"Vi erkänner att
vi under många århundraden varit blinda för ditt utvalda folks skönhet och att
vi i dess ansikte inte känt igen dragen
hos vår äldre bror. Vi erkänner att vår panna är märkt av Kains tecken. Under
många århundraden har Abel legat kastad
på marken i blod och tåror därför att vi glömt bort din kärlek. Förlåt oss den
förbannelsen vi orättvist uttalat över judarna. Förlåt oss för att vi på detta
sätt korsfäst dig en andra gång. Vi visste inte vad vi gjorde… "
(Bøn forma av pave Johannes XXIII kort før han døydde.)
Sr.Sofie Hamring OP tek utgongspunkt i denne bøna når ho skriv om møtet mellom kristendom øg jødedom i boka "Om jag glömmer dig, Jerusalem." Tittelen er henta frå Salme 137 som i norsk omsetjing lyder: Gløymer eg deg, Jerusalem, så lat mi høgre hand bli gløymd.
Sr.Sofie som er har skreve om eit par gonger tidlegare er dominikanersøster i St. Dominikus kloster like utanfor Lund. I 2006 hadde ho eit sabbatsår der ho oppheldt seg i Jerusalem med tanke på å fordjupa seg i jødedomen, og ikkje minst det konfliktfylte forholdet mellom jødedom og kristendom.
For Sr. Sofie vart dette ei djupt gripande erfaring som både inspirerte og utvida hennar eiga tru.
Møte med jødane og jødedomen vert for henne ein reint fysisk manifestasjon av Guds usvikelege løfter. Vel heime skriv ho boka "Om jag glömmer dig, Jerusalem." som kom ut på Artos forlag i 2009. Det er ei personleg skildring av møtet med jødedomen, til dels i eit vakkert og poetisk språk.
Men det er og ein teologisk refleksjon over sambandet mellom jødedom og kristendom, om Den nye pakta som byggjer på Den gamle pakta. Gjennom Sr.Sofies innsiktsfulle skildring føl vi det jødiske året frå nyttårsfeiringa Rosh Hashana til vekehøgtida Chag Hashavout. På vegen får vi med oss så vel det bibelske grunnlaget for feiringa som slik det vert praktisert i dagens Jerusalem.
Dagens betente politiske situasjon kjem ho og inn på og ho åtvarar mot å lesa Bibelen "fundamentalistisk"; gjennom møte med menneske som arbeider for forsoning opplever ho ein stor nåde. Og når det ikkje er nok søkjer ho til den staden som gjev verkeleg kvile: Golgata.

”Där på
stengolvet framför klippan tilbringade jag många timmar, ja säkert många dygn,
och såg upp mot Honom som vi har genomborrat.”
Påskefesten, Pesach, Høgtida for det usyra brødet til minne om utferda frå Egypt blir eit høgdepunkt på i denne "jødiske reisa" til Sr.Sofie. I fastetida blir vi gjennom lesningane til tidebønene særskilt minna om korleis Israelsfolkets utferd frå Egypt peikar framover mot Kristi forsoningsverk. Men ellers i året blir vi og minna om Kyrkjas jødiske arv gjennom den daglege bruken av dei bibelske salmane frå morgonbøn til Kompletorium(siste tidebøn før natta).
Sr.Sofie går langt i å trekkja dette sambandet når ho skriv: Denna natt blir det alldeles tydelig för mig att det judiska folket är en sann epifani av Jesus. Den som möter judendomen möter Jesus Kristus ! Detta folk avslöjer något i hans mänskliga natur som är själva essensen i att vara människa: Jude, Jehudi betyder rent etymologisk ”den som tackar Gud”. Här är det folk som vet att lova Herren!”
Det er mykje som skal forsonast mellom kristne og jødar, Sr. Sofie kjem med sitt vesle men verdifulle bidrag. Det er heller ikkje tvil om at dei siste pavane , ikkje minst Johannes Paul gjorde mykje for å føra forsoningsprosessen vidare.
"Ved elvane i Babel sat vi og gret
når vi tenkte på Sion.
Vi hengde lyrene
opp i piletrea.
Dei som tok oss til fange,
bad oss om song,
dei som bortførte oss,
bad om glede:
Syng ein av Sions songar
for oss"