" Der gis megen og forskjellig kristen diktning, Claudels sang lyder høyere, mer fri og mer befriende enn nesten alle individuelle røster som slår opp mot Kristi kors. Og det øker dens fylde at den begynner så dypt nede og så forpint. I sin suverene følelse slår den ihjel de gamle innvendinger om at religionen i alminnelighet og kristendommen mest, binder, at den lammer og stenger ute."
Slik karakteriserar litteraturvitaren Anders Wyllers den store franske forfattaren Paul Claudels (1868 -1955) dikting.
Eg les pater Hallvard Rieber -Mohns op vesle bok om Paul Claudel som kom ut i 1956, året etter at diktaren fekk ei storslått gravferd frå Notre Dame, katedralen som betydde så mykje for han heilt sidan han gjekk inn her julafta 1886 som søkande og forvirra attenåring, og gjekk ut med ei tru som skulle bera han resten av livet. Det er kveldsbøn- vesper, og koret syng Magnifikat - Marias lovsong, den unge Paul Claudel står oppreist i folkemengda, nær den andre søyla ved inngongen til koret, til høgre for sakristiet ( her er seinare lagt ned ei minneplate om denne hendinga: Conversion de Paul Claudel). "Og så inntraff den begivenheten som bestemmer hele mitt liv. I løpet av et øyeblikk ble mitt hjerte grepet, og jeg trodde. Jeg trodde, og det med en så sterk tilslutning, en slik oppstandelse av hele mitt vesen, en så kraftig overbevisning og med en visshet så blottet for noen slags tvil, at siden da har hverken lesning, argumenter eller alle et broket livs omskiftelser kunnet rokke ved troen, ja ikke en gang røre ved den."
Det merkelege er at hans intelektuelle og filosofiske skepsis til kristendomen er intakt, dette er noko som skjer på eit heilt anna plan. Ein stad skriv han om det som : " En som i meg er mer meg enn jeg selv."
Paul Claudels liv hadde to parallelle vegar, hans yrkesvalg vart diplomatiet og han tenestegjorde som fransk diplomat i ei rekkje land, samstundes skreiv han dramatikk, poesi og essay som gav han ein plass mellom dei store i fransk litteratur. For Claudel var det ikkje nødvendigvis nokon motsetning mellom diktinga og diplomatiet, han står fjernt frå det moderne skiljet mellom sakralt og verdsleg. Claudel dramatikk rører seg ikkje i ein moderne psykologisk tematikk, slik ein annan stor fransk katolsk forfattar, Francois Mauriac, gjer, Claudels dramatiske verd er som i Mellomalderens mysteriespel, det er kjærleik, smerte og lidenskap men heile tida under evighetens synsvinkel. Sigrid Undset er vel den einaste norske forfattar som let sine roman personar røra seg i den same røyndomen som Paul Claudels. Han mest kjende drama er "Dagen vender", "Silkeskoen", "Bodskapet til Maria" ,
"Kristoffer Kolumbus liv" og "Jeanne d`Arc på bålet". Lite er omsette til norsk, men "Bodskapet til Maria " kom i 1967 i Halldis Moren Vesaas norske versjon og er spelt på Det norske teateret. Stykket er eit mellomalder-drama og gjev eit fint innsyn i dette store forfattarskapet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar