Kilden i går kveld med Kristiansand symfoniorkester, Kilden vokalensemble og dirigent Eivind Aadland. Først Rameaus Les Indes Galantes som for meg er kjent musikk, og Ravels hylling av Couperin, Le Tombeau de Couperin. Etter pausen det som var hovudverket , Gabriel Faures Requiem, parallelt med den fascinerande filmen « Sky Burial» av Mat Collishaw. Det vart ei stor forestilling som gjorde inntrykk. Faures Requiem kjenner vi godt, det er vel kanskje det mest populære Requiem etter Mozarts? Det er hans opus 48 som han arbeidde med mellom 1887 og 1890, men som fekk si endelege form i 1900. Det vart første gong framført i 1888. Bakgrunnen for verket er ukjent, kanskje var det dødsfallet til komponistens foreldre få år tidlegare. Faure som verka som organist store delar av livet, skreiv både sakral og verdsleg musikk, men hans Requiem er utan tvil det mest spelte og verdsette verket. Det er basert på den katolske dødsmessa, men Faure gjorde ein del forandringar i høve til den latinske orginalteksten. Mest tydeleg er det at Dies Irae delen er bytta ut med Pie Jesu, den kanskje vakraste og mest « himmelske» delen av musikkverket. I går strålande framført av sopranen Guro Utne Salvesen!
«Pie Jesu, Domine, dona eis requiem
dona eis requiem sempiternam requiem»
Så føl vi samstundes Mat Collishaws film om døden, ritualer, ånd og natur. Inngangsporten er eit forfallent leilighetsbygg, vi dukkar gjentekne gonger inn i bygget til soverom der det ligg ein eldre døyande person omgjeven av sørgande pårørande. Kamera fokuserar på andletet til den døyande, det verkar fredeleg og forsona. Så er vi brått over i eit harmonisk naturlandskap, elver som buktar seg gjennom grøne sletter med ei nedgåande sol i bakgrunn. Så tilbake til dødscenen, der den eldre døyande har gått over grensa inn der tida ikkje lenger finst. Dei pårørande sørger, men det er vakkert, roleg, naturleg og vakkert. Slik vi også opplevde det for tre år sidan då min gamle far etter fleire år på sjukeheim sovna roleg inn. Det opplevdest fint, ikkje minst på bakgrunn av at eit oldebarn hadde kome til verda like før!
Kontrasten er stor til avslutninga på filmen, parallelt med Faures «Libera me» og « In Paradisum». Sky burial som tittelen refererar til er den eldgamle skikken vi finn hovudsakleg i det buddhistiske Tibet. Jhator er navnet på denne unike skikken der den døde lekamen blir bore opp på ein høgtliggande plass , delt opp for så å bli konsumert av gribber! Det verkar makabert på oss, slik det siste animerte innslaget i filmen nok gjorde på dei fleste i salen. Men skikken er forståeleg utifrå buddhistisk tankegong, og på grunn av at dette var eit naudsynt alternativ når det ikkje er nok trevarer for kremering, og det er tele i jorda heile året! Det slår meg kor ulikt det buddhistiske synet på lekam og sjel er frå det kristne som representerar ei radikal oppgradering av materien generelt og den menneskelege lekamen spesielt. Men det er likevel noko fint i desse kontrastane, vi er materie, vi er ein del av den store naturen, men vi er og ånd og von om Paradis og oppstode.
« In Paradisum deucant Angeli in tuo
Adventu suscipiant te Martyres
et perducant te in civitatem sanctam Jerusalem»
( Må englene føre deg til paradiset, må martyrene ta imot deg når du kommer og føre deg til den hellige byen Jerusalem)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar