tirsdag 17. oktober 2023
Louise Glück in memoriam
tirsdag 10. oktober 2023
Rosenkransen
Rosenkransen
Oktober er
Rosekransmåneden, og selv om Kirken oppfordrer oss til å be Rosenkransen hele
året vil vi i måneden som ligger foran oss ha særlig fokus på denne rike
bønneformen. Tradisjonen med å be Rosenkransen skriver seg Middelalderen, det var
sannsynligvis dominikanermunker som var opphavsmenn til Rosenkransbønnen.
Senere har bønneformen hatt varierende popularitet, men fikk et kraftig
oppsving i forbindelse med Jomfru Marias åpenbaringer i Lourdes og Fatima, og
så igjen under pave Johannes Paul II. Opprinnelig var Rosenkransen delt inn i
tre ulike mysterier med fem sentrale evangeliske hendelser i hver av dem. Det
var de gledesfulle, lidelsesfulle og herlighetsfulle mysterier bedt på to ulike
dager i uken. Pave Johannes Paul II la i 2002 til «Lysets mysterier» som vi ber
torsdager. Selv om vi ber Ave Maria på hver av de små perlene er ikke
Rosenkransen primært en bønn til Maria, det er en bønn vi ber til Sønnen sammen
med Maria! Rosenkransen starter med Trosbekjennelsen, men hele bønnen blir en
trosbekjennelse der vi ved ukens avslutning har hatt fokus på de tjue mest
sentrale sannhetene i vår tro. I St. Ansgar vil det bli hengt opp en rosenkrans
ved Maria kapellet, og Fatima statuen blir tatt frem og blomsterpyntet.
Menigheten disponerer også en mindre statue som kan lånes ut etter avtale. Det
blir også Rosenkrans-prosesjon (se programmet) ut i byen der vi synger Ave
Maria di Fatima på ulike språk. Alle oppfordres til å be Rosenkransen for seg
selv eller enda bedre sammen med familien eller trossøsken!
I disse mørke tider med krig og uro må vi be Rosenkransen for alle lidende og undertrykte !
(Fra St. Ansgar nytt)
Medjugorje. Jomfru Maria høyrer alltid våre bøner
fredag 6. oktober 2023
Mellomalderkyrkjer i Hordaland
Kristendomem kom tidleg til Sør-Vestlandet, kanskje alt på 800 talet, men det er sparsomt med arkeologiske funn frå denne tida. Eit av dei tidlegaste teikna på kyrkjebygg finn vi i Kinsarvik der det er teikn på at steinkyrkja vart bygd rundt ei tidlegare stolpekyrkje frå tidleg på 1000 talet. Desse tidlege kyrkjene hadde reisverk av stolpar sett ned i grunnen, og var då utsett for råte. Dei vart erstatta av stavkyrkjene frå 1100 talet. Bygningsteknisk var dette eit stort framskritt, kyrkjene var løfta opp på sviller fundamentert på steinar over bakkenivå. I Mellomalderen vart det omlag seksti stavkyrkjer i Hordaland, men trebygningar var utsett for ver og vind,og ved inngongen til 1800 talet var det berre tre att, dei andre var til nedfalls og revne på 16 - 1700 talet. Dei tre som var att Holmedal, Vikøy og Øystese forsvann i åra framtil midten av 1800 talet. Røldal er den einaste stavkyrkja som står att, men var tidlegare underlagt biskopen i Stavanger og ikkje rekna til Hordaland.
Etter kvart kom det steinkyrkjer, først i dei ytre stroka av Hordaland, Moster som skal ha vorte grunnlagt av Olav Tryggvason, Fitjar og Årstad. Kyrkjer i stein var meir i tråd med det som var vanleg ute i den store verda. Kong Magnus Lagabøte roste folk på Voss då dei bygde si første steinkyrkje. Utover 1200 talet kom det fleire steinkyrkjer i tillegg til stavkyrkjene og omlag år 1300 hadde alle større bygder i Hordaland si soknekyrkje, enkelte som Etne hadde fleire. I Seinmellomalderen fram til Reformasjonen vart det ikkje bygd nye kyrkjer.
Hordaland hadde fire hovudkyrkjer så kalla fjerdingkyrkjer, det var Kinsarvik, Skåla i Kvinnherad, Voss og Hamre. Dei vart bygde utover 1200 talet samstundes med store prosjekt i Bjørgvin, Holmen med Håkonshallen, Apostelkyrkja, Kongsgarden og Mariakyrkja. Vi hadde alt to store klosteranlegg , Lysekloster som var eit cisternciensarkloster grunnlagt i 1146,Halsnøykloster eit augustinarkloster grunnlagt 1163.
Kven bygde desse kyrkjene? Det var neppe lokal kompetanse til å fullføra tildels avanserte bygningskonstruksjonar. Handverkarar kom utanfrå, sikkert dels frå utlandet. Dei utgjorde ofte såkalla bygghytter som var grupper med handverkarar, steinbyggarar, murarar og tømmermenn, som nok drog frå prosjekt til prosjekt. Steinkyrkjene er konkrete prov på kor dyktige desse mennene var! Eit døme er avanserte vindaugskonstruksjonar som vi mellom anna finn i austvindauga i Kvinnheradkyrkje frå slutten av 1200 talet. Det er sprosser i såkalla grindverk. Det vitnar om nær kontakt med resten av Europa i det vi finn slike grindverkssprosser både i Kvinnherad og i fransiskanarkyrkja, no Domkyrkja i Bergen , etter eit mønster vi finn i katedralen i Reims og i Westminster Abbey.
1100 - 1200 talet var eit høgdepunkt for kyrkjebygging i både Hordaland og ellers i landet. Nye kyrkjer fekk vi først på 1600 talet, det var då gjerne stavkyrkjer som vart reve og erstatta med nye trekyrkjer. Vi har heldigvis mange flotte steinkyrkjer igjen som vitnemål om kristendomens første tid i landet vårt.
torsdag 5. oktober 2023
Gratulerer med nobelprisen Jon Fosse
Gratulerer med nobelprisen i litteratur JON FOSSE! Det er mange som i dag gledar seg over nobelprisen til Jon Fosse. Han har lenge vore ein sterk kandidat til prisen og det er stor semje om at dette var velfortent. Det er 95 år sidan litteraturprisen sist gjekk til ein norsk forfattar, Sigrid Undset. Dei har det til felles at dei er omsett til mange språk, Jon Fosse til femti språk, og blir lest over heile verda. Det må og nemnast at begge er konvertittar til katolisismen!
Jon Fosse debuterte i 1983 og har seinare gjeve ut over 40 bøker i mange sjangrar, romanar, poesi, essay, barnebøker og ikkje minst dramatikk, han er den mest spelte norske dramatikarar etter Ibsen. Hans skrivestil er språkleg enkel men innhaldsmessig djup og komplisert. Dei enkle og gjentakande setningane er gjenkjennelege og unike for Fosse. Eg set stor pris både på dramatikken, poesien og romanane. Septologien er sjølvsagt ein favoritt, det er stor litteratur med klare sjølvbiografiske element. For ein vestlending som har konvertert til Den katolske kyrkja er det mykje gjenkjenneleg i kunstnaren Asles liv. Det er veldig vestlandsk og samstundes så universelt!
Fosses poesi er enkel og vakker, dels modernistisk, dels i meir tradisjonell form. I samlinga “ Stein til stein” finn eg ei lita perle til slutt, så enkelt, vakkert og djuptloddane.
Nattsalme
Det finst ei jord som opnar opp
sitt djup av svarte natt
og løyner både sjel og kropp
til ingenting er att
Det finst ei natt som møter deg
og tek deg djupt imot
og let deg kvila æveleg,
di hand, di sjel, din fot
Det finst frå Gud i alt som er ,
i jord og nattevrimmel,
di sjel er hans, du er hans verd,
du lyser fram hans himmel.
Jon Fosse er og gjendiktar særleg av tysk språklege poetar som Georg Trakl og Rainer Marie Rilke. Men og greske klassikarar som Aiskylos, dramaet Oresteia i Jon Fosses utforming går for tida på Det norske teateret.
Kanskje passer det å avslutta med gjendiktinga av Rilkes Herbsttag - Haustdag
Herre:det er tid.Vår sommar var så stor.
Legg dine skuggar opp på solura
og lat så vindar blåsa over jord.
Og bed dei siste frukter fylle seg;
og gjev dei enno nokre varme dagar,
krev dei fyllest no i dine hagar
og gjev si siste tyngd til vinens preg.
Den framleis utan hus, han byggjer ikkje no.
Den framleis einsam, han blir einsam lenge,
og vaker, les, skriv lange brev, vil trenge
og gå i allear alltid utan ro
og sjå lauvet flagre, ikkje henge.
mandag 2. oktober 2023
Holodomor
Russlands pågåande brutale krig mot Ukraina er på ingen måte første gong ukrainarane vert utsett for nabolandets hensynslause framferd. Sannsynlegvis er det ikkje noko som kjem opp mot det som skjedde for 90 år sidan. Stalins tvangskollektivisering tok til i 1929, og gjekk særleg utover Ukrainas bønder. Det første til ein svoltkatastrofe som toppa seg vinteren 1932-33. Stalins strategi var å svelta ut sivilbefolkninga og sannsynlegvis var det nærare fire millionar som døydde under dette som seinare har vorte karakterisert som eit folkemord. På same måte som Putin karakteriserar ukrainarane som nazistar, peikte Stalin dei ut som svikarar og sabotørar! Dette var ukjent historie i SovjetUnionen heilt til Gorbatsjov løsna på sensuren på 1990 talet.
I Vesten er det den amerikanske forfattaren Anne Applebaum som har dokumentert desse brutale åra i boka “ Rød sult. Stalins krig mot Ukraina”. I Ukraina er dette levande historie, det er besteforeldre og oldeforeldre til dagens ukrainarar som vart utsett for dette. Det ukrainske ordet for dette er HOLODOMOR - utrydding gjennom svolt. I hovudstaden Kyiv finn vi eit minnesmerke som gjer sterkt inntrykk( sjå bilete under).
I folkeretten er folkemord definert som eit internasjonalt brotsverk med siktemål å øydeleggja ei nasjonal, etnisk eller religiøs gruppe. Svoltkatastrofen i Ukraina fyller denne definisjonen, og 30 land inkludert Vatikanet og Europaparlamentet har gått god for at Holodomor var eit folkemord. Norge har til no ikkje gjort det!
President Zelenskij sa nyleg i ein tale i Nederland at å kalla ting ved sitt rette navn er nøkkelen til rettferd, og til å hindra at det skjer igjen.
Minnesmerket i Kyiv med den svoltne jenta