søndag 8. november 2015

Engelen viser seg for Josef

"Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa:" Josef, Davids son ! Ver ikkje redd for å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande."
Dette verset i første kapittel av Matteus evangeliet gjev oss eit lite glimt av Jesu fosterfar Josef. Vi får eit inntrykk av ein klok og rettskaffen mann som er lydig og har tiltru til Herren. I Karmel har Den heilage Josef alltid hatt ein sentral plass som føredøme og forbedar. Ikkje minst Teresa av Avila understrekar kor viktig Den heilage Josef er for henne. Vi uttrykkjer og dette i litaniet til Den heilage Josef der det mellom anna heiter: "Josef ,du sterke helt, be for oss. Josef,  lydighetens mønster, be for oss. Josef, trofasthetens forbilde, be for oss."
Josefs møte med engelen er skildra i kunsten mellom av av den franske kunstnaren George de La Tour som eg har skreve om tidligare. Det er eit bilete som gjer eit sterkt inntrykk, vi kan levande førestella oss korleis Josef opplever dette møtet.


Forfattaren Paal-Helge Haugen har inspirert av dette bilete eit dikt som inngår i diktsamlinga
"Meditasjonar over Georges de La Tour".

"Eit sus som av fuglar
av venger oppspende mot stromen
eller slepande mot marka
Eit grep inn i natta
Ein hard neve
som klemmer saman mørk materie

Stigmata, svoltne munnar
i handflatene
Augo som har sett for mykje
og likevel tøstar

Og engelen trør inn, ordlaust
midt mellom sovande og vakne
synleg i det usynlege
Engelen
Engelens søstrer og brør

Den aldri avslutta skapinga
vibrerande gjennom rommet
gjennom alt

Frå ingen stad
kjem det forklåra lyset
som fløymer ut
av handa som held lyset."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar