fredag 25. mai 2018

La Basilique Sainte Therese

Frå Karmel i Lisieux er det ein kort spasertur opp til høgdedraget der basilikaen vigd til Sankt Therese vart bygd mellom 1929 og  1954. Dimensjonane er enorme med ei høgde på 90 meter og ei grunnflate på fire og eit halvt mål.  Alt langt borte frå kan ein sjå dette gudshuset  vigd til ein liten men likevel så stor helgen.

Therese døydde 30. september 1897, og alt eit år seinare kjem  "L`Histoire d`une Ame" ( En sjels historie) i eit første opplag på 2000. I løpet av dei neste åra byrjar pilegrimar å koma til grava hennar og innan kort tid sprer ryktet seg om at Therese er heilag .  Pave Pius  X kallar henne alt i 1914:
"la plus grand sainte des temps modernes" ( den største helgen i moderne tid). Under krigsåra som følgjer blir ho ein særleg populær helgen for soldatane som kjemper den  vanvittige skyttargravskrigen. Etter krigen går det fort, i 1923 vert ho saligkåra  og to år seinare helgenkåra  av pave Pius XI.

Sjølv om det var fleire kyrkjer i Lisieux der pilegrimar kunne samlast oppstod snart tanken om å byggja ein basilika vigd til Therese. Paven gav sin støtte og arbeidet starta i 1929 og pågjekk fram til basilkaen kunne innviast i 1954. Arbeidet stoppa delvis opp under krigen, og sjølv om Lisieux vart hardt ramma av krigshandlingar slapp  basilikaen frå det utan større skader. Interessant er det at byggearbeidet vart finansiert kun med store og små donasjonar, i periodar kom det hundrevis kvar dag. Dette var eit prosjekt svært mange støtta opp om, både i og utanfor Frankrike.





På veg opp til basilikane møter Therese oss med Omen  Novum - eit nytt teikn: "Den vesle vegen".


                                           Eit av dei største kyrkjene bygd i moderne tid





                                        Mosaikk utsmykkinga er imponerande 




                                        Pave Johannes Paul II vitja Lisieux 2. juni 1980

                                            Therese av Jesusbarnet og det heilage ansikt




                                        Krypten der det er dagleg er messe klokka 1530

                                                           
                                                            Eukaristien


                                                        Inngangspartiet



Frå pave Johannes Pauls apostoliske brev om Therese; "  Hon har fått evangeliets skönhet att stråla ut i vår tid, hon hade uppdraget att göra Kyrkan, Kristis mystiska kropp, känd och älskad, hon har hjälpt till att bota själarna från strängheten och fruktan i den jansenistiske läran, vilken mer betonade Guds rättvisa än hans barmhjärtighet."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar