torsdag 6. juni 2013

Glenne

"Dagen fell djupare inn.
Kryp gjennom steinstøe gjerde.

Strøyer lutrygg og bøn langs tråkka.
Kastar lys over stega med tek

mot oppbrot.

Rekna i rom og tru
-analytiske sprang.

Rekna i tvil og råme
-rullande bordar av røynsle.

Teikna som årsak i nevar
som verknad i dradde andlet

som glimt av ømheit."

Diktet "Glenne" er titteldiktet i Terje Tørrisplass siste diktsamling. Han har bakgrunn som skogsarbeidar i Hallingdal og debuterte i 2010. Både bakgrunnen og dikta kan gje assosiasjonar til Hans Børli som han nokså sikkert er inspirert av. Men her er orginale og spennande formuleringar, fin symbolikk frå dagleglivet
på bygda, arbeidet i skogen og inntrykk frå fjellnaturen. Her er og sterkt personleg prega dikt , " To augustkveldar på setra og ei glipe dag imellom" er kanskje høgdepunktet i boka. Her skildrar diktaren på ein var og nær måte korleis han som åtteåring opplevde tapet av ein eldre bror.
Glenne er eit vakkert ord, det tyder vanlegvis ein open grasvaksen plass i skogen men det kan og tyda ei klår stripe mellom skyene. Begge delar gjev optimistiske og gode assosiasjonar. Ein ser for seg ein grøn flate midt i den tette skogen og så bryt sola igjennom. Det er godt å setta seg ned og kvila.



Ein del av boka har undertittelen "Høgfjell", her finn vi korte dikt med skildring av landskap og flora.

"Fjellfloraens vilje til eksistens.
Grunnen røtene jagar i. Tindeeggen.
Fjellets ryggmerg. Nervebanen til substans.
Hjernens utpostar - dei usikre stega igjennom
namnet Gud.Ytst på kanten av frøets vilkår:
-Issoleie! deg skal eg aldri plukke."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar