Den store amerikanske poeten Robert Bly døydde sist søndag 21. november i heimen sin i Minnesota. Han vil om kort tid ha fylt 95 år. Han hadde norske anar(Hardanger der navnet kjem frå Bleie -Bly og Trøndelag) Han oppheld seg fleire år i Norge og hadde nær kontakt med litterære miljø både her til lands og i Sverige. Både Olav H.Hauge og Tomas Transtrømer var hans vener og dei omsette hans dikt og han deira dikt. Han omsette og både Knut Hamsun og Rolf Jacobsen. Han debuterte i 1962 med "Silence in the snowy Fields" og var nok primært poet, men har skreiv også essay og fagbøker. "Iron John" er ein analyse av maskuliniteten og fekk mykje omtale. Robert Bly var samfunnsengasjert og på 1960 talet var han aktiv i protestane mot Vietnam-krigen.
Han var ein stor poet og minneord har det vore både i amerikanske , engelske og norske aviser. Eg fekk tilsendt omtalen i Minnesota StarTribune og vart slik klar over at han var død.
På veg mot Lac Qui Parle-elvi
I
Eg køyrer bil;det skymest;Minnesota.
Stubbåkeren fangar siste solroden.
Soyabaunone andar på alle sidor.
Gamle menner sit på bilsete utfor husi sine
i landsbyane. Eg er lukkeleg,
månen ris yver kalkunskuri.
II
Bilen sin vesle verd
sturtar gjennom nattlandet
på vegen frå Wilmar til Milan.
Denne einsemdi med stål kringum seg
stryk gjennom nattlandet
gjennomstunge av sirissor.
III
Brått, nær Milan, ei liti bru,
og vatn på kne i måneljoset.
I småbyane er husi bygde rett på marki,
lampeljoset fell på alle fire i graset.
Då eg når elvi, er ho tekt av fullmåne.
Folk talar lågt i ein båt.
(Olav H. Hauge si gjendikting)
Gratitude To Old Teachers
When we stride or stroll across the frozen lake,
We place our feet where they have never been
We walk upon the unwalked. But we are uneasy.
Who is down there but our old teachers ?
Water that once could take no human weight -
We were students then - holds up our feet,
And goes on ahead of us for a mile.
Beneath us the teachers, and around us
the stillness.