lørdag 12. mai 2018

Innføringa av kristendomen

Tradisjonelt har kristningsprosessen i dei nordiske landa vore knytta opp mot kongemakt, og hovudsakleg gått føre seg frå slutten av 900 talet og utover 1000 talet. Nyare forskning  er i ferd med å revurdera dette bilete. Sannsynlegvis var det kristen påverknad alt tidleg på 800 talet og kanskje før det. Kristninga skjedde gradvis hovudsakleg gjennom fredeleg handelssamkvem med andre land i Nord-Europa. Adelens kontakt med mektige slekter i utlandet spela nok og ei rolle.

I Ribe i Danmark er det nyleg funne ein gravplass frå 800 talet med kristne graver. Ribe er ein av Nordens eldste byar og eit viktig knutepunkt for handel i vikingtida. Her trur ein at det var kyrkjer og kristne forsamlingar på 800 talet. Nyleg er ein rekonstruksjon av den første kyrkja i Ribe innvigd.
Også i Norge var det nok kristen påverknad tidlegare enn ein til no har trudd. Til dømes hadde Ottar frå Hålogaland kontakt med den anglosaksiske kongen Alfred som var kristen.

Kristninga representerte eit stort skilje både religiøst, kulturelt og politisk, men eit skilje som kom gradvis over fleire hundre. Dette kulminerte i lovgjevinga på 1000 talet, og her spela naturleg nok kongemakta ei sentral rolle. Gjennom kristendomen vart dei nordiske landa og ein del av det større europeiske fellesskapet, og vi fekk ikkje minst byrjinga på ei humanisering av samfunnet.

Pater Olav Muller skriv om dette i artikkelen "Hellig Olav som lovgiver":
"I denne humaniseringen av samfunnet, som i kristen regi skjer ved forbudet mot barneutsetting, ved frigjøring av treller og deres rett til hviledager på lik linje med den frie bonde og bondekone, og kvinnens rette til å velge sin livsledsager, skimter vi konturene av Den katolske kirkes syn på menneskeverdet. Og bak dette synet igjen aner vi Olavskikkelsen. Under konvertittundervisningen i Rouen hadde han fått innprentet at hvert menneske - mann eller kvinne, barn eller voksen - hadde en uendelig verdi, skapt som de var i Guds bilde og frelst ved Jesus Kristus."


Rekonstruksjon  slik ein har tenkt seg den første kyrkja i Ribe på byrjinga av 800 talet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar