Innlegg i Dag og Tid 31. mars i år.
Sjukdom hos statsleiarar i eit
kontrafaktisk perspektiv.
Med stor interesse
las eg Bernt Hagtvets artikkel om Stalins død. Med hjartesjukdomar som
fagområde og interesse for historie er eg oppteken av sjukdoms innverknad på
realpolitikk. Når eg ser det ikoniske bilete frå Jalta- konferansen, er det
sjukdomen desse tre har til felles som slår meg. Dei er alle storrøykarar, dei har høgt blodtrykk og utbreidd
arteriosklerose (åreforkalning), og dei døyr alle av slag . Nokså
parallelle sjukehistoriar finn vi og hos Lenin og president
Woodrow Wilson.
Churchill levde ikkje eit sunt liv, og som
Stalin hadde han høgt blodtrykk, fleire større og mindre slag også etter at han
vart attvalt i 1952. Men han var likevel over 90 år gammal då han fekk
eit siste slag i 1965, og sovna roleg inn i heimen sin .
Mest interessant er kanskje Franklin D.
Roosevelts sjukehistorie og død. I 1944 vart han attvalt for ein fjerde
periode, men han var ikkje så frisk som lækjarane hevda. Admiral og
lækjar McIntire uttalte: «His present
health is excellent». På Jalta verka han svekka og Churchills lækjar gav han
maksimalt eit par månadar igjen å leva. Han fekk rett, to månadar seinare om
morgonen 12. april fekk Roosevelt brått sterke smerter i
bakhovudet, han vart medvitslaus og døydde etter eit par timar. «Som lyn frå
klar himmel» skreiv avisene, ikkje noko kunne vera lengre frå sanninga.
Roosevelt hadde i 1935 eit normalt blodtrykk, seinare steig det gradvis til
ekstreme verdiar, under Jalta- konferansen 260/150. Det var og teikn på
komplikasjonar frå hjarta og nyrene. Alarmklokkene mine ville ringt stilt
overfor ein slik pasient, det gjorde dei ikkje for presidentens lækjarar. Det
er fleire grunnar til det, på denne tida hadde ein mangelfull kunnskap om faren
ved høgt blodtrykk, og det var heller ikkje effektive medisinar tilgjengelege.
Sannsynlegvis var Roosevelt svekka både fysisk og mentalt, og hadde ikkje
krefter til å stå opp mot Stalin på Jalta?
Høgt blodtrykk og slag var hyppig på
1900 talet både hos høg og låg. I dag har vi ei rekkje effektive medisinar,
dessutan akutt intervensjon både ved hjarteinfarkt og hjerneslag. Det spennande
kontrafaktiske spørsmålet er om historia hadde teke ein anna retning dersom
desse statsleiarane hadde hatt tilgang på det dagens slag – og infarktpasientar
har ?
I 1995 markerte tidsskriftet The New
England Journal of Medicine at det var 50 år sidan Roosevelts død, og trykte
ein artikkel der det avslutningsvis står: «In retrospect, one cannot help but
wonder what course history have taken had modern pharmacotherapy been
available to control FDR`s blood pressure.» Svar får vi ikkje, men
kontrafaktisk historie kan kanskje gje oss litt innsikt i alt det
tilfeldige som styrer dei store linjene i politisk historie !