fredag 23. september 2016

Poetica:og

Og

..og augustmorgon skodde og tynt yr tunge steg i vasstung myr
der spindelvev tyngd ned av vassperler som ville glitra i solstrålene
ein annan morgon der ein bøyer seg over bæra varleg og ber dei med seg som ein alltid har gjort og trudde at dette var nytt likevel og ljoset vart tynnare og
smalare ein strekte armen ut som eit teikn lyttande til lydane av levande
vatn og fuglevenger som tøyer dagen attom dette ei svak susing ein
kunne kjenna det som yret mot huda enno varm av sommartimar og gå
slik attende berande på lukter og tankar iforventning meir til det som har
vore her og gjentek seg alltid enn det som skal koma og vera som noko nytt
innimellom alt det andre ein dreg på som no ikke er her men berre
som gjenlyden mellom desse løynde berga vaktande over myr og lynghei
og bekken som vitnemål talar varleg og skarpt inntil roen i glinsande
vasskorpe over djup som lyttar og dreg skimtar som i matte speglar trøtte
av altfor mange andlet og tida som no berre er eit svakt rop som kan
rørast med fingrane plukkast lik eit moge bær berast heim rørast ut med
sukker over svak varme og settast lokk på gøymd i kjellaren slik knuste
bær og knuste augneblinkar blir blanda sett bort og ein dag opna smakast
på du kjenner denne ømme smaken av augustmorgon yr og armar som strekkjer
seg utover og det er ingen skilnad lengre det gjentek seg varleg og………..



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar