torsdag 6. juni 2013

Reservasjonsrett for fastlegar

Helsepersonells reservasjonsrett medfører ein juridisk nedfelt rett til å avstå frå å bidra med helsehjelp som strider mot eiga overtyding. Dette er konkretisert i abortlova med forskrifter, og gjeld her helsepersonell som direkte er innvolvert i abortingrepet. Norske allmennlegar har sidan abortlova kom hatt høve til å reservera seg mot henvisning til abort sjølv om dette ikkje er direkte uttrykt i forskriftene. Dette er ei ordning som i praksis har fungert godt i dei fleste kommunar, dei legane det gjeld har sørga for at dei abortsøkande får time hos ein kollega som ikkje har reservert seg. Så vidt eg veit har det ikkje kome pasientklager på denne ordninga. I 2011 sender så Helse og omsorgsdepratementet (HOD) ut eit rundskriv som fratok fastlegane retten til å reservera seg mot å henvisa til svangerskapsavbrot og assistert befruktning. Det førte til heftig debatt i media, HOD stod steilt på sitt og Legeforeninga støtta heller ikkje reservasjonsretten for fastlegar.
Norges kristelige legeforening argumentert sterkt for reservasjonsretten, og ei rekkje profilerte allmennlegar som sjølv ikkje hadde reserverte seg, forsvarte retten utfrå eit allmenn-etisk synspunkt med vekt på moralsk
integritet og samvitsfridom. Nyleg ser det og ut som legeforeningen er litt på glid i det Sentralstyret opnar for
fastlegars reservasjonsrett i samvitsspørsmål.
Kvifor er dette ei så viktig sak ? Kan ikkje desse legane bare senda henvisninga, det er uansett ikkje dei som står for sjølve inngrepet ? Dei som er motstandarar av reservasjonsretten hevdar at det er ein avgjerande forskjell mellom å utføra ei handling og å henvisa til denne. Men henvisning kan og sjåast som ein integrert del i ei årsakskjede der alle ledd innber same intensjon. For dei som  opplever dette som eit samvitsdilemma ligg formålet abort alt i henvisninga, og denne kan ikkje skiljast frå resten av handlingsgangen. Dette går altså på den einskilde leges moralske integritet og samvitsfridom. HOD har tilsynelatande ingen forståing for dette.
World Medical Association som Den norske legeforening er medlem av, har fleire gonger understreka at legeetikken må gå framfor nasjonal lovgivning, og at legar må kunna reservera seg dersom ein annan kvalifisert kollega overtek ansvaret for pasienten. Europarådets resolusjon  1763/2010 seier prinsipielt det same.I legeforenings etiske reglar står det og: " En lege kan avslå å ta en pasient under behandling, såfremt denne har rimelig anledning til å få hjelp av en annen lege." Ein kan naturlegvis ta med  punktet om tanke og samvistfridom i FNs menneskerettserklæring. Her er altså sterke referansar som kan nyttast i argumentasjonen for reservasjonsrett og samvitsfridom !
Kva ønskjer HOD med denne lite fleksible og arrogante haldninga overfor fastlegar ?  Er det ein ønskje om å forma alle etter det som i dag er "politisk korrekt" ?  Vil ein ikkje lenger ha legar som er etisk reflekterte og som tek sitt samvit og sin moralske integritet på alvor ?
Kampen for retten til å reservera seg er ikkje tapt, det viser mellom anna at Sentralstyret i Legforeninga  er på glid. Det er og ein svært viktig kamp med tanke på dei bioetiske utfordringane vi vil bli stilt overfor i den nære framtida og den meir fjerne framtida. I den nære framtida er det er det mest aktuelle fosterdiagnostikk med tanke på å finna foster med avvik, i den meir fjerne framtida er det eutanasi som vil bli aktuelt.
Skal ein også bli forplikta til å henvisa til fosterdiagnostikk for å påvisa kromosomavvik, og seinare også til eutanasi dersom ein ikkje sjølv vil utføra ?
Meir enn noko gong treng vi fagpersonar med eit høgt etisk refleksjonsnivå som har mot til å stå opp mot
det  sentrale aktørar (HOD og andre), tilsynelatande støtta av majoriteten, vil pressa igjennom !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar