Tale ved fylte seksti år.
Berre seksti eit tal ikkje meir enn det seier vi som har klart oss vel forbi og ikkje let oss skremma av neste milepæl. Dei som akkurat forlet startgropa vil seia at vi er på oppløpssida nesten på målstreken men alternativet er dårleg og ein treng iallfall ikkje vera redd for å døy ung ! Seksti kan delast på to,tre, fem, ti,tjue, tredve og seksti, det blir korte og lange sprang og kanskje opplever vi det slik for tida går i rykk og napp og minnet er ein lunefull assistent og det meste er borte (heldigvis?) kanskje det vakraste og mest sorgtyngde ligg att ?
Men skulle det verkeleg gå så fort ? Det var då så seint som i går vi var femti, førti eller trettito? I boka «Morgon og kveld» let Jon Fosse fiskaren Johannes liv frå fødsel til død utspela seg gjennom ein dag, og kanskje er det slik vi av og til opplever det som når min bestefar på 102 seier at det var då ikkje lenge sidan han sprang som oldebarnet på fem!
«Plutselig kan du gripe deg i å springe barføtt i graset og hoppe i kåte sprett over barndommens muntre vårbekker skjønt du i virkeligheten sitter på en stein og støtter haken til krokstaven og kjenner slitasjegikta rive i gamle, stabbetunge bein.» (Hans Børli)
Du er sju år og ein dag strekk seg ut i det uendelege særleg dei keisame, eit år er som eit hav av tid. Ikke så rart når eit år fyller så stor del av det korte livet ditt Når du er sju år med sol og vind i håret, berrføtt med skrubbsår sommar utan ende ved sjøen du er så glad i sømjetak mot solvarme svaberg og båten på vassflata mot horisonten som strekk seg like inn til dagen i dag .
«The body I once lived in was smaller stood at the top of the stairs and waved good night. It wore pajamas that had feet.» (Joyce Sutphen)
skriv ein av mine amerikanske poesivener Men kroppen er ikkje berre mindre det er ein annan kropp med andre atom, andre molekyl alt er skifta ut fleire gonger vi er noko fundamentalt anna enn det vi eingong var. Vi merkar ikkje så mykje til det men vi trur noko er teke vare på utanom kropp og tid. Alle augneblinkar som er plukka opp, konservert og rørt ut med sukker lagt ned på krukker og glas lagra i matkjellaren. Ein dag har dei modnast og kan takast opp det trengs ikkje sterk motivasjon for det eit ord, eit bilete, litt av ein melodi, ein smak eller svak lukt,
-julafta med familien for lenge sidan
-klassen i 17. toget -«The summer I went swimming»
«This summer I went swimming/ This summer I might have drowned/ but I held my breath and kicked my feet/ And I moved my arms around/ moved my arms around»(Kate and Ann Mc Garrigle.)
-Våren du lærte å balansera sykkelen -mors hand den første skuledagen -den første forelskinga -med ein nyfødt baby i armane
«Fylt av glede over livets under med et nyfødt barn i våre hender kommer vi til deg som gav oss livet kommer vi til deg som gav oss livet» (Svein Ellingsen)
Og så dette uklåre frå den djupe barndomsnatta: lyset som fell skrått gjennom gardinene,solskinn ute,fuglesong og blomelukta som opnar mot ein ukjent scene, ei verd vi eingong kjente.
Seksti år og vi må vedgå at vi har ei større fortid enn framtid iallfall statistisk sett. Men kanskje er det ikkje så vanskeleg vi er ikkje åleine, mange har gått løypa før.
«Folk jeg var glad i har gått foran og kvistet løype. De var skogskarer og fjellvante. Jeg finner nok fram.» (Kolbein Falkeid)
Og så har vi så mange gode stunder til gode sjølv om dei kanskje ikkje er så intense og sanselege som dei frå dei første åra ? Vent litt av og til er dei det, som på bilete frå sist julefering med to barnebarn på fanget!
Dei små gleder som blir store !
Glede
Desemberklår ettermiddag med blank is og nye skeiser til jul gled deg du vesle jente med strålande auge og dei første famlande taka gled dykk de som står rundt for lyset er nær og morgondisen skal løftast av englehender slik at de kan stiga inn i morgondagen og gå gjennom det stille umåla året på solgylte stiar.
Flott tale, rørende!
SvarSlett