fredag 8. desember 2017

Festen for Marias upletta unnfanging

I dag 8. desember er ein viktig katolsk minnedag, " Festen for Jomfru Maruias upletta unnfanging" -
- " Immaculate Conception Beatae Mariae Virginis".  At Maria var fri frå arvesynd var ein del av kyrkjas lære alt frå Oldkyrkja, men vart gjort til eit dogme av pave Pius IX  først i 1854. Erklæringa av dette dogmet skapte mykje strid både innad i kyrkja, og vart naturleg eg nok kritisert både av protestantar og ortodokse. Men dogmet gav utan tvil ein sterk stimulans til Maria dyrkinga, noko som mellom avspegla seg i openberringane i Lourdes i 1858, der Maria skal ha sagt til Bernadette Soubirous " Eg er den upletta unnfanging." Mange såg på dette som ei stadfesting av dogmet.
Minnedagen i dag har lang tradisjon ikkje minst i fransiskanarordenen, dei stadfesta i 1621 "Den upletta Mor" som sin høgste vernehelgen. Dominikanarane var meir skeptiske av teologisk grunnar, men både karmelittar og jesuittar la sterk vekt på feiringa av festen for Marias upletta unnfanging.

Anselm av Caterbury: " Himmel og stjerner, jord, elver, dag og natt - alle ting som ble skapt til menneskenes gagn - lykkeønker nå hverandre, for ved deg, å Frue, har de gjenfunnet skjønnheten de en gang tapte, og ved deg er en ny og uutsigelig nåde skjenket dem."




Maria statue der Maria viste seg for seks ungdomar i Medjugorje 24. juni 1981.

onsdag 6. desember 2017

Den heilage Nikolas av Myra

I dag 6. desember feirar vi minnedagen for Den heilage Nikolas av Myra, biskop i Myra i Vesle-Asia og ein av dei mest populære helgenar både i den vestlege og austlege kyrkja. Han er skytshelgen for uttalige byar, provinsar, land og yrkesgrupper. Han levde omlag 280 til 345, han skal ha døydd 6. desember og difor er denne dagen gjort til minnedag. Ellers er det lite vi veit om livet hans, men han skal ha delteke på kyrkjemøtet i Nikea, og tek sterkt til orde mot Arius lære (arianismen). Mange myter og historiar knyter seg til Nikolas både før og etter hans død. Han gav gåver til fattige og trengande, hjelpte folk i havsnaud og svolt. At han var så gavmild har vorte tranformert inn i den moderne figuren Santa Claus gjennom folkelege og kommersielle mekanismar. Då muslimane la under seg heile Vesle-Asia inkluderte det også Myra, folk flykta opp i fjellet og berre eit par munkar var igjen og vakta relikviane. Italienske byar ville ha kloa i Nikolas lekam og sjøfolk frå Bari i Sør-Italia fekk til slutt tak i han og tok Nikolas relikviar med til Bari i 1087. Dei er  framleis å finna i basilikaen der. Det gjorde ikkje  Nikolas mindre populær i Europa, kultusen nådde heilt til Skandinavia og i vårt land har vi mellom anna Eidsborg stavkyrkje i Telemark som er vigd til han. Kyrkja hadde ei undergjerande statue som om sommaren vart bore i prosesjon ned til ein innsjø.
Men i Myra (no Demre) finn vi berre den tomme sarkofagen i den restaurerte kyrkja som  er  blitt ein turistattraksjon og ikkje eit levande pilegrimsmål. Vi sit att med den kommersielle og utvaska versjonen Santa Claus, men kanskje er likevel  litt av kjernen  i denne figuren den gåvmilde og fromme biskop Nikolas ?







Frå dagens tidbøner: " Herre, vi ber om din miskunn. Gi oss på forbønn av den hellige Nikolas din bistand i alle trengsler, så veien til frelse alltid må være åpen for oss."


fredag 24. november 2017

Jord fra Tromsø til Johannes Paul museet i Wadowice

Pave Johannes Paul har blitt kalla " The pilegrim pope" - Pilegrimspaven  på bakgrunn av hans mange reiser til land i alle verdsdelar. Totalt gjorde han 104 utenlandsreiser til  129 land, meir enn alle tidlegare pavar tilsaman. Enkelte land vitja han mange gonger, naturleg nok er Polen på topp med ni turar, men også åtte reiser til Frankrike, sju til USA og åtte til Spania og Mexico avspeglar Johannes Paul ønskje om å møte dei truande der dei bur. Han siste utenlandsreise var til Lourdes i Frankrike i august 2004, under eit år før han døydde 2.april 2005.
1-10 juni 1989 vitja Johannes Paul dei skandinaviske landa. Han kom til Oslo 1. juni , dagen etter heldt han fram  Trondheim der han mellom anna deltok på ei økumenisk gudstjeneste i Nidarosdomen. Vitjinga vart avslutta i Tromsø der han feira messe utandørs på Stortorget sentralt i byen.

Karol Josef Wojtyla som han var døypt blei fødd  18. mai 1920 i den vesle byen Wadowice sør for Krakow i Polen. Barndomsheimen er i dag museum der ein gjennom ulike utstillingar får eit grundig innblikk i pave Johannes Pauls liv frå oppveksten i Wadowice til han døydde i Vatikanet  i 2005 etter 27 år som pave. Ein av utstillingane tek for seg Johannes Pauls mange reiser, mellom anna illustrert med små glassboksar med jord frå dei ulike stadane han vitja. Då vi gjekk gjennom museet i vår la eg merke til at dei skandinaviske landa ikkje var representerte i denne utstillinga. Det vart då naturleg å sørga for at det kom på plass! Ein liten boks med jord frå eit blomebed like ved Stortorget i Tromsø vart sendt til museet i Wadowice og blir om kort tid ein del av utstillinga.
Det høyrest kanskje rart ut med dette fokuset på jord, men det er heilt i Johannes Pauls ånd. Når han kom til eit nytt land og hadde gått ned flytrappa, bøygde han seg alltid og kyssa jorda i djup respekt for landet han kom til som gjest!






 Ein liten boks med jord er henta frå Tromsø og er straks klar til å sendast til Wadowice

                                 Stortorget i Tromsø med Vår Frue Domkyrkje i forgrunnen

Utstillingssalen som markerar Johannes Pauls mange reiser. I golvet små boksar med jord frå mange av landa han vitja, no og frå Norge.
Det offisielle navnet på museet er "Muzeum Dom Rodzinny Ojca Swietego Jana Pawla II w
Wadowicach". Det er absolutt verdt å sjå, fine utstillngar og perfekt guiding på engelsk.

søndag 19. november 2017

Poetica: Ei bølge av undring

I diktet " Strender fulle av stillhet"  av Karol Wohtyla (pave Johannes Paul II) fann eg dette ei setning som greip meg og inspirerte meg:
"Er livet en bølge av undring, en bølge høyere enn døden ?"

                                                                   *


Ei bølge av undring

Novemberklår ettermiddag snødekt og solstråleteikna så lyden av barneføter på terrassen leiker dregne fram og attende kort rop latter og varme små hender men slik skulle det ikkje vera for barneføtene er for lengst store no bur dei langt borte og leikene kviler under trappa likevel høyrer du framleis dette når novembersola kverv og det er spor etter små føter i snøen konservert og bortgøymd i tida elva vi ein gong steig ned i og som no strøymer over oss lange rolege bølger som aldri tek slutt. Undringa ei bølge større en livet større enn døden ?


Karmels martyrer

14. november feirar vi festen for alle helgenar i Karmel, dagen etter ber vi  for alle Karmels døde.
Under er ein artikkel eg skreiv om martyrane frå Compiegne i "Elias kilde."







mandag 13. november 2017

Ved Elias Kilde

"Ved Elias Kilde" er vårt vesle  tidsskrift som kjem ut to gonger i året og som no er inne i sin fjerde årgang.  Det er eit tidsskrift for karmelittisk spiritualitet og det er Sekularkarmelittene i Norge som er utgjevar, nærare bestemt "Profeten Elias Fraternitet". Profeten Elias har ein sentral plass i Karmel, og i og med at vår fraternitet har navn etter han var det og naturleg å kalla tidsskriftet " Ved Elias Kilde".
Under er ein liten smakebit frå siste nr. av tidsskriftet inkludert min artikkel om døden som passar godt når vi har bak oss dei to viktige minnedagane for dei døde.
Dersom nokon  som les dette er interessert  i å få tidsskriftet tilsendt regelmessig  kan ein legga inn i ein kommentar på bloggen min eller ta kontakt på mail adresse under !











torsdag 9. november 2017

Oktoberrevolusjonen 100 år

I desse dagar er det hundre år sidan oktoberrevolusjonen (i november avdi Russalnd framleis hadde den julianske kalenderen) som førte til eit brutalt kommunistisk styre fram til 1990. Karakteristisk nok blir revolusjonsjubileet i liten grad markert i Russland,bortsett frå hos dei få som enno svergar til kommunismen. President Putin har bare så vidt nevnt dette, og han ser vel alle tale om  revolusjon som eit trugsmål mot sitt regime!
Oktoberrevolusjonen var vel heller ingen revolusjon, men eit statskupp satt i verk av Lenin som hadde tatt seg tilbake frå eksil i Europa med Tysklands stilltiande aksept. Tsarens brutale regime var styrta alt i februar 1917, og sjølv om situasjonen på mange måtar var kaotisk såg ein kimen til ei meir demokratisk utvikling. Historikar  Øystein Sørensen  peikar på at utan Lenins statskupp  kunne ein med eit kontrafaktisk blikk sjå for seg ei utvikling i retning demokrati. Med eit demokratisk Russalnd ville også resten av 1900 talet sett annleis ut, ikkje Stalins utrenskingar, ikkje Hitlers maktovetaking og den andre verdskrigen. Men kanskje ville andre brutale regime dukka opp ? No vart ikkje utviklinga slik, russarane kom til lenge  å lida under Lenin og seinare Stalins hensynslause maktbruk.

Kommunismen er i sitt vesen antireligiøs og ateistisk, sjølv om det er ein ideologi som kan ha eit religiøst-sekterisk preg. Etter oktoberrevolusjonen starta utover 1920 talet ei forfølging av kyrkja og dei kristne som toppa seg under Stalins regime på 1930 talet. Av Russlands 50.000 kyrkjer var det i 1939 så få som 200-300 som var i funksjon. Det vert og hevda at så mange som 80.000 prestar, nonner og munkar døydde i Stalins fangeleirar. Mange flykta til Vesten etter borgarkrigen, kanskje flest til Frankrike, men i februar 1920 kom også tusen russarar frå Arkangelsk til Norge. Desse grunnla i 1931 Heilage Nikolai ortodokse meinigheit i Oslo.
Trass i forfølgingane levde trua vidare i folkedjupet og dukka fram igjen etter kommunismens fall.
Den ortodokse kyrkja har fått igjen sin tidlegare sentrale funksjon i det russiske samfunnet både på godt og vondt. Den vanlege russar kan igjen hevda at han er ortodoks truande sjølv om dei fleste ikkje er så ivrige i å praktisera sin religion. På den negative sida er kyrkjas tette band til det sitjande regimet,og deira manglande toleranse overfor andre kyrkjesamfunn og religionar.

Under kommunismen var det mange martyrar. Ein av dei var Maria Skobtsova som var fødd i Riga i Latvia i 1891. Ho tilhøyrte ein aristokratisk familie, men gifta seg med ein bolsjevik og hadde som ung poet eit ateistisk livssyn. Etter at eksteskapet tok slutt nærma ho seg igjen kristendomen. Etter borgarkrigen flykta ho og familien til Paris der ho varta nonne og dreiv hjelperbeid mellom flyktningar. Etter krigsutbrotet hjelpte ho også jødiske flyktningar, og ende til slutt i konsentrasjonsleiren Ravensbruck . Ho skal der ha bytta fangenummer med ei mor med fleire barn og enda i gasskammeret neste dag. Maria Skobtsova vart kanonisert i 2004 og er blitt karakterisert som ein helgen av og for vår tid.

Skisse til maleriet " Det svinnande Russland" av Pavel Korin ( 1892-1967). Det vart korkje fullført eller påbegynt sjølv om kunstnaren store delar av livet såg det som sitt store prosjekt.