søndag 18. september 2016

Poetica:Ein ny sti

Ein ny sti


Ein ny sti til kjelda
kvifor oppdaga eg det ikkje før 
eg som gjekk forbi der så mange gonger ?
Kanskje var det boka eg las
«A new path to the waterfall»
dikta Raymond Carver skreiv  det siste året han levde 
og såg klårare i vissa om at dagane var talde,            
eller var eg berre meir merksam 
ekstra klårsynt denne haustdagen ?
Eg føl stien som snor seg gjennom 
tett kratt innover skogholtet
der trekrunene legg svalande skugge over meg
for så å munna i ei glenn i skogen
der sola lyser opp og kjelda spring fram.
Kruset kan fyllast med kaldt septemberklårt vatn
løftast til leppene, ein første munnfull
lyttande – ingen uro, ingen
er dette svaret ?




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar