mandag 13. januar 2020

Det andre namnet

"Det andre namnet" er tittelen på forfattaren Jon Fosses store romanverk i sju delar (septologi) Dei to første delane kom i eit bind i fjor haust, og har fått svært god mottaking av mange kritikarar. Jon Fosse har dei siste åra markert seg som ein av våre meste kreative og orginale forfattarar, han debuterte med ein roman, skreiv seinare essay og  vakker poesi, hans dramatikk blir spelt over heile verda, men no er han tilbake i romanforma igjen. Den språklege forma er den same og lett å kjenna igjen, det er eit enkelt daglegdags språk, suggererande med stadige  gjentakingar, i den nye romanen flyt det i ein jamn straum utan punktum, av og til forsvinn komma og orda flyt saman til ein lang setning. Sjølv om Fosse er lett å forstå reint språkleg er tekstane mangetydige og ikkje så lett å forstå dersom ein ikkje er van med hans litterære univers. Det er ein kontinuitet i det han skriv og ein har ofte kjensla av å tidlegare ha møtt hans oppdikta persongalleri. Jon Fosse er mystikar og diktinga hans er metafysisk, dette kjem ikkje minst fram i "Det andre namnet" der hovudpersonen Asle som har konvertert til katolisismen, stadig reflekterar over dei store spørsmål i tilveret, ikkje minst spøsrmålet om Guds eksistens, " ...for Gud berre er, han, finst ikkje..."

Hovudpersonen Asle er kunstmålar, han er enkemann, og han savnar sterkt  Ales som døydde for nokre år sidan .Han bur åleine  på den vesle plassen Dylgja nord for  Bjørgvin.  Han har lite kontakt med andre botsett frå naboen Åsleik som og lever åleine. Åsleik brøytar vegen og kjem med pinnekjøt og lutefisk til Asle, som motyting får han bilete som han kan gje som julegåve til søstera.
Asle dreg inn til Bjørgvin for å handla og stilla ut bilete hos Galleri Beyer. Han ser og til namnebroren Asle som er alkoholikar og blir funne i ein forkomen tilstand og lagt inn på sjukehuset. Asle må ta seg av hunden til den sjuke og alkoholisert Asle, det gjer han med stor glede. Dette er i korte drag  den ytre handlinga i den første del av boka, men her er likevel så mykje meir, ikkje minst Asles refleksjonar over kunsten, livet og døden, møte med dei grunnleggjande elementa i tilveret. Det dukkar opp bipersonar av symbolsk karakter, Guro, ei kvinne i Bjørgvin som Asle har kjent før, eit ungt forelska par han ser på vegen heim. Dei kan vera eit bilete på Asle og Ales kjærleik,men det får og eit perspektiv utover det jordiske? Lyset og mørke er sentrale symbol, ikkje minst det lysande mørkre som han prøver å få fram i kunsten sin. "... ja det er frå Guds mørker at lyset kjem, det usynlege lyset..."

I andre del av boka får vi eit tilbakeblikk på barndomen, der Asle og søstera går langs stranda i bygda heime, dei har ikkje lov til det og er redde for kva mor kjem til å seia. Det er ei varm og vakker skildring, men vi får og kjensla av noko uhyggeleg og trugande. Det kjem mot slutten, ei tragisk drukningsulukke og seinare eit seksuelt overgrep. Er det noko av det mørke Asle ber på, både den alkholisert og tørrlagt Asle som kanskje er ein og same  person ?
Så munnar boka ut i at Asle sit og stryk over hunden Brage, så resiterar han Fader Vår og Salve Regina på latin. Det er roande dette tillitsfulle dyret og desse bønene som har blitt bore fram i hundreår etter hundreår før oss. Vi ser fram til fortsetjinga 1


" ... men kanskje er det ikkje så enkelt heller, for livet er ikkje til å skjøna seg på, og det er ikkje døden heller, likevel er på ein annan måte sett og på forunderleg vis både døden og livet til å skjøna, om ikkje med tanken så skjønar lyset det..."






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar