Tre
favorittar.
Norges
første kvinnelege ………
1.Lækjar: Maria Spångberg (1865 – 1942) tok som
første kvinne medisinsk embetseksamen i Norge i 1893. Norge var seint ute med å
gje kvinner rett til høgare utdanning, likevel møtte ho stor motstand både frå
mannlege kollegaer og professorar ved Det medisinske fakultetet i Kristiania.
Marie Spångberg måtte reisa til Tyskland for vidareutdanning i fødselshjelp og
kvinnesjukdomar. Ho dreiv eigen praksis
i Kristiania frå 1895, men som mange kvinner på hennar tid opplevde ho at
mannens karriere, han var forskar og augnelækjar, vart prioritert.
2 Professor: Kristine Bonnevie ( 1872 – 1948) vart i 1912 utnemd til Norges første kvinnelege professor, ei stilling ho hadde fram til 1937. Ho var biolog, og tok doktorgraden på ei avhandling om kimceller i 1906. Ho var aktiv som forskar innan cellebiologi, fosterutvikling og ikkje minst genetikk heile livet. Ved sida av sin akademiske karriere arbeidde ho for kvinners rettar og var politisk aktiv i Frisinnede Venstre. Ho sat i Kristiania bystyre og var vararepresentant til Stortinget.
3. Stortingsrepresentant: Anna Rogstad ( 1854 – 1938)
møtte som første kvinne på Stortinget i 1911, ho var representant for
Frisinnede Venstre i valgsamarbeid med Høgre. Anna Rogstad var utdanna lærar,
og var heile livet samfunnsengasjert. Ho var med på å stifta Norsk
kvinnesaksforening i 1884, og var sentral i arbeidet for kvinneleg stemmerett.
Som stortingspolitikar var ho engasjert i så vel forsvar og utdanning som
kultur- og likestillingsspørsmål.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar