde på slutten av livet og der han fullførte nokon av sine viktigaste verk.( Duino elgiane og Sonnettene til Oreus)

Abonner på:
Innlegg (Atom)