onsdag 18. mars 2026

Servant of God Ruth Pakaluk

 Det dukkar stadig opp nye helgenkandidatar. Nyleg vart det i bispedømmet Worchester i USA teke eit første initativ til ein saligkåringsprosess for Ruth Pakaluk. Ho hadde protestantisk bakgrunn,men som ung rekna ho seg som ateist og var ivrig forkjempar for kvinners rett til abort. Under studietida på Harvard møtte ho Michael Pakaluk, han kom frå ein katolsk familie men var ikkje lenger truande. Saman søkte dei sanninga og byrja etter kvart å gå til katolsk messe. Michael fann tilbake til Kyrkja og Ruth vart ein del av Kyrkjas fulle fellesskap julafta 1980.Ruth vart sterkt engasjert i Kyrkja både med katekese og ikkje minst i « pro- life» rørsla. Frå å vera forkjempar for abort vart ho forkjempar for det katolske synet på retten til liv. Ho og Michael fekk etter kvart seks barn, ein gut døydde i krybbedød. I nabolaget var ho den omsorgsfulle som tok seg av store og små .Som alle helgenkandidatar var ho fokusert på Eukaristien og gjekk dagleg til messe, ho levde og eit intenst indre bønneliv. I 1991 får Ruth påvist brystkreft, det hindrar på ingen  hennar engasjement, heller ikkje mot slutten av livet då ho lever med spreiing og store smerter. Ho døyr 25.september 1998, bare 41 år gammal.

Var Ruth Pakaluk ein helgen? Tilsynelatande levde ho ei vanleg liv med eit engasjement ikkje ulikt mange andre unge mødre i Kyrkja. Det var ikkje ekstraordinære fenomen knytt til livet hennar, men ho var ei from kvinne som dagleg  praktiserte si katolske tru med stort alvor. Det var sagt at ho praktiserte det ordinære på ein ekstraordinær måte. Det er ein lang veg fram til kanonisering - heilagkåring og kanskje når Ruth Pakaluk aldri der. Men kanskje er det truande som henne vi treng i åra som kjem, tilsynelatande som alle andre men med ei sterk tru næra av Eukaristien som drivkraft for sitt engasjement for andre.



                                     Foto: EWTN News.


«To give life and to defend it. To have faith and to spread it. To be gifted, and to freely give of those gifts.»


søndag 15. mars 2026

Hamnet

 Filmen Hamnet regissert av Chloé Zhao går for tida på noske kinoar.Filmen har fått god kritikk og er oscarnominert. Filmen handlar om William Shakespear og kona Agnes Hathaway basert på ein roman av Maggie O’Farrell frå 2020. Filmen og boka er ei dramatisering av relasjonen mellom den store diktaren og kona Agnes ( det ser ut som både Agnes og Anne er brukt)  frå dei først møtest og blir betatt av kvarandre og til dei må ta inn over seg  den botnlause sorga som rammar dei når 11 årige Hamnet døyr.Historisk er det usikkert kva han døydde av, i filmen blir både han og tvillingsøstera Judith ramma av byllepest, ho overlever, han døyr ein smertefull død i armane til mora. Sorga er tilsynelatande uoverkommeleg særleg for Agnes. William arbeider med skodespelet som vi kjenner som Hamlet ( Hamnet og Hamlet er tilsvarande navn). Slutten av filmen skildrar korleis sorga kan lindrast gjennom kunsten framstilt ved at Agnes og brorens ser framføringa av tragedien Hamlet for første gong. Hamlet- Shakespears mest kjente drama og det mest meiningstunge med eit vidt perspektiv av fortolkingar. Ikkje minst rundt  dei store spørsmål i livet, karakteristisk nok ligg nesten alle dei sentrale karakterande døde når siste scene sluttar. 

Shakespears sonetter handlar og om dei store spørsmål i livet,sjølvsagt kjærleiken men vel så mykje tida og døden som alltid ligg truande i bakgrunnen, også dei stunder der diktaren uttrykkjer: « Shall I compare thee to a summer’s day» for lenger ut i diktet « And summer’s lease hath all too short a date» (sonett 18).For tida er nådelaus: « That Time will come and take my love away./This thought is as a death, which cannot choose/But weep to have that which it fears to lose.» ( sonett 64)Vi veit ikkje kven som først skal gå bort, ein sjølv eller den og dei ein elskar: « Or I shall live your epitaph to make/Or you survive when I in earth am rotten».Men  kunsten kan likevel nå utover tida og døden: « Your monument shall be my gentle verse,/Which eyes not yet created shall o’er- read.» (sonett 81) Sonett 60 som er ein av dei meste kjente sluttar på same måte etter å ha skildra tida som utan nåde « Like as the waves make towards the pebbled shore/ So do our minutes hasten to their end», men det er håp for: «And yet in hope my verse shall stand/ Praising thy worth, despite his cruel hand.»




lørdag 14. mars 2026

Velsigning av mor før fødsel

 Eg var ikkje klar over det, men i bønneboka finn vi heile ritualet for «Velsignelse av en mor før fødsel.» Vi var så heldige å få vera med på det for to veker sidan i St.Svithun. Det er litt over termin og den vesle let venta på seg, men det kjennest trygt å ha fått med denne velsigninga frå pater Pål Bratbak.

« Gud er Herre over alt liv.Han kjenner hver enkelt av oss og leder oss ved sitt forsyn.Når et nytt liv fødes i en kristen familie, ser vi også med tro frem til den guddommelige livets gave som dette barn vil motta i dåpens sakrament. Det er dette vi vil uttrykke i velsignelsen av den vordende mor.Vi ber om at hun må se frem til fødselen med tro og håp, og at hun allerede nå må ha en mors kjærlighet til det barn hun bærer.»

Skriftlesning: Luk 1.39-45. Marias vitjing hos sin slektning Elisabet

Velsignelsen: «Herre,vår Gud, menneskeslektens skaper, din Sønn lot seg føde av Jomfru Maria ved Den Hellige Ånds kraft.Slik skulle han frelse og gjenløse menneskene ved å betale arvesyndens gjeld.Velsign denne din tjenerinne og ta nådig imot hennes bønn.Hun ber deg ydmykt for barnet hun skal føde, at det må være velskapt og friskt. Gi henne en lykkelig forløsning. La barnet hun føder, bli opptatt blant de troende, tjene deg i alt og vinne det evige liv. Ved Kristus vår Herre.»

Sub tuum praesidium

Under ditt vern tar vi vår tilflukt,

Hellige Guds Mor.

Ta nådig imot de bønner vi ber i våre trengsler,

og frels oss fra alle farer.

Du evige jomfru, velsignet og herlig.




lørdag 7. mars 2026

Nye katolikkar i påska

 Frå bispedømme i mange land blir det meldt om rekordmange som vil bli ein del av Kyrkjas fulle fellesskap denne påska. Tradisjonelt har påskenatts messa vore tidspunkt for dåp av vaksne og opptak av konvertittar som tidlegare er døypt i andre kyrkjesamfunn. Dei som har meldt seg no har gått igjennom opplæring i Kyrkjas praksis og tru over 1-2 år og avlagt skriftemål før dei påskenatt får del i sakramenta , dåp, ferming og første kommunion. Dei blir støtta av fadrar og heile meinigheiten denne gledesfylte kvelden!

I Frankrike blir det meldt om 20.000 kandidatar, det er ein markert stigning frå 4000 i 2015. I Paris er det nær 800, tilsvarande i byar som Lyon, Toulouse, Orleans, Rennes og Versailles. Over alt ein markert auke dei siste åra.Biskop i Pontoise Benoît Bertrand uttaler at dersom dette held fram vil det i løpet av dei neste fem åra forandra våre kristne fellesskap fundamentalt, dei nydøypte vil « evangelisera oss» gjennom sin iver og evne til å uttrykkja trua i notidas kultur.

Tidsskriftet «The Tablet» melder om ein tilsvarande trend i England. Det høgste antallet dåpskandidatar både i Londons bispedømmer, og i mellom anna Birmingham og Manchester.Enkelte menigheiter opplever opptil 60 prosent auke i nye medlemmer. Det har vore fokus på unge og konservative menn som vender seg mot kristendomen, men i til dømes Soutwark var det eit fleirtal kvinner. Dei fleste er under 35 og utan tidlegare kristen bakgrunn. Men det er ikkje for seint sjølv om ein er over 80, den eldste kandidaten i England er 88 år!

Erkebiskop Richard Moth  uttaler: « Cathecumenes  and candidates you have heard the gentle promtings of the Holy Spirit. Your presence here is a sign of your respons to Gods call. Your response is an example to us all.»

Kyrkja har ikkje teke noko spesielt initativ som kan forklara denne trenden. Mark Davies, biskop i Shrewsbury : «It’s all the more remarkable because this new generation of converts have been drawn to the Church by no special initative on our part, rather by the constancy of faith, the reverence of worship and the authentic witness they have found.»

Vi har sett ein tilsvarande utvikling i Norge, om enn i mindre omfang enn i England, Frankrike,USA og Australia. Vi har all grunn til å vera takksame for dette, ta i mot dei nye med opne armar og forbøn.