onsdag 17. mars 2021

Edith Stein - Liv og tanke.

 Edith Stein (1891- 1942) og kjent under kloster- og helgennavnet Theresia Benedicta av Korset spenner vidare enn dei fleste på 1900 talet både  i sitt forfattarskap, sin livslagnad og sin innverknad såvel på samtida som på ettertida. Magdalene Thomassen kom i 2014 med boka "Den troende tanke. Studier i Edith Steins forfatterskap" med artiklar om både hennar filosofiske og religiøse tekstar, det er og med ei omsetjing av Edith Steins tekst "Kirkens bønn" frå 1936. Sjølv om ein kjennar hennar historie og ein del  av dei religiøse tekstane gav boka ny innsikt i Edith Steins filosofi. 

Det er tilsynelatande mange sprang i hennar livshistorie og forfatterskap, men kanskje er dett berre i det ytre, kanskje er det ein raud tråd, sjølv ville ho nok sagt at denne raude tråden var ein stadig djupare gudserkjenning. Fødd i ein praktiserande jødisk familie som den yngste av elleve søsken i 1891, men etterkvart mista ho si barnetru og rekna seg som ateist. Ho studerte filosofi under Edmund  Husserl, og  fordjupa seg i den fenomenologiske retninga som han var den fremste eksponenten for. Det førte fram til doktogradsarbeidet  "Om innfølingens problem" frå 1916. Her avtegnar seg to av hennar hovedtema, spørsmålet om det er mogleg å skapa forståing og fellesskap menneska imellom og den menneskelege personens natur. Parallelt med dette byrjar ho i denne tida å nærma seg den gudstrua ho tapte i ungdomen. Dette var ein både intelektuell og eksistensiell prosess,  men personlege relasjonar hadde også stor påverknad, ikkje minst veninna Hedwig Conrad-Martius, sjølv fenomenolog på veg mot ei kristen tru. Det var hos henne ho kom over Teresa av Avilas sjølvbiografi, og etter å ha lest den i eitt strekk  forstod ho "at dette er sanninga". I  1922 vart ho teke opp i Kyrkjas fulle fellesskap, og det inneleia ein periode der ho fordjupar seg i katolsk tru og liv, ikke minst Thomas Aquinas. " Ved å lese den hellige Thomas så jeg for første gang muligheten for å sette viten i Guds tjeneste, som en slags gudstjeneste" skriv ho. Thomas filosofiske realisme tiltalte henne nok meir enn Husserls idealistiske tendensar, der røyndomen  blir gjort avhengig av vår erkjenning og dermed det subjektive.

Vel så sentralt var Edith Steins studium av og etter kvart praktisering av den kristne mystikken  som ho såg som det sentral i Kyrkjas indre liv. Alle liturgi og kristent bøneliv er på ein måte "mystikk i praksis". Teresa av Avila var hennar inngongsport til Kyrkja og blir nok og hennar inspirator vidare, i 1933 tek ho konsekvensen av dette og vert novise i karmelklosteret i Köln.  I 1933 er eit lagnadsår for Tyskland, og som jøde må ho fem år seinare i 1938 flykta til karmelklosteret i Echt i Nederland. Ho forset sitt forfattarskap og er særskilt oppteken av korsmystikken, hennar uavslutta siste verk er "Korsvitenskap", ein analyse av Johannes av Korsets teologi. Nederland viser seg å heller ikkje vera ein tygg tilhaldsstad etter Nazi-Tysklands åtak på landet i 1940. Edith må sjølv bera korset inn i martyriet.

26.juli 1942 vert det lese opp eit hyrdebrev frå landets biskopar i alle katolske kyrkjer i Nederland, det er eit opprop til protest mot  jøde- deportasjonane. Nazistane reagerte med å internera  alle katolske jødar i landet, dei fleste blir etter kort tid  deportert til Auschwitz. Edith og søstera Rosa blir sannsynlegvis sendt rett i gasskammeret 9. august 1942.

I ettertida har det blitt aukande interesse for denne særmerkte kvinna, både som  fenomenolog, teolog , karmelittnonne, mystiker og martyr.  I 1987 vart ho saligkåra, 11. oktober 1998 vart ho heilagkåra og året etter utnemd til skytshelgen for  Europa. Her var nok pave Johannes Paul II, som heile livet hadde ein sterk kjærleik til Karmel, ein sterk pådrivar.



" I det skjulte og i stillhet fullføres gjenløsningens verk. De levende byggestenene som Guds rikes bygges ved, det utvalgte redskapene som byggverket krever, forberedes i hjertenes  stille samtale med Gud. Denne strøm av mystikk som går gjennom alle århundrene, er ikke en forvillet sidegren, avsondret fra Kirkens bønneliv - den er Kirkens innerste liv.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar