onsdag 21. mars 2018

Broken heart syndrome

«Broken heart syndrome»

Vårt Land hadde nyleg ein reportasje om kjærleikssorg der forfattaren Ingvild Lothe frimodig stod fram med sin livshistorie. I samband med dette kom ein og inn på «Broken heart syndrome» med det medisinske navnet Takotsubo. Dette blei seinare teke opp i ein leiar, og illustrerar korleis ein spesiell medisinsk tilstand på kort tid får ein plass i den allmenne diskursen.

«Broken heart syndrom» er ein form for akutt hjertesvikt som ofte er utløyst av ein eller annan form for stress eller påkjenning, og blir medisinsk gjerne karakterisert som stress-kardiomyopati. Navnet Takotsubo kjem av at japanske forskarar som først dokumenterte tilstanden i 1990, syntest hjerte hadde form av ei japansk blekksprut-teine. Tilstanden kan ikkje skiljast frå hjerteinfarkt utan avanserte undersøkjingar. Prognosen er god, dei fleste er friske etter eit par månadar, og dødsfall er sjeldan. No er ikkje unge med kjærleikssorg dei meste utsette, langt dei fleste med denne tilstanden er kvinner i 60-80 års alderen. Sorg ved tap av ektefelle eller annan nær slektning er ein meir typisk årsak enn kjærleikssorg. Det treng heller ikkje vera dramatiske hendingar som utløyser dette syndromet, eg har sett det hos politikar etter oppheta diskusjon i kommunestyret, og hos restauranteigar som blei mektig provosert av ufordrageleg gjester.

Det finst og ein sjeldnare variant av denne tilstanden utløyst av positivt stress,det såkalla «Happy heart syndrome» eller «Diagoras syndrom»( Diagoras frå Rhodos døydde av glede då to søner vann olympisk gull i år 448 f. Kr.) Eit typisk scenario er «surprise party» for bestemor på 70 årsdagen, eller når barnebarn vinn gullmedalje i sportstevling. Postivt og negativt stress kan altså verka via felles mekanismar og slå ut likt på kroppen. Ein bør  med andre ord tenka seg litt om før ein planlegg «surprise party»!

Eg har blitt meir og meir fascinert av denne akutt hjertesjukdomen som for meg er eit argument for at mennesket ikkje er delt opp i psyke og kropp, vi er ein integrert heilskap. Dualismen er ein idehistorisk konstruksjon og dei bibelske forfattarane stod kanskje nærare moderne vitskap enn det mange seinare filosofar og psykologar gjer?

Publisert i Vårt Land  i dag 21.mars



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar