tirsdag 17. november 2015

Den heilage Elisabeth

I dag 17. november er minnedagen for Den heilage Elisabeth av Ungarn (1207-1231).
Ho er skytshelgen og inspirator for St. Elisabeth-søstrene, for fransiskanaranes tredje orden, for hjelpeorganisasjonen Caritas, for enker og foreldrelause, for sjuke, forfølgde og nødlidande. Sånn sett er ho ein helgen som kanskje er like aktuell i vår tid som i Mellomalderen.
Elisabeth var dotter av kong Andreas II av Ungarn, i familien hennar var det fleire andre heilage personar. Ho vart som 14 åring gift med Ludvig av Thuringen, men vart enke bare 20 år gammal,
Elisabeth var ei from kvinne med stor omsorg for fattige og naudlidande. Ho kledde seg enkelt og vigde livet sitt til pleie av sjuke og fattige, saman med mannen grunnla ho hospital der ho sjølv tok aktivt del i pleien av dei sjuke. Dette braut fundamentalt med livsstilen til aristokratiet og provoserte nok mange, men Elisabeth let seg ikkje knekka.
Mannens død vart eit stort tap for henne. Inspirert av fransiskanarrørsla vart ho etter hans død ordenskvinne, og held fram sitt arbeid for dei naudlidande. Hennar livsførsel vart meir og meir asketisk med harde botsøvingar og langvarig faste. Gradvis vart helsa hennar brote ned og ho døydde 17. november 1231.
Kort tid etter hennar død vart det meldt om mirakel ved grava hennar  Bare fire år einarevart ho heilagkåra av pave Gregor IX. Elisabeth vart på kort tid ein svært populær helgen, ikkje minst i Tyskland. I Marburg vart det bygd ein katedral over relikviane hennar, og dette vart snart eit kjend pilegrimsmål. Hennar store omsorg for dei naudlidande kan også i dag tena som eksempel og inspirasjon.



                                            St. Elisabeth tek seg av dei sjuke.
                                            

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar