søndag 31. januar 2016

Poetica:Kyndelsmesse

 «Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,
          slik som du har lova.
       
  
 For mine auge har sett di frelse,
       
  
 som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,
       
   
eit lys til openberring for heidningane
          og til ære for folket ditt, Israel.»


(Luk 2:29-32)

2,februar feirar vi det som frå gammalt har navnet Kyndelsmesse. Det var heilagdag fram til  1770, og vart lenge feira som ein viktig dag i kyrkjeåret.På primstaven var dagen avmerka med ein sjuarma lysestake.Det offisielle navnet er no "Praesentatio Domini" - Herrens framstilling. Med det legg ein vekt på at dette primært er ein Kristusfest.  Simeons lovsong frå Lukasevangeliet blir nytta kvar kveld i kloster verda rundt når ein ber dagens siste tidebøn, kompletorium.

                                                     Kyndelsmesse
Som dei gamle kveikjer oljelampen
når Simeon løfter opp barnet
eit svakt og jamnt ljos omsluttar dei to
stør seg på brune lafta veggar
og  nedbrotne søylegangar
der det dryp frå taket
over mildver og holkeføre
trø varsamt no
snart skal du bera fram ljoset !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar