I går blei det annonsert frå Vatikanet at Den salige Giorgio Frassati ( 1901- 24) vil bli kanonisert i løpet av året. Han vart saligkåra i 1990 av pave Johannes Paul, og det mangla bare eit mirakel før det siste steget på vegen til å bli erklært som helgen. Navnet hans har vore framme i samband med Verdsungdomsdagen, og han vil bli vernehelgen for denne katolske markeringa, men og for ungdom generelt og for fjellklatrarar.
Han vart fødd i Torino i 1901 i ein ikkje spesielt religiøs familie. Faren var avismann, men og politisk emgasjert, av livssyn agnostiker. Alt i barndomen viste Georgio omsorg for andre, langt utover det ein kan forventa av eit barn. Som tenåring og seinare student var han sterkt engasjert i sosial arbeid, men han såg og utover dette, og hadde klare meiningar om sosial rettferd og mot den framvaksande fascismen i Italia. « Veldedighet er ikkje nok, vi treng sosiale reformer.» Han var aktiv i katolske organisasjonar som St.Vincent av Paul gruppe og har var legdominikanar. Då han var ferdig med ingeniørstudiet ville faren gje han enten ein ny bil eller eit relativt stor fond, karakteristisk nok valde han det sist med tanke på å kunna bruka pengane på andre og ikkje seg sjølv.
Giorgio Frassati var ein fysisk sprek mann, ein dyktig sømjar, men det var særleg fjellklatring han hadde stor glede av. Han var medlem av Club Alpino Italiano, og klatra på fleire av toppane over 3000 meter i Nord- Italia. Klatreturane vart og eit høve til å utdjupa venskap gjennom felles bøn, meditasjon og andelege samtalar. På eit bilete frå hans siste fjelltur skreiv han « Verso L’Alto » ( Mot høgdene). Det har blitt eit motto for unge som inspirert av Frassati strebar etter eit liv « I høgdene» med Kristus.
Etter ein båttur sommaren 1925 kjente han seg dårleg, og det vart konstantert poliomyelitt. Han døydde få dagar seinare 4. juli 1925 berre 24 år gammal. Trass i sitt korte liv sette han varige spor etter seg. Ei stor folkemengde møtte fram på gravferdsdagen. Ein saligkåringsprosess vart starta alt i 1932, og no vert vi informert om at helgenkåringa vil finna stad i løpet av året vi er inne i no.
Salige Giorgio Frassati be for oss!