søndag 2. mai 2021

Den heilage Josef handverkaren

 1.mai er minnedag for Den heilage  Josef handverkaren. Dette er ein relativt ny minnedag, proklamert av pave Pius XII i 1955. Intensjonen var nok å få ein religiøs motvekt til  kommunismens feiring denne dagen. Tidlegare hadde Josef vorte markert i fastetida. Ein kultus omkring Marias ektemann og Jesu fosterfar vaks fram på 400 talet og han vart utover Mellomalderen ein populær helgen. Han er mellom anna  skytshelgen for ei rekkje handverk, for familiar og ektefeller og for døyandre. I 1870 vart han av pave Pius IX utnemd  til Vernehelgen for Den universelle kyrkja.

I karmelittordenene har han alltid hatt ein sentral plass, Den heilage Teresa av Avila  gav det første klosteret i den reformerte ordensgreina navn etter han og ho oppfordra sterkt til ein kultus rundt den heilage Josef.

I den heilage familien, Jesus, Maria og Josef er han vel den mest anonyme og ukjente. Det er lite konkret i evangelia om han, men mange apokryfe forteljingar og legendar. Det er hovudsakleg Matteus som skriv om Josef. Han skal ha vore ein mann av Davids ætt. Matteus byrjar med Jesus ættetavle som går frå Abraham til Josef. Så følgjer den sentrale teksten  der Josef blir klar over at Maria er med barn. Han er "ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille."  Så følgjer dei snetrale versa der ein engel syner seg for han i draume og erklærar at "barnet som er avla i henne , er av Den heilage Ande." Josef viser seg så som ein modig og lydig mann som gjer det Herresn engel sa til han!


Bøn til den heilage Josef  frå Karmels tradisjon:


"Hellige Josef, vår Far!

Du har aldri sviktet dem

som ber om din hjelp og forbønn.

Som vår hellige mor Teresa

tar vi vår tilflukt til deg.

Du var Frelserens faderlige beskytter her på jorden,

og Han lytter til dine bønner i himmelen.

Gjenom Ham har du makt til å hjelpe oss

og det som synes umulig kan du gjøre mulig.

Vi ber om din faderlige omsorg,

at du skal sørge for oss

og gi oss alt vi trenger. Amen.

Jesus, Maria og Josef!

Vi overgir alt i deres hender."


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar