lørdag 27. april 2013

A Worcester Ladymass

Trio Mediaeval har markert seg som formidlar av  såvel middelaldelmusikk som samtidsmusikk. Trioen er samansett av Anna Maria Frimann, Linn Andrea Fuglseth og Torunn Østrem Ossum.
I 2011 kom innspelinga " A Worcester Ladymass" basert på musikk frå benediktinar klosteret Abbey of St.Mary i Worcester. Det har lukkast å rekonstruera store delar av den polyfone songen som vart nytta av munkane der på 1200 talet. Med "Ladymass" meinest votiv- messe for Jomfru Maria, og mykje av musikken er assosiert til feiringa av Maria høgtidene, framfor alt 15. august, Assomption.
Maria vørdnaden stod sterkt i Middeladerens England, ikkje minst i Worcester der katedralen er via til "Our Lady."  England som "The  Garden of Mary" er eit anna uttrykk for dette.
Vi veit naturlegvis ikkje korleis denne musikken lydde på 1200 talet, men Trio Mediaevals framføring verkar autentisk, iallfall for ein amatør. Det verkar kanskje einsformig på vår tid men det er så vakkert og stilreint. Og det høver så godt i dag når vi går inn i femte veke i påsketida, og mai månad står for døra. Mai som er årets morgon, Mai som er tileigna Maria på eit særskilt vis. Månaden som innbyr til å retta blikket mot henne og æra henne som gjorde inkarnasjonen mogleg.



http://www.youtube.com/watch?v=4SNYNz0PypQ

Salve sancta parens
virgo pare carens
ex te Christus natus est
qui pro nobis passus est.

O quam beata Maria
gigens mundi salvatorem
omniumque creatorem
qui regit cuncta regenda
sustinetque sustinenda
celum terram in secula seculorum

Eructavit cor meum verbum bonum:
Dico ego opera nmea regi.
Gloria Patri, et Filio, et Spiritui Sancto.
Sicut erat in principio,
et nunc et semper.
In secula seculorum.Amen.


                                                      
 
Worcester cathedral frå 1000 talet.

fredag 26. april 2013

Og med eitt er det kveld

Ofte kan ein seia svært mykje med få ord som i diktet av den italienske forfattaren Salvatore Quasimodo (1901-1968)  eg har gjeve att under både i italiensk orginal versjon og i engelsk og norsk omsetjing. Eg har lese det tidlegare, det er eit av mine favorittdikt. Sist helg såg eg det igjen på kunstutstillinga "Døden og kjærleiken" i Bergen. To av dei mest sentrale tema i kunsten generelt og poesien spesielt. Quasimodos dikt rommer på tre linjer heile livsdramaet.
Den same utstillinga hadde og eit anna sitat:" For sale, Baby- shoes, never worn."  Det er blitt tilskreve Ernest Hemingway, han skal ha skreve det som ledd i eit veddemål om å skriva den kortaste novella. Litteraturhistorisk stemmer nok ikkje dette, men trass i at desse fem orda har eit ukjent opphav gjer dei ikkje mindre inntrykk. Den opprinneleg utforminga skal ha vore;" For sale, Baby-carriage, never used." Fem små ord som rommar eit hav av sorg og fortviling.


And suddenly it is evening / Ed è subito sera


Each alone on the heart of the earth
impaled upon a ray of sun:
and suddenly it's evening.

                  *
Ognuno sta solo sul cuor della terra
trafitto da un raggio di sole:
ed è subito sera.

                 *
Kvar ein står einsam på hjarta åt jorda
stungen av ei stråle frå sola
og med eitt er det kveld.

Salvatore Quasimodo

Mathias Blumenthal ( 1719-63) var ein tysk-dansk kunstnar som levde i Bergen frå 1749. Det er bevart ei rekkje verk av han både landskap og personar, eit av dei er ein del av denne utstillinga om kjærleik og død. Det viser eit dødt spebarn fint lagt til rette på ei blomepryda seng. Det er konkretisert med navn,fødselsdato og dødsdato, Christopher Wagner 12.okt - 23.nov.1756. Ei erfaring som nok alle familiar hadde på 1700 talet, men nok ikkje mindre smertefull og sorgtung for det.
 



Ed e` subito sera - Og med eitt er det kveld.Men så skal det gry ein annan morgon!
 

onsdag 17. april 2013

"Og mi sjel er ei kvinne innfor deg"

Ruths bok er er ein av  dei (den?) finaste tekstane i Det gamle testamentet. Skildringa av Rut, svigermora Noomi og Boas som vert mannen hennar er  eit så vakkert vitnesbyrd om truskap og kjærleik, også den kjærleiken som varer utover dette livet . Eg trur det og  kjem fram i teksten under. Rut vert stammor til  David og det er vel heller ikkje tilfeldig at " dei kom til Betlehem då bygghasuten byrja."
Åsmund Bjørnstad er lyrikarar og omsetjarar, men og ein framståande naturforskar på  korn og grassortar ( det siste er vel absolutt relevant når det gjeld Rut som arbeidde på kornåkeren og treskjeplassen!)
Han har i  diktsamlinga "Kvit stein" eit dikt som handlar om Ruths bok. Det er Rainer Maria Rilke inspirert, og Bjørnstad har tidlegare omsett fleire av  Rilkes diktverk.

"Og mi sjel er ei kvinne innfor deg.
Og er som hi Naomis snor, som Ruth.
Ho sankar aks ho knyt til band, ho går
som onnehjelp, ei slik som tener djupt.
men kveldstid stig ho ned i elva, mjukt,
og badar seg og kler seg, ser godt ut,
og når så alt har stilna, kjem ho, bljugt,
og dekkjer dine føter med sitt hår.

Og spør du brått ved midnattstid: Kven der?
kjem svaret, djupt einfaldig: Ruth er her,
di onnehjelp. Spenn vengen om, ver nær - .
For din er arven.....

Og så søv sjela mi til dag er nær
ved dine føter, blodvarm av di hud.
Og er ei kvinne for deg. Er som Ruth."






"Velsigna er Herren
som let deg få ein løysingsmann
i dag!
Namnet hans skal bli stort i Israel.
Han skal gje deg nytt livsmot
og sørgja for deg
i alderdomen din.
For svigerdotter di,
som held slik av deg,
har fødd denne sonen.
Ho er meir for deg enn sju søner."
(Rut 4.14-15)

torsdag 11. april 2013

"...forutan dagklåre visse"




" Det kom ei bråglede: Dreyers forlag vil gjeva  ut ei bok med dikta eg hadde valt i Dag og Tid. Dei ynskte ei samling på toogfemti dikt med kommentarar." skriv Asbjørn Aarnes i føreordet til den siste boka han rakk å få ferdig før han døydde nær 90 år gammal . Eg har tidlegare skreve eit lite minneord om han på  denne bloggen.
"Til minne om Emil Boyson - og i takksemd til Kåre Tveter" står det under innhaldslista, men boka vert og eit minne om Asbjørn Aarnes. Boka spenner vidt, like frå Henrik Wergeland til nolevande lyrikarar som Erik Bystad og Synne Lea. Det er likevel ingen tvil om at det er Emil Boyson som er den store inspirasjonskjelda,  i over tjue år var han og Aarnes vener og samarbeidspartnarar. Saman redigerte dei antologien "Norsk poesi" som kom i 1961. Asbjørn Aarnes sin antologi er klart inspirert av denne. Begge har dei vald dikt som " kan fylla ein tom tagnad."
"Rast ved rinnende vann " er eit slik Emil Boyson dikt:

"Trett er vårt hjerte ikke,
men dagen er blitt kveld.
Vi stanser. Gjennem vor taushet
toner vannenes væll.

Vi hører i elve-susen
at evigheten er nær.
Vi fødtes til jorden. Vi møttes.
Vi hadde hinannen kjær.

Om litt kan vi intet høre
- dette er Alt vi vet.
Vannet skal videre bruse
gjennem all evighet."


Tittelen på boka "...forutan dagklår visse " er henta frå Tor Jonssons "Så stig då i meg, einsemd" som han skreiv like før han valde å forlata livet. Livet som vart så tung for han, men som han likevel hadde ein draum om at han aldri, aldri skulle misse.
Det er likevel ein annan nynorsk diktar som kanskje både Aarnes og underteikna set aller høgast, nemleg Olav Nygaard. Aarnes har teke med det vesle diktet "Svevn" som han og las opp og framheva i eit radioprogram som nyleg gjekk på P2.

"Svevn, du hev ei
himels vogge, -
kan du voke-
verken stogge ?
Dagen hev til
mergen hogge
sine tenner
i min barm.

Ber meg inn i
soldraumsblaane
austan sol
og vestan maane,
lat meg draume-
vengjer laane
so eg vaknar
heil og varm."

Mange av dikta har illustrasjonar av kunstnaren Kåre Tveter. Det er med på å gje eit heilskapsinntrykk som varer ved også etter at ein har lagt boka frå seg. Ei bråglede, ja absolutt ei bråglede å få denne boka i hendene !



"Vegen som førar vidare, og snart er det haust."


















søndag 7. april 2013

Poetica:Nær ved no


             

                    Nær ved no

Marssola skal til å krypa bak åsen i vest

når eg stoppar ved eit gammalt vindskeivt furutre

tek av skia og let handa stryka over solvermd bork

snart skal nattekulden brenna i kinna

og fullmånen lysa veg attende

nær ved no, nær ved skiljet mellom dag og natt

lys og mørkre, tid og æve

men likevel berre ved byrjinga til meg sjølv.

 

 


 

 

fredag 5. april 2013

Lumen Christi - Kristi lys

Det er ei stor sorg som strøymer igjennom  dette tilværet. Ei sorg som rommar all lengting etter det som vart borte og alt det som det aldri vart noko av. Denne sorga, denne tristheten og melankolien ligg alltid like under den sorglause overflata. Som når vi langfredag i år ser mora bøygd over det døde, vesle barnet. "Vakne, vakne opp no vesle skatt!" Det aktualiserar det to tusenårige dramaet vi minnest denne dagen, Stabat Mater, den lidande og sorgfulle mora." Det er nødt til å vera noko etterpå, ellers kan vi ikkje halde ut mødrenes gråt over dei døde barna."
Men vi må leva med dette, vi må bera lengtinga og melankolien over livet som er så kort, over alle avskjeder
både kortvarige og endelege, over alt det vi ikkje fekk til og oppnådde i livet, over den vi elska og som aldri vart vår. Når vi går gjennom påskenatta blir alt dette så mykje lettare. Det store påskelyset blir tent ut i nattkulden og bore inn til påskenattsliturgien. "Lumen Christi - Deo Gratias", tre gonger gjentek vi dette urgamle vitnesbyrdet. Dei mange små lysa blir tent frå det ein store, eit talande bilete på det som skal bera så mykje lenger enn sorga og vonløysa.
 Påskenatt, rundt det store påskelyset står dei som snart skal ta del i Kyrkjas fulle fellesskap

torsdag 4. april 2013

Joseph Haydn:Skapelsen

"Singt dem Herren, alle Stimmen! Dankt ihm alle seine Werke! Lasst zu Ehren seines Namens Lob in
Wettgesang erschallen! Des Herren Ruhm, er bleibt in Ewigkeit!
Amen."
(Syng for Herren alle stemmer! Takk ham for alle hans gjerninger! La lovsangene lyde om kapp til hans navns ære! Herrens ære er og blir i evighet! Amen.)

Slik lyder sluttkoret i Joseph Haydns oratorium "Skapelsen". Han komponerte det mellom 1796 og 1798 og det vart urframført i Wien våren 1798 til stor begeistring. Haydn var sjuk og utmatta, og  etter at verket var ferdig sa han: "Hver dag knelte jeg og ba Gud om å gi meg styrke til å gjøre ferdig dette verket."  Han skulle likevel koma til å leva meir enn ti år vidare, og høyrte sitt store verk framført sist gong kort før han døydde.
I mellomtida hadde han opplevd enorm suksess med dette oratoriet.
"Skapelsen" er inspirert av skapingssoga i første Mosebok, av dei bibelske salmane og John Miltons "Paradise lost". Det er eit storstilt verk som føl  historia frå Gud skapte himmel og jord fram det tapte
paradis vert gjenoppretta, og ein ny himmel og ei ny jord ser dagens ljos.
Det er skapt i ei anna tid for meir enn to hundre år sidan, men kan likevel tala til oss i dag. Vi høyrte det nyleg framført her i Kristiansand med Kristiansand Symfoniorkester, Kristiansand solistensemble og solistar:
Berit Norbakken Solset, Samuel Boden og Halvor Festvoll Melien.
Vakkert og fengande, storslått og forkynnande. Kanskje var vi  i stand til å kjenna litt av den same gleda og begeistringa som i 1798, sjølv om vi nok  dessverre er langt mindre istand til det enn 1700 talets europearar.

Lenke til ei framføring av oratoriet:

http://www.youtube.com/watch?v=AarLk4jNMYk

mandag 1. april 2013

Charles Péguy – håpets dikter

Denne artikkelen om Charles Peguy skreiv eg for mange år sidan  og den stod då i tidsskriftet St.Olav. Charles Peguy har aldri slutta å
gjera inntrykk på meg, heilt frå første gong eg leste om han. Grunnen til det trur eg kjem fram i denne artikkelen.

                                          Katedralen Notre Dame de Chartres


Det er tidlig søndagsmorgen i slutten av august, trafikken ut av Paris

er tett når vi  tar av ved Port d`Orléans, og tar motorveien mot sør i retning
Chartres og Orléans . Målet vårt er katedralen i Chartres som det vart det
for Charles Péguy åttitre år tidligere da han  i juli 1912 la ut på sin pilegrimsreise til Chartres. Som oss må han mange mil før byen ha sett de to
tårnene på katedralen dukke opp i det fjerne. Forfatteren Péguy er på dette
tidspunktet i sitt førtiende år og er på toppen av sin skaperkraft, det er enda to år til igjen til han skal forlate sitt skrivebord og sin familie og slutte seg til den
franske armeen i Den første verdenskrigs startfase. Han skulle heller ikke
få oppleve mer enn krigens første måneder, 5. september 1914 faller han
for en tysk kule i ledelsen for sin tropper ved Marne øst for Paris.

I juni 1912 er det imidlertid ikke de storpolitiske hendelsene som opptar
Han mest. Han har lenge planlagt en pilegrimsreise til Chartres, men den
Umiddelbare foranledningen blir den yngste sønnen, Pierres, alvorlige
sykdom. 14.juni legger han i vei fra den lille landsbyen Lozere, vennen
Alain Fournier følger han et stykke på veien , men den siste delen tilbakelegger
Han alene. Charles Péguy vil gå til Chartres for å  be om Jomfru Marias

Forbønn for sitt yngste barn. I ”Le Porche du Mystère de la deuxième Vertu”

(Forhallen til håpets mysterium) som ble utgitt året før skildrer han dette:

”Han hadde løftet sine tre barn der de lå syke og lidende . Og rolig hadde

han plassert dem. I sin bønn hadde han plassert dem. Stille og rolig i armene

på henne som bærer alle verdens smerter. Og som alt har armene så fulle.

For Sønnen har tatt alle synder. Men Moren har tatt alle smerter.”


Katedralen i Chartres , for første gang nevnt i 743, var i Middelalderen
et viktig pilegrimsmål. Mange var dradd mot en undergjørende relikvie,
et slør av silke som ble tilskrevet Maria og som på mirakuløst vis var
uskadd etter den ødeleggende brannen i 1194. Katedralens to ulike tårn
kan sees på lang avstand og Péguy skildrer øyeblikket når han ser katedralen
i det fjerne som en ekstase, alt som tynget falt av han og han følte seg som et nytt menneske. Selv om Péguy de siste fem årene av sitt liv utviser enorm
skaperkraft, er det en tynget og presset mann som går mot Chartres. Det er
ikke bare sønnens alvorlige sykdom, men hele hans livssituasjon som synes håpløs. Han sliter økonomisk, han har nylig opplevd et opprivende brudd med
en nær venn, og han opplever familielivet som ekstremt vanskelig. Hans
hustru Charlotte fødd Baudouin nekter å la parets tre barn bli døpt, noe
som er en forutsetning for at Charles skal få del i Kirkens sakramenter.
Sist men kanskje ikke minst er han på dette tidspunktet sterkt tiltrukke av  en annen kvinne, Blanche Raphaël som senere  blir gift med en venn av Péguy.

Péguy når Chartres alene, han går inn i katedralen og ber en time og finner
seg så et rom i nærheten. Neste morgen står han tidlig opp og går til katedralen
for å be, han deltar ikke i messen, folkemengden skremmer han. I et
senere brev til en venn skildrer han dette med ordene: ”Jeg ba som jeg
aldri har gjort ”, og videre ” Jeg lever uten sakramentene. Det er et vågestykk. Men jeg har skatter av nåde, en overflod av ufattelig nåde.” Han vender
hjemover mens han gjentar sluttordene i Ave Maria ”og nå og i vår døds-
time.” Hjemme venter problemer, sønnen  Pierre har fått et tilbakefall av sin
sykdom. Charles lover å gå til Chartres hvert år dersom sønnen kommer seg.
Pierre kommer seg gradvis, og  Charlotte Péguy innrømmer overfor mannen
at dersom sønnen på ny blir dårlig vil hun gå med på å hente en prest og
få han døpt. Charles ser begge deler som et svar på jomfru Marias  forbøn,
La Vierge beauceronne som er utrykket han bruker ( La Beauce er land-
Skapet rundt Chartres)

Charles Péguy ble fødd  i Orléans i 1873, faren som var håndverker døde
tidlig, og Charles vokste opp hos mor og bestemor. Ingenting i hans bak-
grunn skulle tilsi den betydning han senere kom til å få. Han utmerket seg
tidlig med sine store evner, og det ble sørget for stipend som muliggjorde
studenteksamen og studier i Paris fra 1894. Alt i skoletiden ble han politisk
bevisst og engasjerte seg på venstresiden. Særlig tydelig kom hans politiske
engasjement til syne i Dreyfus- saken omkring århundreskiftet. Med all sin
polemiske kraft  gikk Péguy inn på Zolas og dreyfusardenes side. På denne
tiden grunnlegger han også et tidsskrift,” Cahiers de  la Quinzaine” (Fjorten
dagers heftet) som skulle komme til å bli utgitt helt til 1914.

I Cahiers de la Quinzaine  er hans intensjon å "si sannheten og om det så
er nødvendig å skrike den ut.” Péguy fyller spaltene med lange artikler av
sosial , sosial-etisk og politisk karakter. Han er polemisk, til dels hensynsløs
mot sin motstandere. Hans absolutte krav om sannhet og rettferdighet kommer fort i konflikt med en virkelighet mer preget av intrigespill og pragmatiske
løsninger enn av Péguys absolutte idealer. Karakteristisk er i så måte bruddet
med Jean Jaures, Péguys venn og nærmeste medarbeider i Dreyfus saken,
og som senere ble leder for sosialistpartiet. Péguy anklager han med urette
for å ha brutt med sine idealer og henfaller etter hvert til ren demagogi i
sin hatske utfall.

Péguys politiske og sosiale engasjement var brennende, men ville aldri
gitt han noe navn utover samtidens mange aktive mennesker. Grunnlaget
for at han får et navn som blir stående i historien er den store poetiske
produksjon han utviser de siste fem – seks årene av sitt liv. Disse verkene
er nesten uten  unntak religiøst, visjonære skrifter som springer ut av forfatterens
indre åndelige utvikling og ikke kan sees isolert fra denne.

Charles Péguys hadde som barn deltatt i katekesen i sognekirken og mottatt
første kommunionen som de fleste andre på den tiden. Som gymnasiast
og senere som sosialistisk agitator  skulle han imidlertid komme til å ta
sterk avstand fra fra alt som smaker av religion. I 1890 skriver han: ”11-12
års undervisning i den katolske tro har ikke etterlatt seg det minste spor.”
I ettertid skulle ingenting vise seg å være mer feil.
I 1908 skriver han så til vennen Joseph Lotte: ”Jeg har ikke sagt deg alt,
jeg har funnet igjen troen, jeg er katolikk.” Hvordan kan det ha seg at han
i løpet av denne tidene legger om sin åndelig kurs så totalt , hva fører til
denne dyptliggende og dyrekjøpte erkjennelsen ? Ytre sett er det uforståelig,
Péguys absolutte motstand mot all religion og klerikalisme i likhet med
mange av den tids intelektuell synes fasttømret, hans svigerfamilie inkludert
hustruen Charlotte støtter opp om dette med sin til dels aggressivt, antireligiøse
holdning. Charles ser i etterhånd dette som nådens verk, ikke minst som
et svar på Marias forbønn. Samtidig ser han det i mindre grad som en
konversjon enn som en utvikling og en fordypning av det som alltid dypest
sett hadde vært hans overbevisning. Péguy så ikke noe brudd i utviklingen
Fra et brennende sosialt-etisk engasjement til den katolske tro. Han forlot ikke
sine sosiale og politiske standpunkt. Men dette hadde sin pris og sin mørke
bakside. I datidens Frankrike var motsetningen mellom et borgerlig katolsk
miljø og de antiklerikale på venstresiden nærmest uoverstigelig. Péguys
dilemma er at han ikke føler seg akseptert i noen av leirene. Det er smertefullt
men på langt nær så smertefullt som den kampen som hele tiden pågår i
hans egen familie. Charlotte motstår alle forsøk på å la seg overtale til å
la hennes og Charles felles barn motta dåpens sakrament. Venn og forfatter-
kollega Jaques Maritain prøver å snakke med henne, men hun står urokkelig
på sitt standpunkt støttet av sine slektninger.

Til tross for eller kanskje inspirert av livets mange vanskeligheter utviser
Péguy nå en enorm skaperkraft. Det ene store verket følger det neste.I 1898
hadde han publisert et sosialistisk inspirert drama om Jeanne D`Arc. Han
omarbeider nå dette i tråd med sin gjenfunne katolske tro og utgir i 1910
”Mystère de la charite de Jeanne D`Arc." Året etter følger hans kanskje mest
kjente og leste verk  ”Le Porche du Mystère de la Deuxième Vertu” ( norsk
oversettelse: Forhallen til håpets mysterium.) Året etter skriver han så
”Mystère des Saints innocents” (norsk oversettelse:De uskyldige barns
mysterium) Innimellom publiserer han kortere skrifter og dikt, de viktigste
er vel hans dikt til  de store katedralene i Paris og Chartres.  Hans siste
store verk ”Eve” består av 1911 firelinjede strofer som skildrer menneskehetens
vei til frelse. Har arbeider i en rus av skaperkraft og skaper dette veldige verket
i Dantes tradisjon og nok inspirert av hans Guddommelige komedie. Men i
Péguys verk står hele tiden inkarnasjonen og korset sentralt.

Péguys verk er ikke umiddelbart lett tilgjengelig, hans prosalyriske stil
med endeløse gjentagelser og variasjoner over tema som dukker opp igjen
og igjen kan virke ugjennomtrengelig og søvndyssende. Han er heller
aldri blitt noen bestselger og har vel knapt fått den anerkjennelse som
han fortjener. Karakteristisk er i så måte forfatterkollega Francois Mauriacs
kommentar når han hører at Péguys verk skal oversettes til engelsk:” Kan
ikke noen oversette han til fransk ?” Men kanskje er dette feil, kanskje kan man ikke lese Péguy, kanskje må  man lytte til han på samme måte som man
lytter til musikk ? Det er blitt hevdet at hans verk har mer til felles med en symfoni enn med tradisjonell poetisk litteratur. Andre Gide  som vel ikke
kan beskyldes for å dele Péguys livssyn skriver til han i oktober 1911:”
Denne ”Forhallen til håpets mysterium ”  forbløffer meg kanskje enda mer   
enn mysteriet om kjærligheten. Jeg leste den i går kveld i ett strekk – slik
må man lese deg, alt annet må legges til side. Det var som om jeg satt ved
Orgelet og spilte en fuge av Bach.” Kanskje er dette det mest talende billede
Å lese Péguy er som å spille en fuge av Bach.

Men har så denne dikteren og polemikeren som døde for snart nitti år siden
Noe å si oss og vår tid, er han ikke på mange måter en anakronisme både
i form og innhold ? Naturligvis er Péguy et barn av sin tid, mye ved han virker fremmed og kan nok også by oss imot. Jeg tenker da særlig på hans ekstreme
franske patriotisme, han ser Frankrike nærmest som et av Gud utvalgt folk.
Hans hensynsløse polemikk og tendens til å komme i konflikt med venner
og samarbeidspartnere er heller ikke positive trekk. Går vi bak dette finner
vi imidlertid at hans mange artikler inneholder analyser som er forbausende
aktuelle. Han gikk til frontalangrep på det trehodete trollet: scientismen,
historievitenskapen og fremskrittsmyten. Han forkastet dermed moder-
nismens  tro på at vitenskapen kan gjøre uttømmelig rede for alle aspekt
ved virkeligheten. Han ser det farlige i den naive tro på fremskrittet som
vokser like inn i himmelen, han forutser  også som en av de få de totalitære
regimene som skulle komme til å dominere det tjuende århundrede. Samtidig
tar han til orde mot en Kirke som ikke lenger står på de fattiges side, men
tvert imot er borgerskapet og de rikes institusjon.

Det er noe grunnleggende og  sant menneskelig ved Charles Péguy. Hans
skrøpeligheter, hans vanskelige livsituasjon, hans sterke engasjement
så vel politisk som religiøst, hans visjoner og analyser utgjør en
menneskelig helhet som best kan forståes i det lys av det håp som nåden gir.
Charles Péguy – håpets dikter har jeg satt som overskrift og det er etter min
mening dette han er fremfor noe annet. Klarest ser vi dette i ” Forhallen
Til håpets mysterium”. Verket begynner med Guds presentasjon av ” De
tre dyder som jeg har skapt ” De kalles mine døtre, mine barn og troen
sammenlignes med  en trofast hustru, kjærligheten en mor, men ”Håpet er
En liten uanselig pike som kom til verden i fjor på juledagen.” Dermed
er hovedtemaet lagt, håpet som vel er den vanskeligste blant dydene,
Fortvilelsen er hele tiden den store fristelsen. Péguy vrir på Paulus ord
Ord ”størst blant dem er kjærligheten”, det er håpet som er øverst for "håpet
er barnet som fødes i Guds hjerte og  elsker det som skal bli i tiden   og for
Evigheten.” Håpet, denne lille uanselige piken spiller hovedrollen i dette
kosmiske dramaet. Man legger merke til at de tre dydene blir personifiserte
i feminine metaforer, det samme er tilfellet med natten som Péguy hyller
på slutten av verket. Som håpet har også natten en kvinnelig dimensjon som
henspiller på omsorg og hvile. Mellom linjene mer enn aner vi hans store
hengivenhet for jomfru Maria som også gjennomsyrer alle hans store verk

Håpet skulle også komme til å bære utover blodet, gjørmen og kruttrøyken
på slagmarken ved Marne. 16.august 1914 skriver Charles til en venn:
”Dersom jeg ikke vender  tilbake, må dere gå en gang i året til Chartres
for meg.” Dette skulle vise seg å bli mer en from frase. Hans venner og
familie skulle etter hvert få følge av mange på denne vandringen fra Paris
til Chartres. Etter andre verdenskrig var det mange tusener som hvert år i
juni la ut på denne vandringen i Charles Péguys fotspor og inspirert av
hans tanker og hans liv.

Den fjerde februar 1915, et halvt år etter Charles død på slagmarken fødes
hans fjerde sønn. Kona Charlotte Péguy som så standhaftig hadde
kjempet mot troen og barnas dåp, blir et par år etter tatt opp i Kirkens
fellesskap sammen med sine barn. Charles ville nok uten tvil sett på dette
som et tegn på nådens virke, Marias vedvarende forbønn og det håp som
hans liv og skrifter skulle bli et så sterkt vitnesbyrd om.








Paul Claudels påskenatt i Clervaux

Den fransk forfattaren Paul Claudel feira påskeveka 1934 hos benediktinarmunkane i Abbaye Saint-Maurice-et-Saint Maur de Clervaux. Han skildrar påskenatt der i eit langt dikt med tittelen " La nuit de Paques" (Påskenatt), og 44 år seinare opplever vi og noko av det han prøver å uttrykkja i dette diktet. Eg har omsette dei mest sentrale versa i diktet.

"Gjennom vindauga utan gardiner, har eg alt lenge sett ei lita stjerne skina mot meg.
Eg søv ikkje for mellom påskeafta og påskedag er ikkje natta meint for søvn.

Fjella og skogane ventar, dei omgjev meg som ei lysfylt utstråling
Fullmånen stig opp litt etter litt, og viser fram sitt fromme andlet.

Fullmånen urørleg, stråler  fram midt i æva
Lukkelege natt som sjølv kjenner timen då Jesus stod opp.

Vi ser ikkje når noko skjer før det alt er skjedd.
Vi innser i ein augneblink at Herren er oppstanden.
......................

Og brått i skinet frå månen klokkene som i ein stor klase i klokketårnet.
Klokkene som sjølv midt i nattemørkret tek til å slå.

Ein forstår ikkje kva dei seier, dei taler berre til trua.
Det som hindrar dei i å tala, det er kjærleiken, heile gledas overrasking.
.........................

De som søv, ver ikkje redde, for det er sant at eg har vunne over døden.
Eg var død og er oppstaden i mi sjel og i min kropp.

Kvinner, kva søkjer de i grava ? Men nei! de har ikkje lenger noko med dette å gjera.
Likkleda er rulla saman i eit hjørne, Jesus lever, han er ikkje lenger her.

Sjela mi i si ferd mot grava vert reve laus med eit overveldande smil.
Eg og har vunne over døden og eg trur på min frelsar Jesus.

Midt i klosteret, heilt åleine tenkjer han seg om den vakande, litt etter litt fell han til ro skjelvande.
Det er tid for at alle kyrkjene der nede svarar under den oppstigande sola.

Dei vaknar den eine etter den andre, eg høyrer dei i natta spørjande.
For kvar stjerne som sløkkes vaknar ein av dei truande."



Poetica:Påskenatt


             Påskenatt


Linkleda sirleg samanrulla

med hovudduken for seg

angen av myrra og aloe

Nikodemus i løynd

Maria enno forvirra og gråtande

har gartnaren bore han bort ?

men Peter ser og forstår

når dei titusen små lysa

tennest frå det eine store

og vi ser som gjennom eit nytt landskap

skysøyla -  eit lysande mørkre

om vi ikkje hadde sett

men likevel ville tru

Rabbuni  - Meister !


 
Antifon til vesper påskedag: Jesus sa:Frykt ikke ! Gå og si til mine brødre at de skal dra til Galilea;der skal de se meg. Halleluja !