søndag 24. januar 2021

Bodil Biørn og armenerane

 Armenerane er ei folkegruppe som har vorte utsett for forfølging og massedrap opp igjennom historia, ikkje minst i forige hundreår. Det toppa seg i 1915 då då storparten av armenarane som var busette i det osmanske riket vart fordrevet frå sine landsbyar, og ein reknar med at eit par millionar miste livet. Dette har blitt annerkjent som folkemord av ei rekkje europeiske land, men ikkje av den norske regjeringa. Det tyrkiske regime har blitt provosert av alle forsøk på å rekna dette som folkemord og såleis gje armenarane den oppreisning dei har krav på og fortener.

I hovudstaden i dagens armenske republikk  finn vi "The Armenian Genocide Museum", der det er minneplater over to nordmenn. Fritjof Nansen er den eine, mange kjenner nok til hans arbeid gjennom Folkeforbudet for  dei armenske flyktningane. Bilete under viser den andre minneplata som vart sett opp i 2008 over Bodil Biørn (1871-1960) , som gjennom eit langt liv arbeidde for armeneranes sak. At ho vert heidra slik er  både velfortent og forståeleg, armenerane gløymer ikkje sine vener.

Bodil Biørn kom frå ein rik rederfamilie i Kragerø og hadde tenkt seg ein kunstnarleg karriere som sangerinne, men som 25 åring fekk ho eit misjonærkall som endra hennar livsretning fundamentalt. Ho utdanna seg til sjukepleiar, og drog i 1905 til det det osmanske riket for å driva hjelpearbeid mellom armenarane som då heldt til i det som i dag er det austlege Tyrkia. Her bygde ho opp helsestasjonar og barneheimar heilt til ho måtte dra heim i 1917. Ho opplevde det brutale folkemordet på armenerane frå 1915, og det gjorde som rimeleg er eit sterkt inntrykk på henne. Det unike er at Bodil Biørn i tillegg til å driva hjelpearbeid også hadde høve til å dokumentera dette fotografisk. Ei omfattande biletsamling er i dag i Riksarkivet, og er ei svært viktig kjelde for dokumentasjon av overgrepa mot armenarene.

I 1921 reiset Bodil Biørn til den nyoppretta armenske republikken for å driva hjelpearbeid, ho vart kasta ut herifrå av bolsjevikane som ikkje tillet kristne organisasjonar å driva helsearbeid eller barneheimar. Ho let seg ikkje stoppa av det og dreg vidare til Aleppo i Syria der ho driv  barneheimar og gjev helsehjelp til armenarar heiltil ho for godt dreg heim til Norge i 1934. Ho gløymer ikkje armenarane etter dette, heilt til ho døyr som ei gammel dame held ho foredrag, skriv artiklar og står for innsamlingsaksjonar til støtte for det armenske folket.

Bodil Biørn er ei kvinne som gjorde ein innsats for sine medmenneske heilt utanom det vanlege. Ho fortener å bli betre kjent, og det er rett nok skreve både bøker og artiklar om henne dei siste åra. I heimbyen Kragerø er det også sett opp eit minnesmerke.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar