mandag 26. februar 2018

Gotenland - den gløymte deportasjonen

I går 25. februar var det 75 år sidan den siste store jødedeportasjonen frå Norge under naziregimet.
26.november året før var 529 jødar blitt deportert med lasteskipet Donau, og dette er nok mykje meir kjent enn den seinare deportasjonen med Gotenland. Historikar og forfattar av boka "Holocaust i Norge" Bjarte Bruland peikar på at med Gotenland var den siste gruppa av norske jødar sendt til utryddingsleirane i Polen. 158 norske jødar vart sendt til Auschwitz via Stettin og Berlin, berre 6 overlevde.

Deportasjonen med Donau skjedde i all hast, mange jødar vart henta av norsk politi same dagen som dei vart uttransporterte. Jødar frå andre byar i landet, Trondheim, Bergen, Stavanger, Tromsø, nådde ikkje fram til Donau skulle legga ut på si dødsferd.  De måtte derfor internerast på Grini og Bredtveit i påvente av ny transport. Neste transport skulle bli betre organisert sannsynlegvis etter ordre frå Adolf Eichmann, og  leia av politiinspektør Knut Rød. Han vart etter krigen frikjent for dette.

Under tusen norske jødar var ikkje mange i den store samanheng med totalt seks millionar drepne. Likevel sette nazistane inn store ressursar for å få med så mange jødar som mogleg til utryddingsleirane. Bjarte Bruland skriv: " Nazistene sparte ingen i sitt massemord, ingen transporter var for små, verken for de som arbeidet lokalt eller for Adolf Eichmann i Berlin. De 158 norske jødenes skjebne er derfor ikke bare viktig i norsk sammenheng, men det viser det vi i dag kan ha vansker med å tro på; at nazistene satta alt inn på å myrde alle jøder, uansett hvor de befant seg."

Det er 75 år sidan 158 norske jødar vart deportert med skipet Gotenland. Aldri gløyme !


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar