søndag 17. januar 2021

Om bøn og lengsle

 Kan også nyare skjønnlitteratur inngå i visdomstradisjonen? Eg les Jon Fosses septologi del III-V der kunstnaren Asle funderar over dei små og ikkje minst dei store spørsmål i tilværet som tildømes sambandet mellom bøn og lengsle. ".... og eg tenkjer at inne i alle menneske er det ei djup lengsle, for alltid alltid lengtar vi etter noko, og vi trur det er det eine eller det andre, det eller det, den tingen eller den tingen, men eigentleg lengtar vi etter Gud, for mennesket er heile tida ei bøn, gjennom si lengsle er mennesket ei bøn, tenkjer eg........"

Her står han i ein solid tradisjon, i si utlegning av salme 38 skriv kyrkjefaren Augustin: " For selve din lengsel er din bønn; varer lengselen ved , gjør bønnen det også. For det er jo ikke uten grunn apostelen sier: Be uten opphør(1 Tess 5,17). Når han sier: Be uten opphør, betyr det at vi uopphørlig skal ligge på kne, til stadighet ligge utstrakt eller stå med løftede hender ? Hvis det er det det betyr å be, tror jeg ikke vi er istand til å gjøre det uten opphør.
Men det finnes en annen, en indre bønn som er uten opphør, og det er lengselen. Uansett hva du gjør, holder du ikke opp med å be hvis du lengter etter sabbaten. Hvis du ikke vil holde opp med å be, hold da ikke opp med å lengte."
Er det denne lengsla som er det djupaste i oss, er det kjernen i vår identitet ? "Eg er ein annan" har Jon Fosse sett som tittel på dette bandet i verket om Asle, kven er denne andre ? Ulike personar dukkar opp i romanen, men kanskje er dei berre uttrykk for ulike sider ved hovudpersonen ? Fosse tek utgangspunkt i eit sitat frå Arthur Rimbaud (1854-91) "Je est un autre", det let seg ikkje omsetja til norsk for vi bøyer ikkje "å vera" (etre) ulikt i første og tredje person. På engelsk ville det bli " I is another". Vi som hadde fransk på gymnaset på 1970 talet ville fått ein raud strek under dette, men Rimbaud lukkast i å vri på både normer, gramatikk og identitet slik han gjorde med all sin poesi. Han skreiv som opprørsk tenåring, etter 20 års alder levde han som bohem og eventyrar. Hans poetiske symbolisme verka som ein døropnar for andre, ikkje minst for den attenårige Paul Claudel ( (1868-1955). Etter å ha lest Rimbauds diltsamling "Les Illuminations" vart han verrkeleg opplyst og følte at "Det overnaturliges verden åpnet seg for meg." Claudel skulle seinare bli fransk diplomat og ein av Frankrikes store diktarar.Seinare det same året han oppdaga Rimbaud hadde han ei religiøs oppleving som skulle snu opp ned på livet . Juledag 1886 står han i Notre-Dame de Paris og lyttar til koret som syng Magnificat - Marias lovsong (ikkje tilfeldig ?), då han brått opplever at Gud grip inn og han trur. " I løpet av et øyeblikk ble mitt hjerte grepet, og jeg trodde." Den trua skulle aldri seinare sleppa taket i Paul Claudel og den skulle og koma til å prega alt han skreiv.
Denne hendinga er blitt vurdert til å vera så viktig at ei plate med inskripsjonen " 25 Decembre 1886. Conversion de Paul Claudel. Magnificat." er lagt ned i golvet på den no brannskadde katedralen.
Eg vender tilbake til spørsmålet om kva som er vår identitet, kva som er kjernen i vår vesen ? Er det denne lengsla som Asle filosoferar over og mange med han, alt frå Rainer Marie Rilke til Hans Børli ! Det er ei linje i Paul Claudels lange dikt "Vers d` exil" som eg merka meg for mange år sidan og memorerte, og som for meg vart eit svar og ei trøyst i motgang.
" Quelqu`un qui soit en moi plus moi-meme que moi."
( Ein som i meg er meir meg enn meg sjølv).

Noko av det same som Claudel opplevde i møte med Rimbauds poesi opplevde eg i møte med den norske diktaren Olav Nygaard (1884 - 1924). Han opna opp mot den andre verda, braut dei stengslene som materialismen har lagt rundt oss. I norsk dikting er det knapt noko som har sett klårare inn i den hinsidige, kanskje med unntak av Olav Aukrust.

" Eg var på same staden
fyrr ein gong,
det var den vaaren
fyrehenge rivna
fyr mine røynslur,
og eg høyrde song
so Saatehonne
stod i smil og livna.
Eg totte vangen
baud meg mjuke armar
og skolv av liv
som heite brurebarmar."

(frå Minnevigsle)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar