Eskil Skjeldals samtalebok med forfattaren Jon Foss "Mysteriet i trua" kom i 2015. Det er eit djupt personleg bok der Jon Fosse utleverar det inste i seg sjølv. Han fortel om sin angst og sine alkoholproblem så vel som dei to mystiske opplevingane som har vore med på å forma livet hans.
Den raude tråden i boka er hans veg til tru, ein veg som førte til at han valde å bli teken opp i Den katolske kyrkja for eit par år sidan.
Utdrag frå boka er blitt dramastisert og vart framført i Kristiansand domkirke i kveld av Mette Langfeldt og Hallgjerd Byrkjeland. Tekstane vart innramma av orgelmusikk framført av Andrew Wilder og Elsebeth Lutcherath. Jon Fosse seier og ein stad at: " Eg trur at Bach for mange er ein betre veg til Gud enn all slags preiking."
Det vart ei vakker kveldsstund rundt dei store spørsmåla i tilveret. Fosse tek utgongspunkt i filosofien Aquinas, Heidegger, Wittgenstein. "Kvifor er noko til og ikkje ingen ting, ingenting ?" Kva er dette mystiske som kan synast, ikkje seiast ? Vi er kasta inn i dette tilveret, " inn i fridomen til døden."
Gud er den som er, han er rein eksistens, rein "vere", ikkje noko som finst. I Japan vil ein kalla denne vere for tomleik, men Gud forlet denne tomleik og vart menneske og språk i Jesus Kristus, Den krossfesta Gud er ein avmektig Gud, men ein Gud som vert allmektig i si avmakt.
Jon Fosses vakre nattsalme tonesatt av Andreas Utnem vart og ein del av framføringa.
Det finst ei jord som opnar opp
sitt djup av svarte natt
og løyner både sjel og kropp
til ingenting er att
Det finst ei natt som møter deg
og tek deg mjukt imot
og let deg kvila æveleg,
di hand, di sjel, din fot
Det finst frå Gud i alt som er,
i jord og nattevrimmel,
di sjel er hans, du er hans verd,
du lyser fram hans himmel
søndag 22. oktober 2017
tirsdag 17. oktober 2017
Poetica:Den åttande gleda
Den
åttande gleda
Vi
klatrar med rolege grep
på
den taggete fjellkjeda
såre fingertuppar mot glatt stein
og
gamle boksider
bunde i raud fløyel
og
dei sju gleder
-
los set gotxs -
i
lyset av faklar og små bål
hand
som grip etter hand
i
runddansen gjennom natta
vakande
under Marias smil
den
åttande gleda.
Los set gotxs frå Llibre Vermell de Montserrat, "Den raude boka " frå slutten av 1300 talet er ein song på katalansk og latin som handlar om Jomfru Marias sju gleder. Men det finst og ei åttande glede: Marias smil!
søndag 15. oktober 2017
Pilegrimsmålet Medjugorje
Medjugorje, denne vesle byen i Bosnia men nokre tusen innbyggjarar har på kort tid vorte det tredje viktigaste pilegrimsmålet i Europa etter Lourdes i Frankrike og Fatima i Portugal. Ein kan nå Medjugorje med fly eller buss frå Split, Dubrovnik eller Sarajevo eller ein kan køyra sjølv og parkera på den store parkeringsplassen like ved St.Jakobs kyrkja sentralt i byen og ein naturleg første stopp. St.Jakob er skytshelgen for pilegrimar og sånn sett eit naturleg valg, men det var det nok ingen som tenkte på då den første kyrkja vart bygd her på slutten av 1800 talet. Den noverande St. Jakobs kyrkja vart innvigd i 1969, og var svært romslig for ein slik liten by, i dag er kyrkja overfylt mange gonger i løpet av dagen. Messa vert feira fortløpande på ulike språk. Framom St Jakobs kyrkja er det ein større plass med ei Maria statue(like den på staden for openberringane), på den eine sida ei lang rekkje skriftestolar og bak kyrkje eit større utandørs alter med plass til fem tusen. Denne vakre september dagen er her ikkje så svært mange men kyrkja er overfylt kvar gong vi går inn der.
Så kan ein følgja vegen gjennom vinmarkene til åsen der Maria viste seg første gong for dei seks ungdomane, 24. juni 1981. (sjå forige blogginnlegg ) eller ein kan gå enno lengre til Krizevac - Kross fjellet der det vart reist ein stor kross i 1933 (proklamert som eit heilagt år av pave Pius XI til minne om at det var 1900 år sidan krossfestinga)
Dei seks visjonære ungdomane er no godt vaksne, alle er gift og har familie. Dei var heilt vanlege ungdomar og er i dag heilt vanlege familiefolk. Men dei tek framleis i mot bodskap frå Maria. Det sentrale i bodskapen er ikkje orginalt, det er det sentrale i kristendomen: Omvend dykk og be ! Igjen og igjen oppfordrar Maria oss til å be !
Budskapet fra 25.september 2017 "Kjære barn! Jeg kaller dere til å være generøs i forsakelse, faste og bønn for alle dem som er i fristelse, og som er deres brødre og søstre. På en spesiell måte bønnfaller jeg dere om å be for prester og for alle konsekrerte (vigslede) at de må elske Jesus enda mer entusiastisk; at Den Hellige Ånd må fylle deres hjerter med glede og at de må vitne om Himmelen og Himmelske mysterier. Mange sjeler er i synd fordi det ikke er noen som ofrer seg selv og ber for deres omvendelse. Jeg er med dere og ber om at hjertene deres må bli fylt av glede. Takk for at dere har svart på mitt kall." 09/25/2017

Bodskapet frå Medjugorje eit par dagar før vi var der:

Minnedagen for Teresa frå Avila
I dag 15. oktober feirar vi minnedagen for Teresa frå Avila (1515-1582), klostergrunnleggar, mystikar, forfattar, kyrkjelærar og helgen. Utan tvil var ho ei av dei kvinnene som har hatt størst innverknad gjennom Kyrkjas totusen årige historie. Ho kombinerte eit rikt indre liv, briljant formuleringsevne og store praktiske og organisatoriske evner,
Frå "Boken om mitt liv" der ho skildrar korleis ho vart inspirert til klostergrunnleggingar.
" En gang jeg var sammen med en viss person, skjedde det at hun spurte meg og noen andre hvorfor vi ikke kunne bli slike nonner som barfotnonnene, og til og med grunnlegge et kloster. Og da jeg hadde de samme ønsker, begynte jeg å tale om det med denne enken, min nære veninne, som jeg alt har nevnt, for hun ønsket det samme. Hun satte straks i gang med å finne en utvei til å skaffe klosteret inntekter . Nu ser jeg at dette ikke ville ha ført oss særlig langt, men fordi vi ønsket det så sterkt, trodde vi det skulle være mulig. Jeg for min del var litt tilbakeholden, da jeg trivdes svært godt der jeg var; mitt kloster var helt etter min smak og min celle passet meg aldeles utmerket. Men dette til tross ble vi enige om innstendig å anbefale saken til Gud."
Det vart mogleg, totalt sytten kloster vart grunnlagt av Teresa. Vi fekk dermed ei ny grein av karmelittordenen:Det teresianske Karmel (Dei uskodde Karmelitter OCD)
Det første klosterret var i Avila i 1562, det siste i Burgos i 1582, dødsåret hennar.

lørdag 14. oktober 2017
Llibre Vermell de Montserrat
Llibre Vermell de Montserrat (Den raude bok frå Montserrat) er ei samling religiøse skrifter frå slutten av 1300 talet . Orginalen blir teke vare på i klosteret i Montserrat, navnet på boka skriv seg frå 1800 talet då ho fekk eit omslag i raud fløyel. Llibre Vermell innheld tekstar i ulike sjangrar, teologisk skrifter, interne dokument for klosteret, og ikkje minst historiar om mirakel som har skjedd på Den svarte Madonnas forbøn. Men det er utan tvil dei ti songane med tekst og tilhøyrande notar som har gjort Llibre Vermell kjent og gjer at dette er ein levande tradisjon. Songane er dels på katalansk, dels på oksitansk og latin. Dei vart skreve for pilegrimar som vakte natta igjennom utanfor klosteret i Montserrat, sannsynlegvis vart dei framført som felles song og dansa til. I moderne tider er musikken frå Montserrat spelt inn av ulike utøvarar, den meste kjente er naturlegvis Jordi Savall med ensemblet Hisperion XX. Eg kjøpte ein CD med middelaldergruppa " Alla Francesca" for mange år sidan (sjå linken under) og det var naturleg å ta denne fram igjen etter turen til Montserrat i haust. Musikken er prega av fleire stilartar og av enkelte sett på som ein antologi over 1300 talets musikk i Katalonia og Oksitania. Preget av lokal folkemusikk er naturlegvis dominerande.
Ein kan lytta til hymnar og balladar til Maria, bli tidlaust ein av dei mange som på slutten av 1300 talet i lyset frå små bål og faklar song og dansa natta igjennom på plassen framom klosteret med Den svarte Madonna. Over og under stupbratte fjellsider, mange hadde slete seg opp her med sine sjukdomar og skvankar i von om at dei skulle bli mirakuløst lækte. Dei fleste drog heim som dei kom, men kanskje med større von og sterkare tru!
Linker til musikken fra Llibre Vermell:
https://www.youtube.com/watch?v=X8pBMiSOZHc

Los set goytex
Los set goytex recomptarem et devotament xantant
humilment saludarem la dolce verge Maria
Ave Maria gracia plena dominus tecum virgo serena
.....
Verge, stant dolorosa per la mort del fill molt car
romangues tota ioyosa can lo vis resuscitar
a vos mare piadosa primer se volch demonstrar
......
Tots donques nos esforcem en aquesta present vida
que peccats foragitem de nostr` anima mesquina
e vos dolce verge pia vuyllats nos ho empetrar.
(Eg skal fromt fortelja og synga om dei sju gleder,
audmjukt skal eg æra den milde Jomfru Maria,
Ver helsa Maria, full av nåde, Herren er med deg reine Jomfru
......
Jomfru, i sorga over døden til din elska Son,
fann du igjen glede over å sjå han stå opp igjen
for det var til deg fromme Jomfru at han først viste seg
........
La kvar og ein av oss halda fram i denne verda
og fri oss frå syndene i våre elendige sjeler.
Og du heilage Jomfru Maria, hjelp oss med dette)
Linker til musikken fra Llibre Vermell:
https://www.youtube.com/watch?v=X8pBMiSOZHc
onsdag 4. oktober 2017
Medjugorje
Medjugorje 28.september.Vi har køyrt frå Markatska kysten i Kroatia tidleg og har alt vore eit par timar i Medjugorje. Det er midt på dagen og vi er på veg opp åsen i utkanten av byen som 24.juni 1981 var åstad for det som skulle snu opp ned på det meste i denne vesle, ukjente byen i Bosnia-Hercegovina. "Apparition hill" på engelsk, kanskje "Openberrings åsen" på norsk. Parkeringsplassen er ikkje full denne vakre septemberdagen, og etter å ha passert alle souvenirbutikkane skrår vi oppover på den litte ulendte stien, mange har gått før oss i desse meir enn 36 åra og det er berre skarpe og ujamne steinar å trø på. Det er ikkje langt og heller ikkje så folksomt som vi hadde trudd. Så er vi der, Maria statua i forgrunnen, og det store krusifikset i skogkanten litt lengre bak. Pilegrimar kneler i bønn, ei gruppe amerikanske ungdomar sit i skogkanten og ber. Sola skin, det er eit lett drag i lufta, byen og landskapet ligg framom oss og det er nesten heilt stille bortsett frå ungdomane som ber "Ave Maria"(Hail you Mary). Vi set ned ein halvtime, prøver å finna roen, ber om Marias forbøn før vi føl stien langsomt tilbake.
24.juni 1981 gjekk altså desse seks ungdomane, Mirjana, Ivanka, Jakov, Marija, Vicka og Ivan tur i åsen her då dei alle brått såg ei vakker kvinne med eit barn i armane. Ho viser dei barnet og gjer teikn til at dei skal koma nærmare, men dei blir redde som naturleg er. Noko drar dei tilbake og neste dag ser dei henne igjen på same plass, og dette gjentek seg dag etter dag. Dei spør kven ho er og får svar. Ryktene om at det er Maria som viser seg for desse ungdomane spreier seg som eld i tørt gras, og mange finn vegen til Medjugorje. Dette er naturleg nok ikkje særleg populært hos dei lokale representantane for det kommunistiske styret, og dei prøver å legga hindringar i vegen. Kyrkja er også i utgangspunktet skeptisk,og openberringane i Medjugorje er til no ikkje formelt godkjent av kyrkja slik tilfellet er med Fatima og Lourdes. Men korkje verdslege eller kyrkjelege autoritetar kan stoppe ein sterk folkeleg religiøsitet, fleire og fleire frå heile verda finn etter kvart vegen til Medjugorje. I dag kjem over ein million pilegrimar årleg,og mange fortel om korleis dette har innverka positivt på livet deira. Nokre få fortel og om opplevingar av mystisk-religiøs karakter.
Bodskapen frå Medjugorje er ikkje spesielt orginal, Maria oppmodar til bøn og omvending, og peikar på fem sentrale handlingar: bøn, faste,dagleg bibellesing, skriftemål og kommunion.
25.mars 1984 var det gått tusen dagar sidan den første openberringa i Medjugorje og bodskapet er følgjande: "Gled dykk med meg og englane mine, for ein del av planen min er alt gjennomført. Mange er blitt omvendt, men mange ønskjer ikkje å bli omvendte. Be!"

søndag 1. oktober 2017
Mostar
Etter eit kort vitjing i Mostar I Bosnia-Hercegovina køyrer vi på smale og svingete vegar tilbake til Kroatia og kysten. Etter å ha køyrd gjennom bomstasjonar og to passkontrollar når vi motorvegen nordover. Det er mørkt og lite trafikk og vi føler på ei viss uhyggekjensle, for bare kort tid sidan var dette ein krigsskodeplass og det ville vore livsfarleg å ta seg fram her. Stari Most, brua frå 1500 talet som vart øydelagt i 1993 vart bygd opp igjen og opna att i 2004, og ein jamn flokk med turistar kan gå over brua til gamlebyen. Her er souvenirbutikkar og restaurantar og det ser ut som eit kva som helst anna turistmål, inntil ein ser merke etter granatar på husveggar og innimellom hus som framleis står som ruinar med vegetasjon utgjennom tomme vindauge. Og det er berre dei ytre såra, dei indre psykologisk såra er djupare og har større konsekvensar, men dei ser ikkje turistane. Kelnaren som serverar bosnisk kaffi verkar blid og harmonisk!
Den kroatiske forfattaren Slavenka Drakulic (f. 1949) reiste frå Kroatia til Sverige der ho bur no. Ho har skreve romanar, artiklar og essay om krigen på Balkan. I boka "Ikke en flue fortred" skriv ho om krisgforbrytar og rettsakene ved Haag domstolen. Ho stiller dei grunnleggjande spørsmåla: korleis kunne dette skje og kva er det som gjer at vanlege menneske kan utføra dei meste groteske handlingar ? Ho sit i rettssalen og ser på desse personane som ein skulle tru var monster, "Men som dagene går, blir forbryterne stadig mer menneskelige. Snart føler du at du kjenner dem godt."
Ho reflekterar vidare:" Jo bedre du kjenner dem, desto mer tenker du på hvordan de kunne begå slike forbrytelser, disse servitørene, drosjesjåførene, lærerne og bøndene som sitter foran deg. Og jo mer det går opp for deg at krigsforbrytere kan være vanlige mennesker, desto reddere blir du. For konsekvensene er mye alvorligere enn om de var monstre. Hvis vanlige mennesker har begått krigsforbrytelser, betyr det at hvem som helst av oss kan gjøre det."
Mange store tenkarar har reflektert over denne problematikken særleg etter Holocaust, ein kan nemna Hanna Arendt, Zygmunt Bauman, Theodor Adorno. Heller ikkje Slavenka Drakulic har svar og ho er heller ikkje fiolosof, men journalist som skriv reportasjar og stiller spørsmål.
Eg veit ikkje om dette er uhyggen vi kjenner på, kanskje er det berre vissa om at ondskapen var så sterk her, og så den sterke kontratsen til Medjugorje berre ein liten halvtime unna.

Messe på kroatisk
Tidleg søndag morgon i den vesle feriebyen Promajna på Makarska-rivieraen i Kroatia. Kyrkjeklokkene kallar til messe i den relativt nye kyrkja(1997) ikkje langt frå sjøen. Kyrkja fylles langsamt av unge, eldre og born. Eit lite kor finn sin plass, akkompangert av ei nonne på elektrisk orgel. Kyrkja er enkel og ber preg av begrensa ressursar i eit land som for få tiår sidan var involvert i ein blodig borgarkrig. I dag er turisme igjen ei viktig inntekstkjelde og alt er tilsynelatande solfylt og harmonisk.
Eg finn min plass eit stykke bak på høgre side. Alt er kjent bortsett frå språket, og det er eigentleg ikkje eit stort hinder. Messeledda er kjente, tekstane finn eg på mobilappen, det er berre preika eg ikkje får med meg. Eg har opplevd det same tidlegare i år på polsk og katalansk og eit par dagar seinare italiensk når vi deltek på messe i Medjugorje saman med ei gruppe frå Italia. Det blir ein fin søndagsformiddag saman med lokalbefolkninga i Promajna, eg opplever meg eigentleg ikkje som ein utanfrå. Det slår meg at dette er noko av det storarta med katolisismen, uansett kor ein kjem i verda er ein heime, del av eit stort fellesskap. Alltid deltakar aldri tilskodar utanfrå!

Therese av Jesusbarnet som kyrkjelærar
I dag 1.oktober er minnedagen for Therese av Jesusbarnet (Therese Martin frå Lisieux), i år er det også 20 år sidan ho vart utnemd til kyrkjelærar. Her er utdrag frå pave Johannes Paul II sitt apostoliske brev i samband med dette:
1. dag: Utdrag fra pave Johannes Paul IIs apostoliske brev «Divini amoris scientia»
Pave Johannes IIs apostoliske brev «Divini amoris scientia» («Erkjennelse av Guds kjærlighet»)
ble utgitt 19. oktober 1997, i anledning utnevnelsen av Den hellige Thérèse av Jesusbarnet og det hellige Ansikt til kirkelærer i Den katolske kirke.
ble utgitt 19. oktober 1997, i anledning utnevnelsen av Den hellige Thérèse av Jesusbarnet og det hellige Ansikt til kirkelærer i Den katolske kirke.
1. Erkjennelsen av Guds kjærlighet, som den barmhjertige Fader gir gjennom Jesus Kristus i den Hellige Ånd, er en gave skjenket til de små og ringe for at de skal erkjenne og forkynne Rikets hemmeligheter, som er skjult for de vise og kloke: derfor gledet Jesus seg i den Hellige Ånd, og priste Faderen som ønsket det slik. (jf. Luk 10,21-22; Matt 11,25-26)
Blant de små, som fikk åpenbart himmelrikets hemmeligheter på en usedvanlig og særegen måte, stråler Thérèse av Jesusbarnet og det hellige ansikts skikkelse, en professøster i Ordenen av uskodde karmelitter.
7. Omhyggelige studier av Thérèses av Jesusbarnets skrifter og den gjenklang de har hatt i Kirken, gjør det mulig å få øye på fremtredende elementer av hennes ”betydningsfulle lære”, som var den viktigste begrunnelsen for å tildele henne tittelen kirkelærer.
Vi legger, fremfor alt, merke til at det her avdekkes en særlig karisma av visdom. Denne unge karmelitten, uten nevneverdig teologisk utdannelse, men opplyst av lyset fra Evangeliet, føler seg som en elev av den guddommelige lærer, som hun kaller «lærernes lærer» (Manuskript A 83v), og fra ham utøser hun den «den guddommelige lære» (Manuskript B 1r).
Hennes lære samsvarer ikke bare med Skriften og den katolske tro, men den utmerker seg med dybde og med det at den forener alle visdommens elementer. Hennes lære er på en og samme tid en bekjennelse av Kirkens tro, en erfaring av det kristne mysteriet og en vei til hellighet.
Thérèse gir oss en moden syntese av kristen spiritualitet; hun forener teologi og åndelig liv. Hun uttrykker seg med styrke og autoritet, med stor evne til å overbevise og kommunisere. Noe som vitner om dette, er den allmenne mottakelsen av hennes lære blant Guds folk.
Det finnes altså motiver for å se en kirkelærers karisma i Den hellige av Lisieux.
Abonner på:
Innlegg (Atom)