søndag 9. juli 2023

Seljumannamesse

 8. juni og vi markerar Seljumannamesse til minne om Den heilage Sunniva og hennar ledsagarar over havet frå Irland til Nord- vestlandet. Historien om Sunniva og seljumennene fekk stor innverknad på kristendomens vekst i tidleg Mellomalder. Selja var eit av dei tre første bispedøma ved sida av Oslo og Nidaros. Bispedøma fekk då kvar sin helgen, Olav, Hallvard og Sunniva. Er dette historie eller legende? Det får vi ikkje noko endeleg svar på, legende  bygd opp rundt historiske hendingar er kanskje det mest nærliggjande? Kanhende er det heller ikkje så viktig, for legenden kan også nyttast for utbreia Evangeliet! Den avsides liggjande øya Selja vart eit senter i den tidlege kyrkja, men kanskje ikkje så avsides når ein ser at sjøen var den tids viktigaste transportveg. Her vart bygd eit benediktinar kloster som forsvann etter Reformasjonen,men som ein enno finn restar av. Like ovanfor klosterruinane ligg grotta der Sunniva skal ha blitt funnen og lagt i eit skrin som på 1100 talet vart plassert i Kristkyrkja i Bjørgvin. Grotta er kanskje eit av dei tidlegaste kyrkjerom i Norge? Det er ei særeigen stemning her inne som eg prøver å skildra i diktet under.Det heilage er like i nærleiken, ein kan kanskje bare strekka ut handa og bli møtt frå den andre sida !


                                 Selja

Ikkje vindkast og uroleg sjø mot Stadt

men havet krystallklårt og speglande

som ei flate vi kunne stiga ut på

gje oss på vandring mot horisonten

og gå dei i møte dei som kom over Nordsjøen

for over tusen år sidan

bore fram av trua og bølgjene

Den heilage Sunniva og Seljumennene

steig i land og vart verande

næra av vona og nåden

himmelen vida seg ut over dei

og over stormen, havet og fjella

heilt til det uskapte ljoset

braut igjennom og viste veg

for alle dei som kom etter

over havet eller langs ulendte stiar

for å æra skrinet med Sunnivas lekam

det som bar i fem hundre år

for så å dekkast med gløymsle

i fem hundre nye år

berre ein og annan vandringsmann

kom her i kuling eller solgylt sommardag

drakk av kjelda og det var nok

men så ein dag skulle det uskapte ljoset

på ny bryta igjennom og visa veg

til mysteriet så nært så levande

at  vi berre kunne strekkja ut handa

og verta møtt av gjennombora hender

frå den andre sida

som eit forsiktig kjærteikn

som ein lovnad som ber gjennom natt og einsemd

aldri åleine den lange vegen heim.

 

 





Selja ein vakker sommardag i 2012.

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar