mandag 16. februar 2015

Eit nytt jødehat

Antisemittismen er på frammarsj i Europa. Dei som er i tvil om det burde verta overtydd etter attentata retta mot kosherbutikken i Paris og mot synagogen i København. I kveld slår danskane ring om sine jødar, det er og i tråd med Danmarks ærefulle historie på dette området. Under andre verdskrigen vart nesten alle danske jødar redda over til Sverige og unngjekk dermed deportasjon til utryddingsleirane. Dette i sterk motsetning til både Norge og Frankrike, der lokalt politi  organiserte  arrestasjon og deportering av den jødiske folkegruppa. Frankrike har ei lang antisemittisk historie, Dreyfus saka rundt forige hundreårsskifte og Vichy regjeringas jødediskriminerande lover er vitnemål om det. Deportasjonane under andre verdskrigen organisert av franske borgarar er det verste eksempelet på fransk antisemittisme. I Frankrike er det i dag 500.000 jødar, mange av dei kom frå franske koloniar i Nord-Afrika som vart sjølvstendige på 1960 talet. I dag lever mange i frykt og er redde for å visa sin jødiske identitet. Sammy Ghozlan leiar byrået som overvaker antisemittismen i Frankrike, Bureau national de vigilance contre l`antisemitisme seier i eit intervju: " Et barn som gjør sin bar mitzvah i dag, har ikke annet valg enn å være oppmerksom. Han tar av sin kippah, tar av sin medalje, skjuler seg, hentes og bringes fra skolen av foreldrene. Han har alltid denne frykten."
Mange franske jødar held ikkje ut denne situasjonen og emigrerar til Israel. I fjor var Frankrike det landet Israel fekk flest immigrantar frå !
I Sverige har ein sett litt av det same, det jødiske samfunnet i Malmø er sterkt redusert av di mange har reist som følgje av ein uttrygg situasjon. I Norge oppgjev 54% av jødane at dei har opplevd antisemittisme, 12 % av nordmenn har sterke fordomar mot jødar!
Å stikka under ein stol og ikkje innsjå at europeiske muslimar står for mykje av jødehatet i dag er både naivt og lite konstruktivt. Det er inga enkel løysing på dette! Sikkerhet både for den jødiske minoriteten og samfunnet generelt er sjølvsagt viktig , men vel så viktig er førebyggande arbeid mot radikalisering av unge muslimar. I Danmark er det eksempel på svært vellukka lokale prosjekt som går på akkurat dette.

Difor i dag : Sjå til Danmark - "Jeg  er dansk ! Je suis juif !"



                               Minnesamling for terroroffera i  København i kveld

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar