"Hvert menneske er summen av en far og en mor. Man kan la være å annerkjenne dem, la være å elske dem, man kan tvile på dem.Men de er der, med sine ansikter, holdninger, manerer og manier, illusjoner og håp, formen på hender og tær, fargen på øyne og hår, måten å snakke på , sine tanker, sannsynligvis også med hvor gamle de var da de døde. Alt dette er gått over i oss.
Lenge drømte jeg at min mor var svart. Da jeg kom tilbake fra Afrika, diktet jeg meg en historie, en fortid, for å flykte fra virkeligheten. I dette landet, i denne byen der jeg ikke kjente noen, der jeg var blitt en fremmed. Da min far ved oppnådd pensjonsalder kom tilbake til Frankrike for å gjenoppta livet sammen med oss, oppdaget jeg at det var han som var afrikaneren. Det var vanskelig å erkjenne det. Jeg ble nødt til å gå tilbake i tiden, begynne fra begynnelsen igjen, prøve å forstå. Til minne om dette skrev jeg denne lille boken."
Slik innleiar J.M.G Le Clezio boka "Afrikaneren" med undertittelen "Portrett av en far". Boka er liten i omfang med likevel stor i innhald. Le Clezio er etterkvart annerkjent som ein av vår tids store forfattarar og ikkje ufortent fekk han nobelprisen i 2008." Afrikaneren" er som undertittelen antydar ei sterkt personleg bok om forfattarens oppvekst og forholdet til faren som i årevis arbeidde som lege i Kamerun. Le Clezio er fødd i Nice i 1940 men krigen gjorde at faren vart skild frå familien og først i 1948 såg han familien igjen. Då var han ein framand for sonen, fjern og autoritær. Han lærte aldri faren å kjenna og ein gjer vel heller aldri det når ein ikkje har dei første åtte åra felles. Han prøver å forstå faren, hans sterke pliktkjensle og hans store medkjensle med afrikanarane. Hans eigen erfaring frå Afrika hjelper eit stykke på veg, ikkje minst dei sterkt sanselege barndomsopplevingane etter at familien var samla i Kamerun igjen.Slik blir dette også ei bok om forfattaren sjølv, og om korleis farens Afrika også kjem til å setta sitt preg på hans liv. Minne frå barndomen men " det er også minne om tiden før jeg ble født, da far og mor vandret sammen på veiene i høylandet , i kongedømmene i Øst-Kamerun." Fjernt men også underleg nært. " En enkel skillevegg, tynn som et speil, skiller dagens verden fra gårsdagens" skriv han mot slutten av boka.
Ei poetisk bok , ei bok til å bli klok av og til å forstå litt av korleis vi blir forma av barndomen, av våre foreldre og av deira erfaringar.
torsdag 25. august 2011
onsdag 24. august 2011
Praha
Praha i august. Ein moderne europeisk storby, men fortida er sterkare tilstades enn dei fleste andre stadar. Meir enn tusen års historie, ei mengde historiske bygningar: slott, borger, tårn, kyrkjer , bruer. Og tilsvarande historiske årstall, merkeleg nok ender dei stort sett på 8, 1618, 1748, 1918, 1938, 1948 og som mange minnes 1968. Prahavåren som brått tok slutt då Warzawapakta okkuperte Tsjekkoslovakia 21.august dette året. Vi går frå det storslåtte Strahov klosteret nedover gjennom Petrin parken mot gamlebyen.
I utkanten av Petrin parken er det eit minnesmerke som vart avduka i 2002." Monument over kommunismens ofre." Historien blir nær, fridomen er ikkje noko som er sjølvsagt.
Karlsbrua( Karluv most) som fører over Vltava frå Mala Strana til Gamlebyen er kanskje Prahas mest kjente monument. Tek ein til venstre etter å ha gått over brua kjem ein til Det jødiske kvarteret. Ein gong ein getto, men på 1800 talet ein del av Praha med eit levande jødisk samfunn. I dag er her knapt jødar igjen, dette er eit museum, eit minnesmerke over ein kultur som er blitt borte frå Europa. Den gamle jødiske gravplassen, navna til alle holocaust-offera på veggene i Pinkas synagogen, barneteikningane frå Theresienstadt, alt vitnar om det grufulle som bare ligg knappe 70 år tilbake i tida.
Tilbake i notida: bytorget er varmt og tett med folk, det astronomiske uret i rådhuset markerar kvar time og Vltava flyt tidlaus og stille gjennom byen.
I utkanten av Petrin parken er det eit minnesmerke som vart avduka i 2002." Monument over kommunismens ofre." Historien blir nær, fridomen er ikkje noko som er sjølvsagt.
Karlsbrua( Karluv most) som fører over Vltava frå Mala Strana til Gamlebyen er kanskje Prahas mest kjente monument. Tek ein til venstre etter å ha gått over brua kjem ein til Det jødiske kvarteret. Ein gong ein getto, men på 1800 talet ein del av Praha med eit levande jødisk samfunn. I dag er her knapt jødar igjen, dette er eit museum, eit minnesmerke over ein kultur som er blitt borte frå Europa. Den gamle jødiske gravplassen, navna til alle holocaust-offera på veggene i Pinkas synagogen, barneteikningane frå Theresienstadt, alt vitnar om det grufulle som bare ligg knappe 70 år tilbake i tida.
Tilbake i notida: bytorget er varmt og tett med folk, det astronomiske uret i rådhuset markerar kvar time og Vltava flyt tidlaus og stille gjennom byen.
søndag 14. august 2011
My hometown
I was eight years old and running with a dime in my hand
Into the bus stop to pick up a paper for my old man
I'd sit on his lap in that big old Buick and steer as we drove through town
He'd tousle my hair and say son take a good look around this is your hometown
This is your hometown
This is your hometown
This is your hometown
In '65 tension was running high at my high school
There was a lot of fights between the black and white
There was nothing you could do
Two cars at a light on a Saturday night in the back seat there was a gun
Words were passed in a shotgun blast
Troubled times had come to my hometown
My hometown
My hometown
My hometown
Now Main Street's whitewashed windows and vacant stores
Seems like there ain't nobody wants to come down here no more
They're closing down the textile mill across the railroad tracks
Foreman says these jobs are going boys and they ain't coming back to your hometown
Your hometown
Your hometown
Your hometown
Last night me and Kate we laid in bed
talking about getting out
Packing up our bags maybe heading south
I'm thirty-five we got a boy of our own now
Last night I sat him up behind the wheel and said son take a good look around
This is your hometown
Som for mange andre er Bruce Springsteen ein favoritt, særleg albuma "The River " fra 1980 og " Born in the USA" fra 1984 , men også dei to siste " Magic " og " Working on a dream".
I tekstane hans finn eg ein varme og djup medkjensle for dei i det amerikanske samfunnet som aldri nådde opp til " The american dream". Eller alle dei som opplevde at draumen rakna då den lokale industrien gjekk konkurs og dei stod på bar bakke utan jobb og inntekt. Gang etter gang framhevar han og det fine i å høyra til i ein familie, i eit lokal samfunn som teksten eg har gjeve att ovanfor " My hometown" er eit godt eksempel på. Og han har definitivt ikkje tapt seg med åra, " Magic" og "Working on a dream" er prov på det.
http://www.youtube.com/watch?v=77gKSp8WoRg&ob=av2e
lørdag 6. august 2011
Forklåringa på berget
6.august er minnedagen for Forklåringa på berget som vi les om i Matteus 9.1-13
Etter tradisjonen skjedde dette på berget Tabor. Denne hendinga står særleg sterkt i dei austlege kyrkjene og for dei ortodokse er 6.august ein viktig høgtidsdag. Det er ikkje minst uttrykt i ikonkunsten som eg har teke med eit døme på under. Men også den vestelege kyrkja har denne dagen med i sine tidebøner.
Antifon til vesper: Jesus tok med seg Peter,Jakob og hans bror Johannes og førte dem avsides opp på et høyt fjell.Der ble hans skikkelse forvandlet for deres øyne.
Antifon til Magnificat: Da disiplene hørte røsten, kastet de seg redselsslagne ned med ansiktet mot jorden.Men Jesus gikk hen til dem og rørte ved dem, i det han sa: Reis dere, og frykt ikke. Halleluja.
Etter tradisjonen skjedde dette på berget Tabor. Denne hendinga står særleg sterkt i dei austlege kyrkjene og for dei ortodokse er 6.august ein viktig høgtidsdag. Det er ikkje minst uttrykt i ikonkunsten som eg har teke med eit døme på under. Men også den vestelege kyrkja har denne dagen med i sine tidebøner.
Antifon til vesper: Jesus tok med seg Peter,Jakob og hans bror Johannes og førte dem avsides opp på et høyt fjell.Der ble hans skikkelse forvandlet for deres øyne.
Antifon til Magnificat: Da disiplene hørte røsten, kastet de seg redselsslagne ned med ansiktet mot jorden.Men Jesus gikk hen til dem og rørte ved dem, i det han sa: Reis dere, og frykt ikke. Halleluja.
torsdag 4. august 2011
Bøkeskoglandet
Den jødiske, tysktalande lyrikaren Rose Ausländer vart fødd i bøkeskoglandet, Bukovina i 1901 og døydde i Tyskland i 1988. Då ho vart fødd lågt Bukovina aust i dobbeltmonarkiet Østerike-Ungarn, seinare bytte området herskarar fleire gonger og ligg no i Ukraina. Bukovina er Rose Ausländers ”grønne mor” som ho stadig vender tilbake til i dikting si . Bukovina er bøkeskoglandet ved Karpatene og elva Prut, det er og eit land med legender, eventyr, song og mystikk. Og ikkje minst var det eit heterogent ” firespråksland”, her vart det før krigen tala tysk, jiddisch, rumensk og russisk, kanskje også hebraisk og ungarsk.
Rose Ausländer frydar seg over barndomen i dette multikulturelle samfunnet ,og seinare lengtar ho tilbake i diktinga si men då er Bukovina tapt for alltid . Bukovina og hovudstaden Czernowitz var sentrum for ein rik jødisk kultur, ikkje minst den jødiske mystikken, kabbalismen, blømde her og Bukovina hadde mange vismenn og mirakelrabbinnarar. I 1941 var det slutt, då vart jødane deportert og utrydda av ”mesteren fra Tyskland ” som ein annan diktar frå dette landet skriv, nemleg Paul Celan. Paul Celan betydde mykje for Rose Ausländer og sjølvmordet hans i 1970 var eit stort sjokk for henne
Rose Ausländer levde i eksil det meste av livet, dels i USA , dels i Europa. Ho var ein nomade som aldri slo seg nede, men levde uavbrote på reisefot. Men ho skreiv heile tida, ein straum av poesi. Ein poesi som minnar om det tapte, det amputerte Europa og som samstundes hyllar eit samfunn der menneske med ulike kulturar og språk lever fredeleg saman . Diktet ”Bukovina” er eit døme på det:
”Grønne mor
Bukovina
Sommerfugler i håret
Drikk
sier solen
rød melonmelk
hvit maismelk
jeg har gjort den søt
Fiolette grankongler
luftvinger fugler og løv
Karpaterryggen
Innbyr deg
faderlig
til å bli båret
Fire språk
firespråkssanger
Mennesker
som forstår hverandre.”
mandag 1. august 2011
Poetica:Roseskipet
Roseskipet.
Novembernatt i juli
mørkare enn det vi nokon gong
hadde kunna førestilla oss
tettare enn dei regntunge skyene
som utan hensyn løyner for lyset
og sommardagen
vassflata piska av regnbyger og meiningsløyse
vi kunne stått der ved vassbredda
stirrande og angstslegne
vi kunne bøygd oss i sanden
lamma og hatefulle
men nokon reiste seg
reiste seg og strekte kjølen til eit fartøy
eit solskip som ber over angstbølgjene
eit skip som kan kryssa vonløysesjøen
eit roseskip
med segl av tårer og kjærlege ord
med ror av hender som grip mot hender.
Abonner på:
Innlegg (Atom)