torsdag 12. november 2015

Vidde

Då eg var ute og jogga stakk eg innom eit antikvariat på vegen og fann Paal-Helge Haugens dikt i samling 1965-95, der  vi mellom anna  finn det lange diktet "Vidde" frå 1991. Her skildrar han Setesdalsheia, dei som gjekk føre og dei som kom etter.Og ein kan  kjenna seg att i desse bileta.

"Så fer vi her, enda ein gong
flytter kroppane våre
opp frå dalbotn, bøyer
inn over fjellbremmen:
så er vi nesten attende.

Her er det:
eit bilete nedfelt i oss
om vi er aldri så kløyvde
Vi går her medan
det tjuande hundreåret
tikkar seg fram
mot si avlsutning
og steget bakover blir lengre
for kvar dag

................

Dei som for her før:
Tore, Gunvor og Gyri
Haddvår og Såvi
og Signe med eit toårs jentebarn
ved handa, ser du dei ?
etter den gamle heievegen, dei stig
på den svingande streken
gjennom ein kjend verden

Du kan sjå dei ein augneblink, dei stig
frå fast grunn til luft og er borte
Ein skugge etter dei, ei rørslee som er att
hos oss, ein skugge som blir utydeleg
når lyng og vier legg seg inn over vegane

Sakte blir dei borte. Vi er dei
som så vidt minnest, så vidt anar
og barna våre kjem ikkje til å kjenne
desse skuggane att

..............................

Ennå er vi her
Ennå jagar fjellvinden synene bort
Ennå kjenner vi, gjennom alt
årstidenens store klokke, eg høyrer deg
du gamle tambaks-ur

som er"


Ved Brokkeøydevatn ein oktoberdag i 2015. Det er solfylt, klårt og heilt stille. Vi kan gå langs gamle stiar og veta at om ikkje lenge er vi og skuggar som kverv og vert borte.
  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar